KRJT: Hol's Eight til topps Skriv ut
Skrive av administrator   
torsdag 26. desember 2013 18:08

Hol's Eight vant Kjetil Rekdals Juleturnering 2013 etter å ha slått heimefavorittane Vestnes Futsal (bildet) 4-3 i finalen. Vinnarlaget med mellom andre Sander Svendsen (MFK), Jonas Rønningen og Simon Tomren (KBK) på laget gjekk opp i leiinga 3-1 mot Tommy Kanishi Andreassen og co, men Vestnes-laget kom tilbake og utlikna til 3-3. Like før slutt vart finalen avgjort etter eit frispark frå Eirik Hestad (MFK). Som vanleg var det mykje folk i hallen og til tider høg kvalitet på det som vart vist ute på parketten. Vinnar dei to siste åra, Reirgjenga med Magnus Wolff Eikrem på laget, stilte ikkje. Eikrem er opptatt med seriespel i Herenveen. Elles deltok Emil Dahle (no Stabæk) på eitt av laga. Even Heggdal frå Søre Luton vart toppskårar med åtte mål. Videoar i VarfjellTV her

Sist oppdatert måndag 30. desember 2013 21:37