Tap i jamnspelt siste test før seriestart Skriv ut
Skrive av administrator   
søndag 08. august 2021 19:16

Vestnes Varfjell - Molde 3 1-3 (1-2) Kaptein Ørjan Tangen sendte heimelaget i føringa då han var sist på ein corner etter 20 minutt. Molde 3 kom sterkt før pause og utlikna på eit fint skot og tok leiinga etter fint kombinasjonsspel og avslutning frå kloss hald. 3-1 kom på ei heading i andre omgang. Vestnes Varfjell hadde sjansar til å skåre fleire mål, men det vart berre nesten. Kampen vart elles prega av mange bytter og endring av formasjonar.  Videoar i VarfjellTV (sjå opptak frå begge omgangar i margen til høgre).

 

Kampfakta:

Vestnes Varfjell - Molde FK 3. lag 1-3 (1-2)

1-0 (25) Ørjan Tangen

1-1 (40)

1-2 (43)

1-3 (75)

Treningskamp, søndag 8. august 2021 kl 15

Vestnes idrettspark, 50 tilskuarar

Laget: Owen Connor; Liam Connor (Cédrik Andreassen 67,), Ørjan Tangen (k), Ole Håkon Heen Lien (Svein Erik Lange Male 25.) - Lars Helge Lien (Tor Bjarne Salte 67.), Oliver Søreng, Vegard Ellingseter (Magnus Nerheim 46,), Airidas Skirgaila (Juan Larsen 83.) - Eirik Tomren, Elling Olafsen (Lars Håvard Heen Lien 85.), Vegar Skare (Vegard Ellingseter 67.)

Sist oppdatert søndag 08. august 2021 22:43