Møter Molde 3 i siste treningskamp Skriv ut
Skrive av administrator   
tysdag 03. august 2021 10:45

Vestnes Varfjell skal denne veka spele to treningskampar til før alvoret tar til i 4. divisjon. Først er den avtalte kampen mot Norborg/Brattvåg 2 (4. divisjon Sunnmøre) som no er flytta frå fredag til torsdag. Avspark  i Uggedalen er klokka 18.30. Vidare kjem Molde 3, som var eit av topplaga i 5. divisjon i 2019, på besøk søndag. Avspark i Vestnes idrettspark blir klokka 14 eller 15. Dette blir dermed generalprøven før seriestarten heime mot Kristiansund BK 2 søndag 15. august klokka 14.

Sist oppdatert tysdag 03. august 2021 10:58