Møter Elnesvågen fredag kl 19 Skriv ut
Skrive av administrator   
torsdag 20. juni 2019 21:54

Elnesvågen er gjestar i Vestnes idrettspark fredag kveld. Etter ein god periode har det blitt to strake tap på heimelaget som no bør vere sugne på tre nye poeng. Det er nok også gjestane, som ligg sist utan seier, men har tatt poeng i tøffe bortekampar mot både Åndalsnes og Midsund. Laga møttest seinast i ein treningskamp i vinter, og då vann Vestnes Varfjell 3-0. Møt opp til det som er siste heimekamp før ferien.