Heimetap mot Surnadal |
![]() |
Skrive av administrator | |||
søndag 26. mai 2019 19:15 | |||
I andre omgang starta Vestnes Varfjell best, og Stavem kom nærme med eit frispark som endte i corner. Varfjell ropte også på hands i feltet, men ingen straffe. I staden fekk laget 0-2 imot etter eit balltap der ein Surnadal-spelar kom aleine med keeper. Etter dette hadde bortelaget god kontroll sjølv om Varfjell greide å skape eit litte trykk. Kanishi, som sleit med skade gjennom kampen, kom nærme, men kom for skrått på og skotforsøka gjekk utanfor eller vart stoppa av keeper. På overtid hadde Vegar Skare ein ball i nota, men då var det alt blåst. - Me var ovverraskande tafatte idag. Surnadal var først i alle situasjonar og me kom kom aldri skikkeleg i gang. Og då me byrja å komme litt inn i det, så skåra dei 0-2-målet dessverre, seier Alexander Connor etter kampen. Neste kamp er borte mot Averøykameratene. Sjå heile kampen i VarfjellTV (opptak av direktestreaming ved Asbjørn Vik). KAMPFAKTA: Vestnes Varfjell - Surnadal 0-2 (0-1) 4. divisjon Nordmøre/Romsdal, søndag 25. mai 2019 kl 14 Vestnes idrettspark, 100 tilskuarar Mål: 0-1 (33) Stein Todalshaug 0-2 (56) Petros Simon Bokre Dommar: Roe Vidar Lien, Malmefjorden Ingen kort Vestnes Varfjell (4-3-3): Fredrik Bergslid; Håkon Kjørvik, Svein Erik Lange Male (Liam Connor 86.), Ørjan Tangen, Magnus Nerheim - Amund Stavem, Nirut Mjøs, Vegar Skare - Jarle Løvik Salte (Vegard Ellingseter 46.), Tommy Kanishi Andreassen, Juan Rikard Larsen (Knut Stian Eik 60.)
|
|||
Sist oppdatert søndag 26. mai 2019 20:23 |