Senka KFK med kontringsstyrke og god keepervikar |
![]() |
Skrive av administrator | |||
fredag 03. mai 2019 20:05 | |||
Det vart ein kamp der gjestane styrte mykje av spelet, men der Vestnes Varfjell var livsfarleg på kontringar. Det første målet kom etter ei slik. Amund Stavem sendte igjennom Tommy Kanishi som sette ballen til side for keeper. KFK utlikna på direkten på det som såg ut som eit innlegg som gjekk rett i mål. Linjedommaren var oppe med flagget for det som såg ut som ein spelar i offsideposisjon som uroa keeper, men dommaren dømte mål. 1-1 sto seg til pause. Rett etter kvilen var Ørjan Tangen frampå etter eit frispark frå Amund Stavem, og det sto 2-1. 3-1 kom etter eit mønsterangrep der Kanishi la tilbake til Stavem som plasserte ballen forbi keeper. Varfjell ville også ha straffe i 2. omgang då Stavem vart felt, men dommaren meinte frispark på 16-meterstreken burde halde. Gjestane kjempa på for å komme tilbake i kampen, men forsvaret med Svein Erik Lange Male i spissen og ein god keepervikar i veteranen Erling Magne Slemmen heldt unna den siste halvtimen pluss seks tilleggsminutt. Nærast var Jan Roger Angvik, men Magnus Nerheim fekk rydda unna i siste liten då ballen var på veg inn ved stolpen, Kampen utarta litt på slutten med mange frispark og gule kort til slitne spelarar på begge lag. Snøværet i det siste skapte ingen problem og 45 tilskuarar fekk sjå ein spennande kamp i denne kjølige mai-kvelden. Kay Connor debuterte på A-laget då han kom innpå på slutten. Neste kamp er borte mot Eide. Laget: Slemmen; Kjørvik, Tangen, Male, Nerheim (Eik) - Stavem, Mjøs, Ellingseter - Larsen (K Connor), Kanishi, Skare
|
|||
Sist oppdatert fredag 03. mai 2019 23:21 |