Møter Midsund borte fredag Skriv ut
Skrive av administrator   
fredag 26. april 2019 11:20

Vestnes Varfjell tek turen til Otrøya for å møte Midsund i årets første bortekamp fredag kveld. Begge lag vann i serieopninga, Midsund med imponerande 4-2 borte mot Tomrefjord. Erik Brakstad, som mellom anna har trent Molde mot Real Madrid i Champions League, er ny trenar for Midsund. Laget er også er forsterka med Emil Sjøvik som har returnert frå Træff og målvakt Hermann Ræstad frå Molde. Den gamle storskåraren John Arne Øien er også med for fullt. For Vestnes Varfjell er Vegar Skare ute grunna jobb, medan Elling Olafsen er i troppen sjølv om han måtte ut tidleg med skade sist. Også Knut Stian Eik er tilbake i troppen. I fjor vart det tap i tilsvarande kamp som vart prega av regn og overvatn. Det blir det ikkje i kveld. Det er meldt sol og 18 varmegrader og truleg strøken grasmatte. Kampen blir oppdatert på Twitter.

Sist oppdatert fredag 26. april 2019 11:30