Seier i første treningskamp Skriv ut
Skrive av administrator   
laurdag 02. mars 2019 11:33

Vestnes Varfjell vann 4-0 mot Måndalen i årets første treningskamp. Håkon Kjørvik og Tommy Kanishi sendte heimelaget i ei tidleg føring, men så heldt naboen frå 6. divisjon tett heilt til 20 min sto att å spele. Mål av Vegar Skare og Juan Rikard Larsen sørga for 4-0-seier. Nirut Mjøs spelte sin første kamp etter «kvileåret» i fjor, og blir ei solid forsterkning. Også Vegard Ellingseter var tilbake frå skaden som sette han ut i haustsesongen, medan fleire mangla grunna skader og sjukdom.

Trenar Alexander Connor seier vinteren har vore prega av litt vanskelege treningsforhold, men at laget skal nytte tida godt fram mot seriestart. Neste kamp er mot Åndalsnes torsdag, også det i Vestnes idrettspark. Kvass/Ulvungen, som skulle vere motstandar fredag, kjem i staden seinare.

KAMPFAKTA

Vestnes Varfjell - Måndalen 4-0 (2-0)

Treningskamp, fredag 1. mars 2019 kl 19

Vestnes idrettspark, 15 tilskuarar

Mål:

1-0 (10) Håkon Kjørvik

2-0 (12) Tommy Kanishi Andreassen

3-0 (69) Vegar Skare

4-0 (80) Juan Rikard Larsen

Dommar: Tomren, Tomrefjord

Laget: Fredrik Bergslid (Lars Håvard Heen Lien 46.), Magnus Nerheim, Svein Erik Lange Male, Vegard Ellingseter, Håkon Kjørvik - Amund Stavem, Tommy Kanishi Andreassen, Nirut Mjøs, Jonas Lervik (Vegar Skare 46.), Knut Stian Eik (Arjan Sylte 65.) - Elling Olafsen (Juan Rikard Larsen 65.)

Sist oppdatert laurdag 02. mars 2019 15:16