3 mål: Mjøs
(KFK - Vestnes Varfjell 5-7) Utslitte uttrykk som "lekk i begge endar" og "ishokey-sifre) fekk ny meining då Vestnes Varfjell møtte Kristiansund FK laurdag. 7-5 sto det til slutt etter at innbyttar Nirut Mjøs vart den store helten med tre mål og hattrick i andre omgang. - For dårleg defensivt, men det heldt heldigvis til seier, seier spelande trenar Alexander Connor til varfjell.no om kampen.
Videoar finn du her >>
Heimelaget starta best på Atlanten stadion, men det var Vestnes Varfjell som skåra først. Etter eit kvarter sette Tommy Kanishi Andreassen inn 1-0 på ei kontring.
KFK mål av Ronny Svanemsli
|
KFK mål av Ronny Svanemsli
|
KFK mål av Ronny Svanemsli
|
Elling Olafsen scora mot KFK
|
Svein E Gregersen scora for KFK
|
Ronny Leikarnes scora
|
Dennis Thordarson scora for KFK
|
Nirut Mjøs scora mot KFK Varfjell vant 7 - 5
|
Nirut Mjøs scora mot KFK Varfjell vant 7 - 5
|
Nirut Mjøs scora mot KFK.Varfjell vant 7 - 5
|
Jørgen Gravdehaug scora mot KFK
|
|
Vestnes Varfjell spelte seg etter kvart inn i kampen og fem minutt før pause kom utlikninga. Ronny Leikarnes vart felt av keeper etter ein retur, men ballen hamna hos Elling Olafsen som sette inn 2-2. Omgangen var likevel ikkje over med dette. Rett før pause heada KFK inn 3-2 på ei passiv Varfjell-målvakt som trudde ballen skulle gå utanfor.
KFK starta best også i andre omgang og før to minutt var spelt stod det 4-2 på eit frispark i keeperhjørnet. Like etter slo Vestnes Varfjell tilbake. Ronny Leikarnes sette ballen i ope mål etter forarbeid av Kanishi Andreassen. Så var det innbyttar Nirut Mjøs sin tur til å vise seg fram. Timen var spelt då han utlikna til 4-4 etter eit innlegg frå Kanishi der Leikarnes først bomma. Fire minutt etterpå heada samme mann inn 5-4 etter eit nytt mønsterangrep og innlegg frå sida frå Leikarnes. Så utlikna KFK til 5-5 etter meir usikkert keeperspel.
Heldigvis vart ikkje det ikkje avgjerande, for Nirut Mjøs var ikkje ferdig og skåra 6-5 på eit skot etter nytt innlegg frå Leikarnes. Like etterpå tremålsskåraren skada i kneet, men truleg er det ikkje alvorleg. Heilt på slutten sette Jørgen Gravdehaug punktum. Teknikaren dribla av det som var og sette inn 7-5.
- Ein open kamp med mange sjansar, der me er best i andre omgang og vinn fortent. Det kunne vore fleire mål, men 7-5 fekk vere nok, oppsummerer oppmann Einar Helge Brennvik.
KFK har toppskåraren i 4. divisjon i Ronny Svanemsli. I løpet av to minutt sendte han vertane i føringa 2-1.
KFK skriv om kampen at dei fekk problem i forsvar etter at veteranen Frode Byttingsvik måtte ut med skade midtvegs. Den eine tomålsskåraren, Svein Erik Gregersen, trente forøvrig med Vestnes Varfjell ein periode i sommar.
KFK om kampen >>
Livdekning >>
Kampfakta:
KFK - Vestnes Varfjell 5-7
Pause: 3-2
4. divisjon Nordmøre/Romsdal
Laurdag 4. oktober 2008 kl 15.00
Atlanten stadion
10 tilskuarar
Mål:
0-1 (15) Tommy Kanishi Andreassen
1-1 (28) Ronny Svanemsli
2-1 (29) Svanemsli
2-2 (39) Elling Olafsen
3-2 (44) Svein Erik Gregersen
4-2 (47) Gregersen
4-3 (51) Ronny Leikarnes
4-4 (60) Nirut Mjøs
4-5 (64) Mjøs
5-5 (65) Dennis Thordarson
5-6 (78) Mjøs
5-7 (90) Jørgen Gravdehaug
Dommar: Eivind Solnørdal, MFK
Vestnes Varfjell (4-4-2/4-3-3): Marius Sivertsen; Simen Brennvik, Yngve Solevågseide, Ørjan Tangen, Martin Lange Sylte (Nirut Mjøs 46. (Sondre Akselsen 80)) - Tommy Kanishi Andreassen, Alexander Connor, Jørgen Gravdehaug, Thomas André Brastad (Elling Olafsen*) - Elling Olafsen (Martin Lange Sylte*), Ronny Leikarnes. Innbyttarar: Svale Leren, Nirut Mjøs og Sondre Akselsen.
* Bytta inn igjen i kort periode.
|