Banner

Sesongmeny

Forrige kamp
laur., 14. mar. 2020 00:00
Herd
Herd
--- Forhånds
Vestnes Varfjell
Varfjell

tor., 27. feb. 2020 19:00
Emblem
Embl
3-2 Vestnes Varfjell
Varfjell

Resultater

NO ITEMS

Tabellen

# Team K Mål P
1 KBK 2 22 56 46
2 Eide 22 19 43
3 Surnad. 22 14 42
4 Dahle 22 22 40
5 KFK 22 9 32
6 Malmefj. 22 7 31
7 Tomref 22 -11 30
8 Midsund 22 -21 26
9 Varfjell 22 -22 23
10 ÅIF 22 -14 22
11 AK 22 -16 22
12 Elnesv. 22 -43 20

varfjell.no spør

Korleis går det i sesongen?
 

4. divisjon Nordmøre/Romsdal 2008 Skriv ut
 Matchreport: 20. runde - måndag, 29 september 2008 - 20:15 h
Træff 2 vs Vestnes Varfjell
5 3
(2 : ) (2 : )

Match details

Match Date: måndag, 29 september 2008
Match Time: 20:15 h
Referee: Hallgeir Talstad
 
Attendances : 50

Starting line up

Målvakt
Forsvar
Midtbane
Angrep

Substitutes

    Events

    Mål

       Summary
      A-laget: Spolerte sjansane PDF Utskrift E-post
      Skrevet av administrator   
      mandag 29. september 2008
      Etter kampen mot Træff 2. Alex Connor i midten. (Foto: Asbjørn Vik)
      Connor må konstatere tap.
      Vestnes Varfjell spelte ein god kamp borte mot Træff 2 måndag kveld, men sløste med sjansane og måtte til slutt tåle tap 3-5. Dermed er Træff 2 ny serieleiar og Vestnes Varfjell må ha hjelp frå andre for å sikre opprykket utan å vere avhengig av kva som skjer med MFK. Tore Akselsen (2) Tommy Kanishi Andreassen og skåra for Vestnes Varfjell. Videoar av måla finn du under.

       

      Træff tok leiinga først på nye Reknesbanen, men

      Mål Tore Akselsen
      Mål Tore Akselsen
      Tore Akselsenflikka inn 1-1 på ein corner der linjemann Eivind Solnørdal dømte at ballen hadde vore over linja. Like før pause auka same mann til 2-1 på eit flott langskot, men Træff 2 kom tilbake og reduserte til 2-2 ved halvtid.

       

       

      Vestnes Varfjell hadde eit overtak mot slutten av første omgang, men effektive Træff slo til etter kvilen og gjekk opp i tomålsleiing. Vestnes Varfjell forsøkte no hardt på å redusere, men fekk i staden 2-5 i mot. Mot slutten reduserte Tommy Kanishi Andreassen ein gong. Ei kontring vart avslutta med skot frå spiss vinkel. 

       

      - Vi skaper mange sjansar, men dei hadde ein keeper som sto som ein levande vegg. Vi hadde også eit skot i stolpen. Samtidig var dei mykje meir effektive enn oss, fortel Lars Jørgen Skjegstad frå Reknesbanen.  

       

       

      Tore Akselsen scora igjen
      Tore Akselsen scora igjen
      På det eine målet låg ein Træff-spelar nede mange stoppa opp i påvente av at ballen skulle bli spelt ut. I staden gjekk Træff 2 fram og skåra.  

       

       

      Tapet treng ikkje å ha noko betydning for opprykket. Træff 2 kan nemleg ikkje rykke opp med mindre førstelaget deira gjer det same. For at det skal skje må anten MFK 2 passerast i 3. divisjon og/eller MFK rykke ned frå eliteserien. Samtidig må dei sjølvsagt vinne kvalifiseringskampane mot vinnaren på Sunnmøre. Slik tabellane er i skrivande stund er både Vestnes Varfjell og Åndalsnes alt klare for 3. divisjon (med mindre MFK 3 tar att 19 plussmål på Varfjell på dei to siste kampane).

       

       

      Tommy Kanishi Andreassen mål mot Træff 2
      Tommy Kanishi Andreassen mål mot Træff 2
      Merk at Træff 2 låg fem poeng bak Vestnes Varfjell før Sunndal 2 vart utelukka, no er dei fire poeng føre (med ein kamp meir spelt).  

       

       

       

      Kampfakta:

      Træff 2 - Vestnes Varfjell 5-3 (2-2)

      Reknesbanen, 50 tilskuarar

      Mål:

      1-0 (8) Joakim Vatne

      1-1 (22) Tore Akselsen

      1-2 (42) Akselsen

      2-2 (44) Pål Kirkevold

      3-2 (50) Martin Christiansen

      4-2 (65) Thomas Flemmen

      5-2 (83) Vatne

      5-3 (90) Tommy Kanishi Andreassen

      Dommar: Hallgeir Talstad, Molde

      Gult kort: Jørgen Gravdehaug, VVIL; Joakim Vatne, Preben Møller, Lasse Leirstad, alle Træff 2

      Vestnes Varfjell (4-4-2): Marius Sivertsen; Simen Brennvik, Yngve Solevågseide, Ørjan Tangen, Thomas André Brastad (Knut Øyvind Hoem 85.) - Tommy Kanishi Andreassen, Vegard Ellingseter (Jørgen Gravdehaug 70.), Alexander Connor (Frank Nakken 65.), Tore Akselsen - Elling Olafsen, Ronny Leikarnes

      Spillende Vestnes Varfjell-trener Alexander Connor mener laget hans spilte en god kamp tross tap mot Træff 2. Her er hans oppsummering av kampen og tanker for sesongen videre: "Vi spilte en god kamp, mot et veldig bra lag. Kampen var preget av høgt tempo og direkte angrepsspill fra begge lag. Det var utan tvil topplaga i divisjonen som møttest. Men dessverre så var det Træff 2 som var mest effektive i kveld.

       

       

      Det som for vår del svikter i dag, er at vi ikkje får uttelling på alle sjansene våre, samt at vi slipper inn såkalte "billige" mål igjen. Og dette er en dårlig kombinasjon. Store deler av kamp er vi fullt på høyde med Træff 2, og til tider så kontrollerer vi kampen. Men vi klar rett og slett ikke å score. Dette skyldast først og fremst en fantastisk god Træff-keeper. Og det var han som var forskjellen på laga i dag.

       

      Fokuset nå er bortekampen mot KFK på lørdag. Vi er på ingen mot nedbrutt eller vaklende etter tapet mot Træff 2, tvert i mot er vi full av selvtillit. Som sagt så spilte vi veldig bra mot Træff, ikke minst offensivt. Vi har en fantastisk statistikk på bortebane i år, som vi skal forbedre på lørdag. Vi skal vise at vi er det beste laget i divisjonen, og skal gjøre alt vi kan for å vinne avdelinga. Det blir selvsagt ikke lett, og da tenker jeg ikkje bare på dei tøffe kampane vi har igjen, men også hvor mange fleire poeng kretsen skal ta fra oss i innspurten."