Banner

Sesongmeny

Forrige kamp
laur., 14. mar. 2020 00:00
Herd
Herd
--- Forhånds
Vestnes Varfjell
Varfjell

tor., 27. feb. 2020 19:00
Emblem
Embl
3-2 Vestnes Varfjell
Varfjell

Resultater

NO ITEMS

Tabellen

# Team K Mål P
1 KBK 2 22 56 46
2 Eide 22 19 43
3 Surnad. 22 14 42
4 Dahle 22 22 40
5 KFK 22 9 32
6 Malmefj. 22 7 31
7 Tomref 22 -11 30
8 Midsund 22 -21 26
9 Varfjell 22 -22 23
10 ÅIF 22 -14 22
11 AK 22 -16 22
12 Elnesv. 22 -43 20

varfjell.no spør

Korleis går det i sesongen?
 

4. divisjon Nordmøre/Romsdal 2008 Skriv ut
 Matchreport: 19. runde - laurdag, 20 september 2008 - 15:00 h
Midsund vs Vestnes Varfjell
0 4
(0 : ) (0 : )

Match details

Match Date: laurdag, 20 september 2008
Match Time: 15:00 h
Referee: Harald Gule
 
Attendances : 65

Starting line up

Målvakt
Forsvar
Midtbane
Angrep

Substitutes

    Events

    Mål

       Summary
      A-laget: Avgjorde på fem minutt PDF Utskrift E-post
      Skrevet av administrator   
      lørdag 20. september 2008

      Vestnes Varfjell held stø kurs mot 3. divisjon etter at Midsund vart slått 4-0 på bortebane laurdag. Stillinga ved pause var 0-0. Vestnes Varfjell krangla inn 1-0 ved Ørjan Tangen etter ein corner tidleg i andre omgang. Midsund var nære utlikning, men i staden avgjorde Vestnes Varfjell kampen i løpet av fem minutt kvarteret før slutt. Då skåra Tore Akselsen, Tommy Kanishi Andreassen og Elling Olafsen i tur og orden. Videoar og bildegalleri blir lagt ut etter kvart.


      Vestnes Varfjell drog til Midsund i båt i det fine haustveret. I bagasjen låg sju strake sigrar. På ei strøken grasmatte gjorde gjestane det klart frå start at dei ville auke til åtte strake og hemne 1-5-nederlaget mot same lag frå vårsesongen. Alt etter fem minutt var Ronny Leikarnes nære skåring, men storskåraren fall då han vart servert av Tore Akselsen før mål. Seinare noterte me gode sjansar for Frank Nakken (heading på keeper), Tore Akselsen (frispark som keeper slo over og skot redda på strek). Den siste kom etter ein av svært mange cornerar til Vestnes Varfjell før pause.

      Midsund kom etter kvart til hektene og kampen jamna seg ut med Midsund på nokre farlege kontringar. Ingen makta å skåre i første omgang.

      Andre omgang starta som den første, med Vestnes Varfjell i føringa. Etter ti minutt kom skåringa, etter at Vestnes Varfjell igjen hadde kjempa seg til ein corner. Ørjan Tangen krangla ballen over streken. Midsundingane ropte på hands på Ronny Leikarnes, men dommar og linjemann såg ikkje noko ureglementert.

      Midsund tok tak etter skåringa og hadde overtaket ein periode. Den største sjansen kom då John Arne Øien skaut i innsida av stolpen og ut. Vertane satsa meir framover på bana, noko som gav mykje bakrom å springe i for Vestnes Varfjell-spissane. Simen Brennvik hadde ein stor sjanse til å auke leiinga då han hælsparka mot mål etter forarbeid av Ronny Leikarnes. Midsund redda på streken. Elling Olafsen var nære på med ei heading der Midsund-målvakta var lovleg langt ute og fista ballen.

      Kvarteret før slutt bestemte Vestnes Varfjell seg for å avgjere kampen. Tore Akselsen trilla inn 2-0, før Tommy Kanishi Andreassen skaut inn 3-0. Elling Olafsen sette punktum då han dukka opp bak Midsund-forsvaret sette inn 4-0. Alt dette i løpet av fem hektiske minutt.

      Jamn og god laginnsats i dag, men bestemannsprisen gir vi til Ørjan Tangen som viste offensivt og godt midtstopparspel.

      PS: Midsund stilte med Bjarne Stormyr (46) frå start. Veteranen viste at han framleis har overblikket sjølv om farta ikkje er som i glansdagane. Det var dessutan då han gjekk ut at det rakna for vertane.

      I ein annan kamp i divisjonen vann KFK 5-0 mot Bud laurdag. Neste kamp for Vestnes Varfjell er mot Gossen fredag. Den startar så tidleg som klokk 17.00. Grunnen er at gossingane skal rekke heim til dans med Ole Ivars!

      Kampfakta
      Midsund - Vestnes Varfjell 0-4
      Pause: 0-0
      4. divisjon Nordmøre/Romsdal
      Laurdag 20. september 2008 kl 15.00
      Midsund stadion
      65 tilskuarar
      Mål:
      0-1 (59) Ørjan Tangen
      0-2 (71) Tore Akselsen
      0-3 (73) Tommy Kanishi Andreassen
      0-4 (75) Elling Olafsen
      Dommar: Harald Gule, MFK
      Gult kort: Misund, Midsund
      Vestnes Varfjell (4-4-2): Marius Sivertsen; Simen Brennvik, Yngve Solevågseide, Ørjan Tangen, Thomas André Brastad - Tore Akselsen (Knut Øyvind Hiem 80.), Jørgen Gravdehaug (Jakob Talberg 84.), Alexander Connor (Vegard Cruz Ellingseter 82.), Tommy Kanishi Andreassen (Per Kristian Os Nakken 79.) - Frank Nakken (Elling Olafsen 65.), Ronny Leikarnes.