Banner

Sesongmeny

Forrige kamp
laur., 14. mar. 2020 00:00
Herd
Herd
--- Forhånds
Vestnes Varfjell
Varfjell

tor., 27. feb. 2020 19:00
Emblem
Embl
3-2 Vestnes Varfjell
Varfjell

Resultater

NO ITEMS

Tabellen

# Team K Mål P
1 KBK 2 22 56 46
2 Eide 22 19 43
3 Surnad. 22 14 42
4 Dahle 22 22 40
5 KFK 22 9 32
6 Malmefj. 22 7 31
7 Tomref 22 -11 30
8 Midsund 22 -21 26
9 Varfjell 22 -22 23
10 ÅIF 22 -14 22
11 AK 22 -16 22
12 Elnesv. 22 -43 20

varfjell.no spør

Korleis går det i sesongen?
 

4. divisjon Nordmøre/Romsdal 2008 Skriv ut
 Matchreport: 18. runde - fredag, 12 september 2008 - 18:30 h
Vestnes Varfjell vs Åndalsnes
4 2
(2 : ) (2 : )

Match details

Match Date: fredag, 12 september 2008
Match Time: 18:30 h
Referee: Ole Petter Kristiansen
 
Attendances : 160

Starting line up

Målvakt
Forsvar
Midtbane
Angrep

Substitutes

    Events

    Mål
      Gult kort

         Summary
        A-laget: Sjuande strake seier PDF Utskrift E-post
        Skrevet av administrator   
        fredag 12. september 2008

         

        Ronny Leikarnes (tv) og Jørgen Gravdehaug jublar etter 2-1-skåringa. (Foto: Gjermund Kjøpstad)
        Leikarnes og Gravdehaug
        Vestnes Varfjell tok sin sjuande strake seier då serieleiar Åndalsnes vart slått 4-2 i Vestnes idrettspark fredag kveld. Ronny Leikarnes skåra to mål, Frank Nakken og Jørgen Gravdehaug eitt kvar. Seieren var fullt fortent, sjølv om gjestane pressa hardt på stillinga 3-2. Stillinga ved pause var 2-2.
        Videoar finn du under. Bildegalleri finn du her eller her (lysbildevisning)

         

         

        Vestnes Varfjell hadde tapt 2-4 tre gongar før i år (1 seriekamp og 2 treningskampar) og gjekk ut fast bestemt på å ta revansje i den viktige opprykkskampen.

         

         

        Åndalsnes scora først
        Åndalsnes scora først
        Ronny scora for Varfjell
        Ronny scora for Varfjell
        Ronny scora igjen
        Ronny scora igjen
        Åndalsnes scora sitt andre
        Åndalsnes scora sitt andre
        Copyright vEsti24
        Frank Nakken scora mot Åndalsnes
        Frank Nakken scora mot Åndalsnes
        Svale Leren med fin redning
        Svale Leren med fin redning
        Jørgen Gravdehaug mål
        Jørgen Gravdehaug mål

        Ronny Leikarnes var nære på å sette ballen i mål tidleg i kampen, men i staden var det gjestane som gjekk i leiinga eit kvarter. Thomas W. Pedersen var sist på ballen mot eit nølande heimeforsvar.

        Ronny Leikarnes skapt balanse då han styrte eit frispak frå Tore Akselsen vidare i mål tre minutt seinare. Så hadde Ørjan Tangen ein stor sjanse til å utlikne, men han nådde ikkje fram då ballen landa føre ope mål. 34 minutt var spelt då Leikarnes var frampå igjen etter eit langt innkast frå Thomas André Brastad. Frå ti meter var spissen nådelaus og skaut ballen forbi Løkkebø i ÅIF-målet. No hadde Vestnes Varfjell eit klart grep på kampen, men på ein corner glapp markeringa. Det unytta Per-Johnny Døving som utlikna til 2-2 rett føre pause.

        Også i andre omgang starta vertane best. Berre fem minutt var spelt då Frank Nakken avslutta eit fint soloraid med å skyte inn 3-2. Etter kvart kom ÅIF betre med og ei stund vart Vestnes Varfjell pressa langt tilbake på bana. Gjestane greide likevel ikkje å produsere veldig mange klare sjansar. Nærast var vel eit skot som vart redda på strek av Per Kristian Os Nakken som hadde tatt oppstilling ved stolpen. Reservekeeper Svale Leren hadde også ei fin redning der han fekk fista ballen over.

        I andre enden skapte Vestnes Varfjell sine sjansar på overgangar. Alexander Connor var nære skåring to gongar, først eit skot frå kloss hald, deretter eit skot som landa oppå tverrliggaren. Per Kristian Os Nakken runda keeper, men fekk ikkje avslutta mot mål. Den største sjansen kom likevel då Ronny Leikarnes drog seg fri langs dørlinja. Inne føre mål hadde både Simen Brennvik og Tore Akselsen sjansen til å sette ballen i mål, utan å lukkast.

        Heldigvis var Jørgen Gravdehaug kaldare. Midtbaneeleganten runda alt som var før han sette ballen i mål fem minutt før slutt. Dermed var kampen avgjort og heimelaget og dei rundt 150 på tribuna kunne juble.

        Tomålsskårar Leikarnes vart kåra til bestemann av juryen. Vi gir mange pluss også til Jørgen Gravdehaug for kreativt midtbanespel, medan spelandre trenar Alexander Connor tok mykje ansvar og coacha laget sitt då ÅIF pressa som hardast i andre omgang.

        God og myndig dommar var Ole Petter Kristiansen, Eide. Sjølv om det var tøffe tak til tider, vart det heldigvis ingen stygg kamp mellom to angrepsvillige og lag som spelar positiv fotball. Den store forskjellen i dag meiner vi var i siste del av angrepsspelet der Vestnes Varfjell har meir å spele på gjennom sine gode teknikarar.

        Kampfakta:
        Vestnes Varfjell - Åndalsnes 4-2
        Pause 2-2
        4. divisjon Nordmøre/Romsdal
        Fredag 12. september 2008 kl 18.30
        Vestnes idrettspark
        150 tilskuarar
        Mål:
        0-1 (8) Thomas W Pedersen
        1-1 (18) Ronny Leikarnes
        2-1 (34) Leikarnes
        2-2 (42) Per-Johnny Døving
        3-2 (50) Frank Nakken
        4-2 (85) Jørgen Gravdehaug
        Dommar: Ole Petter Kristiansen, Eide
        Gult kort: Thomas André Brastad, Vestnes Varfjell; Ole Dag Østigård og Tommy Løkkebø, ÅIF
        Vestnes Varfjell (4-4-2): Marius Sivertsen (Svale Leren 46.); Per Kristian Os Nakken, Yngve Solevågseide, Ørjan Tangen, Thomas André Brastad - Tommy Kanishi Andreassen (Simen Brennvik 70.), Alexander Connor, Jørgen Gravdehaug, Tore Akselsen (Knut Øyvind Hoem 90) - Frank Nakken (Elling Olafsen 70.), Ronny Leikarnes

         

        Dette skriv Åndalsnes om kampen >>