Banner

Sesongmeny

Resultater

NO ITEMS

Tabellen

# Team K Mål P
1 KBK 2 22 56 46
2 Eide 22 19 43
3 Surnad. 22 14 42
4 Dahle 22 22 40
5 KFK 22 9 32
6 Malmefj. 22 7 31
7 Tomref 22 -11 30
8 Midsund 22 -21 26
9 Varfjell 22 -22 23
10 ÅIF 22 -14 22
11 AK 22 -16 22
12 Elnesv. 22 -43 20

varfjell.no spør

Korleis går det i sesongen?
 

4. divisjon Nordmøre/Romsdal 2008 Skriv ut
 Matchreport: 17. runde - fredag, 05 september 2008 - 18:45 h
Gry/Kårv/H/AK2 vs Vestnes Varfjell
4 5

Match details

Match Date: fredag, 05 september 2008
Match Time: 18:45 h
Referee: Ødegård Arild
 
Attendances : 30

Starting line up

Målvakt
Forsvar
Midtbane
Angrep

Substitutes

    Events

    Mål

       Summary
      A-laget: Avgjorde på overtid PDF Utskrift E-post
      Skrevet av administrator   
      fredag 05. september 2008

       

      Ronny Leikarnes mål på overtid
      Ronny Leikarnes mål på overtid
      Tre minutt på overtid avgjorde Vestnes Varfjell det målrike og spennande toppoppgjeret mot Gry/AK 2 på Averøya fredag kveld. Sjølvsagt var det den gamle måltjuven Ronny Leikarnes som dukka opp på bakre stolpe og sett inn 5-4-målet. Nokre minutt tidlegare hadde vertana gått opp i leiinga 4-3, så fekk Vestnes Varfjell og straffespark før alt vart snudd opp ned i tilleggstida.
      Videoar frå kampen blir no lagt ut fortløpande

       


      - Ein fortent seier til oss i ein kamp der me heldigvis hadde marginane på vår side til slutt, oppsummerer oppmann Einar Helge Brennvik kampen på Mork stadion på innersida av Averøya.

      Det var to topplag og to formlag som møttest til kamp om viktige poeng. For Vestnes Varfjell er det kampen om opprykk som gjeld, Gry/AK2 kjempar om førsteplassen og KM-tittelen sidan dei ikkje kan rykke opp.

      Ronny Leikarnes hadde den første store sjansen då han heada i stolpen, men i staden gjekk vertane opp og skåra 1-0 etter eit raid på venstrekanten. Spelande trenar Alexander Connor sørga for balanse då han heada i mål frå kloss hald like etterpå. 1-1 sto seg til pause.

      Vestnes Varfjell starta best etter kvilen, men måtte igjen sjå at vertane gjekk i leiinga, denne gongen etter å ha runda dagens Varfjell-keeper for dagen, Erling Magne Slemmen. Igjen svarte Vestnes Varfjell kjapt, denne gongen ved Jørgen Gravdehaug som plassert ballen i krysset etter ein corner-retur. Elling Olafsen sendte gjestane i leiinga for første gong i kampen ikkje lenge etter. Frank Nakke la inn og skotet sneik seg inn ved stolpen.

      Vertane kom likevel sterkt tilbake. Først utlikna dei til 3-3 på eit frispark like utanfor 16-meteren, før dei tok leiinga 4-3 med berre fem minutt att på klokka. Så fekk Vestnes Varfjell straffespark etter at Leikarnes vart skubba over ende. Frank Nakken sette inn 4-4. Eitt poeng ville ha vore eit godt resultat i denne vanskelege bortekampen, men det var ikkje toppskårar Ronny Leikarnes fornøgd med. På overtid greide han å få inn den avgjerande 5-4-skåringa frå nærast død vinkel etter innlegg frå Elling Olafsen til stor jubel i Vestnes Varfjell-leiren. Gry/AK 2 fekk også ein spelar utvist for to gule kort mot slutten.

       

      Trenar Alexander Connor om kampen:

      "Det var en veldig underholdende og velspilt kamp mellom to angrepsvillige lag. Gry var veldig bra, ikke minst offensivt, og juniorene skal ha ros for at dei klarte å stå imot et så rutinert Gry-lag. Vi var fast bestemt på at dette kunne vi vinne, dersom vi kombinerte talent, klokskap og flaks. Og vi må vel innrømme at alle tre momenta gikk inn. Vi brukte talent fullt ut, og opptredde taktisk kloke stort sett gjennom heile kampen, og flaksen kom vel noen minutter på overtid. Det var ikkje flaks at vi scoret, for det var eit utrolig bra angrep, men kanskje litt flaks at vi klarte å snu dette så seint i kampen. Man kan på mange måter kalle det for "The great escape". Men dette viser at det svært viktig å ha tro på egne kvaliteter, og aldri gi opp. Kanskje vi nå begynner å få litt igjen for alle dei tinga som gikk imot oss i vårsesongen.

       

      Spillerne skal få litt skryt for godt gjennomført kamp, der vi til tider spiller veldig bra, men vi mangler framleis litt på struktur og spillerforståelse. Men vi spiller berdre og bedre for kvar kamp, så vi håper også at vi kan forbedre denne delen av spillet vårt også.

       

      Nå er all fokus rettet på å restituere de skada spillerne. Det som gjør dette til slags blåmandag er at både Kanishi og P.K er skadet og er usikre til fredag, mens Jakob ikkje er tilgjengelig grunna arbeid. Men uansett, selv om vi pr idag er hemmet av skader, skal vi prøve å tukte Næs på fredag. Dette kan fort bli ein avgjørende kamp i forhold til opprykk. Vi håper derfor at så mange Hegrer som mulig stiller opp på fredag og støtter oss i denne toppkampen."

       



      Kampfakta:
      Gry/AK 2 - Vestnes Varfjell 4-5
      Pause: 1-1
      4. divsjon Nordmøre/Romsdal fredag 5. september 2008 kl 18.45
      Mork stadion, 30 tilskuarar
      Mål:

      1-0 (26) sjølmål

      1-1 (29) Alexander Connor

      2-1 (56) Jøran Sandøy

      2-2 (59) Jørgen Gravdehaug

      2-3 (66) Elling Olafsen

      3-3 (73) Tomas Sørvik 

      4-3 (86) Sandøy

      4-4 (89) Frank Nakken, str.

      4-5 (90 + 3) Ronny Leikarnes
      Raudt kort: Henrik Arntsen, Gry/AK
      Dommar: Arild Ødegård, KFK
      Vestnes Varfjell (4-3-3)

      Erling Magne Slemmen; Simen Brennvik, Ørjan Tangen, Ynge Solevågseide, Per Kristian Os Nakken - Alexander Connor, Jørgen Gravdehaug, Thomas André Brastad - Tommy Kanishi Andreassen, Frank Nakken, Ronny Leikarnes.

       

      Bytter: Elling Olafsen for Os Nakken etter 30 min, Vegard Ellingseter for Connor etter 85 min.