Banner

Sesongmeny

Forrige kamp
laur., 14. mar. 2020 00:00
Herd
Herd
--- Forhånds
Vestnes Varfjell
Varfjell

tor., 27. feb. 2020 19:00
Emblem
Embl
3-2 Vestnes Varfjell
Varfjell

Resultater

NO ITEMS

Tabellen

# Team K Mål P
1 KBK 2 22 56 46
2 Eide 22 19 43
3 Surnad. 22 14 42
4 Dahle 22 22 40
5 KFK 22 9 32
6 Malmefj. 22 7 31
7 Tomref 22 -11 30
8 Midsund 22 -21 26
9 Varfjell 22 -22 23
10 ÅIF 22 -14 22
11 AK 22 -16 22
12 Elnesv. 22 -43 20

varfjell.no spør

Korleis går det i sesongen?
 

4. divisjon Nordmøre/Romsdal 2008 Skriv ut
 Matchreport: 16. runde - laurdag, 30 august 2008 - 16:00 h
Vestnes Varfjell vs Rival 2
8 2
(2 : ) (2 : )

Match details

Match Date: laurdag, 30 august 2008
Match Time: 16:00 h
Attendances : 95

Starting line up

Målvakt
Forsvar
Midtbane
Angrep

Substitutes

    Events

    Mål
      Gult kort

         Summary
        A-laget: Frå 0-2 til 8-2 PDF Utskrift E-post
        Skrevet av administrator   
        lørdag 30. august 2008

         

        Ronny Leikarnes scora
        Ronny Leikarnes scora
        Copyright vEsti24
        Vestnes Varfjell vann til slutt 8-2 mot Rival 2 i 4.-divisjonskampen i Vestnes idrettspark laurdag. Gjestane frå Molde leia 2-0 før Vestnes Varfjell vakna og utlikna til 2-2 til pause. I andre omgang var det einvegskøyring, særleg etter at Rival 2 i løpet av få minutt vart redusert til 9 mann på grunn av utvisningar. Sju mann teikna seg på skåringslista: Ronny Leikarnes (2), Vegard Ellingseter, Simen Brennvik, Tore Akselsen (straffespark), Thomas André Brastad, Jakob Talberg og Knut Øyvind Hoem.

         


        Botnlaget Rival 2 skåra 1-0 etter ein corner og 2-0 på eit frispark direkte i mål frå 30 meter. Då var det spelt 16 minutt i duskregnet i Vestnes idrettspark og det seiersvante heimelaget måtte ta seg kraftig saman. Vegard Ellingseter heada inn den første reduseringa før Ronny Leikarnes snappa opp ein retur frå keeper og utlikna. Både Leikarnes og Elling Olafsen hadde store sjansar til å skåre på tampen, men det sto likt ved pause.

        Gjestane stilte med eit svært rutinert lag, men etter kvart tok kreftene slutt og Vestnes Varfjell tok over. Simen Brennvik var på bakre stolpe etter eit innlegg frå Tore Akselsen og sendte Vestnes Varfjell i leiinga ti minutt ut i andre omgang. Så sette Tore Akselsen inn straffesparket han fekk etter sjølv å ha blitt felt. Same Akselsen gjorde forarbeidet då han la inn frå død vinkel til Leikarnes som sette sitt andre for dagen frå kloss hald. Så heada Ørjan Tangeni tverrliggar og Jørgen Gravdehaug drilla alle, men sette ballen utanfor.

        I midten av omgangen vart Rival 2 redusert til 9 mann i løpet av kort tid. Begge spelarane fekk sine andre gule kort etter etterslengar. Det drygde likevel ei stund før neste skåring kom då Thomas André Brastad - kåra til bestemann av juryen - sette inn eit innlegg frå Leikarnes. Jakob Talberg hadde hatt eit godt skot redda på streken før han sette inn 7-2, igjen etter forarbeid av Leikarnes. På overtid fekk Knut Øyvind Hoem æren av å trille inn 8-2.

        Ingen stor kamp av heimelaget, som heldigvis skjerpa seg og vann lett mot ein svak motstandar. Neste helg må innsatsen og presisjonen opp fleire hakk når laget skal ut mot serieleiar Gry/AK 2 på bortebane. Då må laget greie seg utan Tore Akselsen, som greide å pådra seg sitt femte gule kort for sesongen.

        Kampfakta:
        Vestnes Varfjell - Rival 2 8-2
        Pause: 2-2
        4. divisjon, Nordmøre/Romsdal
        Vestnes idrettspark, lørdag 30. august 2008 kl 16.00
        Tilskuarar: 95
        Mål:
        0-1 (6) Martin Ose
        0-2 (16) Øystein Sletvold
        1-2 (26) Vegard Ellingseter
        2-2 (31) Ronny Leikarnes
        3-2 (53) Simen Brennvik
        4-2 (57) Tore Akselsen, straffespark
        5-2 (59) Leikarnes
        6-2 (80) Thomas André Brastad
        7-2 (83) Jakob Talberg
        8-2 (90) Knut Øyvind Hoem
        Dommar: Hallgeir Talstad, MFK
        Raudt kort: Øystein Sletvold (62. min, 2 gule), Alexander Årø (70. min, 2 gule), begge Rival 2
        Gult kort: Tore Akselsen, Vestnes Varfjell
        Vestnes Varfjell (4-4-2): Marius Sivertsen; Simen Brennvik (Jørgen Gravdehaug 65.), Ørjan Tangen, Yngve Solevågseide, Thomas André Brastad - Elling Olafsen (Knut Øyvind Hoem 65.), Vegard Ellingseter (Per Kristian Os Nakken 46.), Jakob Talberg, Tore Akselsen - Frank Nakken (Martin Lange Sylte 80.), Ronny Leikarnes