Banner

Sesongmeny

Forrige kamp
laur., 14. mar. 2020 00:00
Herd
Herd
--- Forhånds
Vestnes Varfjell
Varfjell

tor., 27. feb. 2020 19:00
Emblem
Embl
3-2 Vestnes Varfjell
Varfjell

Resultater

NO ITEMS

Tabellen

# Team K Mål P
1 KBK 2 22 56 46
2 Eide 22 19 43
3 Surnad. 22 14 42
4 Dahle 22 22 40
5 KFK 22 9 32
6 Malmefj. 22 7 31
7 Tomref 22 -11 30
8 Midsund 22 -21 26
9 Varfjell 22 -22 23
10 ÅIF 22 -14 22
11 AK 22 -16 22
12 Elnesv. 22 -43 20

varfjell.no spør

Korleis går det i sesongen?
 

4. divisjon Nordmøre/Romsdal 2008 Skriv ut
 Matchreport: 15. runde - torsdag, 21 august 2008 - 19:15 h
MFK 3 vs Vestnes Varfjell
1 2
(0 : ) (1 : )

Match details

Match Date: torsdag, 21 august 2008
Match Time: 19:15 h
Attendances : 45

Starting line up

Målvakt
Forsvar
Midtbane
Angrep

Substitutes

    Events

    Mål
      Gult kort

         Summary
        A-laget: Kjempa inn ny borteseier PDF Utskrift E-post
        Skrevet av administrator   
        torsdag 21. august 2008

         

        Elling Olafsen og Frank Nakken skåra mot Molde 3. Foto: Kai Magne Stokkeland
        Olfasen og Nakken (f: kaims)
        Vestnes Varfjell tok sin sjette borteseier av sju mulege då opprykksrival Molde 3 vart slått 2-1 på kunstgraset i Molde torsdag kveld. Frank Nakken sytte for at Vestnes Varfjell leia 1-0 ved pause (sjå målet her). Olafsen auka til 2-0 på ei fin heading (sjå målet her), før Molde-juniorane reduserte. MFK 3 fekk også eit mål annulert i andre omgang, medan Frank Nakken brente eit straffespark for Vestnes Varfjell før kvilen.
        Videosamandrag frå kampen finn du her >> (Foto: Asbjørn Vik)

         

        Bildegalleri frå kampen her  eller her (lysbildevisning) (Foto: Mai Magne Stokkeland)

         

        Laget måtte slite hardt for alle tre poenga i ein fartsfylt og spennande 4.divisjonskamp. Vestnes Varfjell dominerte i første del av kampen, men MFK 3 kom sterkt i andre omgang. Solid innsats var likevel nok til å ta med alle poenga med ferja over fjorden.

        Frank Nakken scorer mot Molde3
        Frank Nakken scorer mot Molde3
        Ronny Leikarnes (heading over), Tommy Kanishi Andreassen (skot over), Tore Akselsen (skot som keeper redda) hadde store sjansar før ti minutt var spelt. Uttellinga kom etter 12 minutt. Per-Kristian Os Nakken skaut på keeper, Ronny Leikarnes snappa returen og la tilbake til Frank Nakken som sette inn 1-0.

        Etter 27 minutt hadde same Nakken sjansen til å bli tomålsskårar då han fekk sjansen frå straffemerket etter at Tore Akselsen vart felt. Skotet frå Nakken var velplassert men ikkje hardare enn at Valderhaug fekk slengt seg til rett side og redda.

        Det næraste MFK 3 kom før pause var eit skot frå tidlegare Vestnes Varfjell-spelar Karl Arne Stokkeland og eit frispark frå 20 meter som Marius Sivertsen i Vestnes Varfjell-målet fekk fista over. Same Sivertsen skada seg i ein duell med ein MFK-spelar rett før pause og måtte forlate bana. Då hadde Vestnes Varfjell alt mista ein god Tommy Kanishi Andreassen med skade alt etter eit kvarter.

        Elling Olafsen mål mot Molde3
        Elling Olafsen mål mot Molde3
        Andre omgang starta med at MFK 3 skaut over for ope mål, medan Ronny Leikarnes avslutta eit fint Vestnes Varfjell-angrep med skot like utanfor. 2-0-målet kom etter ti minutt. Eit perfekt innlegg på bakre stolpe frå Tore Akselsen vart møtt med pannebrasken av Elling Olafsen som heada ballen i mål ved stolpen. Like etter var Leikarnes igjen i skåringsposjon etter eit fint oppbygd angrep, men toppskåraren snubla i det han skulle sette ballen i mål.

        MFK 3 tok etter kvart over ein del av banespelet, men Varfjell kjempa hardt om kvar ball slik at dei teknisk gode juniorspelarane ikkje fekk spele ball i mange trekk. Keeperreserve Stig Langstein vart difor ikkje sett på så mange prøver før etter 62 minutt.
        Klokset scorer for Molde3
        Klokset scorer for Molde3

        Då redda han først eit godt skot, men ballen hamna bak han der Molde-spelar Tore Klokset kunne sette ballen i det opne målet. Ikkje lenge etter trudde alle at MFK 3 hadde utlikna. Eit frispark frå 25 meter small i tverrliggaren og ned, men Molde-spelaren som sette ballen i mål sto ifølgje assistentdommar Lundgren i offside då frisparket gjekk.

        Vestnes Varfjell slapp med skrekken og heva seg resten av kampen. Molde 3 kom ikkje til klare sjansar mot slutten og i andre enden hadde Ronny Leikarnes ein stor sjanse til å auke til 3-1 etter innlegg frå Nirut Mjøs.

        Ros til heile laget for solid innsats. Tommy Kanishi Andreassen var frisk det kvarteret han fekk spele, medan Tore Akselsen var eit konstant uromoment for MFK med sine dribleraid. Midststoppar Yngve Solevågseide var solid gjennom heile kampen saman med stopparkollega Ørjan Tangen.

         

        Spillende trener Alexander Connor om kampen:
        "Spillerne var veldig fokuserte og motiverte til kampen, og var veldig innstilt på å hevne tapet fra vårkampen heime mot Molde 3.
         
        Vi startet klart best, men en veldig god Molde-keeper avverget dei fleste sjansene. Men vi klarte heldigvis å få ballen over målstreken etter ei flott kontring på vår venstreside. Med unntak av dei siste 10 - 15 min av første omgang, hadde vi god kontroll på Molde og burde ha hatt ein større ledelse til pause. Andre omgangen starta med store sjanser til begge lag, men vi fikk igjen ein god start på andreomgangen med ei scoring etter 10 min. Selv om Molde var bedre enn oss den siste halvtimen av andre omgang, klarte dei bare å redusere med ei scoring etter 62 min og vi viste nok en gang vi er relativt gode på bortebane.
         
        Selv om vi vant og til tider spilte veldig bra, er det noen momenter vi må jobbe hardt med inn mot neste kamp, som er heime mot Rival 2. Dette gjelder først og fremst uttellinger på sjansene våre og hvordan vi opptrer kollektiv når vi blir slitne. Men dette skal vi fokusere på den kommende treningsveka, slik at vi er enda bedre forbredt mot Rival."

        Kampfakta:
        Molde 3 - Vestnes Varfjell 1-2
        Pause: 0-1
        4. divisjon Nordmøre/Romsdal
        Molde kgb, 45 tilskuarar
        Mål:
        0-1 (12) Frank Nakken
        0-2 (55) Elling Olafsen
        1-2 (62) Tore Klokset
        Dommar: Arild Ødegård, KFK
        Gult kort: Olafsen og Ellingseter, VVIL, Klokset, MFK 3
        Vestnes Varfjell (4-4-2): Marius Sivertsen (Stig Langstein 45); Simen Brennvik, Yngve Solevågseide, Ørjan Tangen, Per Kristian Os Nakken (Thomas André Brastad 66) - Tore Akselsen (Vegard Ellingseter 80), Alexander Connor, Jakob Talberg, Tommy Kanishi Andreassen (Elling Olafsen 15 (Frank Nakken 90)) - Frank Nakken (Nirut Mjøs 55), Ronny Leikarnes