0-1: Talberg og Akselsen gratulerer
Leikarnes.
(Dahle 2 - Vestnes Varfjell 0-2) To mål av Ronny Leikarnes
sikra Vestnes Varfjell alle tre poenga i bortemøtet med Dahle 2 i 4. divisjon
tirsdag kveld. Vestnes Varfjell var klart best før pause og hadde sjansar til
meir enn det eine målet Leikarnes sette inn halvvegs. Etter kvilen dominerte
Dahle 2 i 25 minutt før Vestnes Varfjell igjen tok over mot slutten og auka til
2-0. Vestnes Varfjell er dermed det beste bortelaget i 4. divisjon ved halvspelt
serie. Dessverre er laget mellom dei dårlegaste poenplukkarane på heimebane.
Andre resultat: Midsund - Åndalsnes 0-0 og KFK - Rival 2 3-1. Bortetabell | Full tabell
Videoar | Bildegalleri lysbildevisning | Vanleg bildegalleri
Ronny Leikarnes scorer for Varfjell mot
Dahle2
Ronny Leikarnes scorer igjen
Sammendrag Varfjell/Dahle
|
Vestnes Varfjell starta aggresivt og bra i angrep og
etter 17 minutt låg balllen i nota. Ronny Leikarnes avslutta eit angrep med eit
velplassert skot i mål. Jakob Talberg gjorde forarbeidet. Laget hadde sjansen
til å auke fleire gongar. Den største var ein trippelsjanse. Ein opplagt Tore
Akselsen skaut knallhardt i stolpen, så sette han returen på keeper før Ronny
Leikarnes nær hadde krangla neste retur i mål. Seinare var Tommy Kanishi aleine
igjennom uten å få mål. Omgangen ebba ut med at Vegard Ellingseter frispelte
Leikarnes som sette ballen i mål, men linjemann Allan Miller hadde alt vore oppe
med flagget.
Vestnes Varfjell greide ikkje å halde oppe trøkket i
andre omgang og let vertane overta speleovertaket. Likevel utan at Sivertsen
vart sett på dei heilt store prøvene. Dei siste 20 minutta tok Vestnes Varfjell
igjen over og kvarteret før slutt doble Leikarnes leiinga. Jakob Talberg skaut
først før Leikarnes fekk pressa returen frå keeper over streken. Mot slutten
kunne det ha blitt fleire skåringar. Tommy Kanishi Andreassen viste at han har
større løpskapasitet enn dei fleste og avslutta kampen med fleire fine raid og
eitt godt skot som keeper redda. Innbyttar Jørgen Gravdehaug finta alle inne i
feltet, men dribla ein gong for mykje då det berre var å skyte ballen i mål.
Kampen slutta med at Ronny Leikarnes heada utanfor frå kloss hald.
Leikarnes skyt i mål til 1-0.
Alt i alt
kjekt med ein ny trepoengar inn mot ferien. Det unge Dahle-laget var teknisk
godt og vil ta poeng frå mange lag. Dessverre for dei mangle det litt i
avslutningane.
Midstopparduoen Ørjan Tangen og Yngve Solevågseide
spelte i tillegg trygt og tillet ikkje Dahle å komme på skothald. Ronny
Leikarnes var nok likevel viktigast i kveld med sine to mål, men heile laget
skal ha ros for innsats og innstilling.
Flott spelever og alltid triveleg å komme til Dahle
kunsgresspark som har den flottaste tribuna i lokalfotballen. God dommar var Ole
Petter Kristiansen frå Eide.
Neste kamp for Vestnes Varfjell er borte mot Træff 2
måndag 4. august, men den blir truleg flytta då den kolliderer med storkampen
Molde - Aalesund.
Motstandar om kampen>>
Kampfakta:
Dahle 2 - Vestnes Varfjell 0-2 (0-1)
4. divisjon
Nordmøre/Romsdal
Tirsdag 1. juli 2008 kl 18.45
Dahle kunstgresspark, 37 tilskodarar
Mål:
0-1 (17) Ronny
Leikarnes
0-2 (75) Leikarnes
Dommar: Ole Petter
Kristiansen, Eide
Gult kort: Tore Akselsen, Vestnes
Varfjell, eitt til Dahle 2
Vestnes Varfjell (4-3-3): Marius
Sivertsen, Simen Brennvik, Ørjan Tangen, Yngve Solevågseide, Thomas André
Brastad (Jørgen Gravdehaug 83.) - Jakob Talberg, Alexander Connor, Vegard
Ellingseter (Elling Olafsen 75.) - Tommy Kanishi Andreassen, Ronny Leikarnes,
Tore Akselsen (Martin Lange Sylte 70.)
|