Banner

Sesongmeny

Forrige kamp
Bane: Vestnes Idrettspark laur., 19. okt. 2019 15:00
Vestnes Varfjell
Varfjell
3-3 Åndalsnes
ÅIF

søn., 13. okt. 2019 15:00
Elnesvågen
Elnesv.
2-1 Vestnes Varfjell
Varfjell

Resultater

NO ITEMS

Tabellen

# Team K Mål P
1 KBK 2 22 56 46
2 Eide 22 19 43
3 Surnad. 22 14 42
4 Dahle 22 22 40
5 KFK 22 9 32
6 Malmefj. 22 7 31
7 Tomref 22 -11 30
8 Midsund 22 -21 26
9 Varfjell 22 -22 23
10 ÅIF 22 -14 22
11 AK 22 -16 22
12 Elnesv. 22 -43 20

varfjell.no spør

Korleis går det i sesongen?
 

4. divisjon Nordmøre/Romsdal 2008 Skriv ut
 Matchreport: 10. runde - fredag, 27 juni 2008 - 19:00 h
Vestnes Varfjell vs Kristiansund FK
1 1
(0 : ) (0 : )

Match details

Match Date: fredag, 27 juni 2008
Match Time: 19:00 h
Playground: Vestnes Idrettspark
Attendances : 85

Starting line up

Målvakt
Forsvar
Midtbane
Angrep

Substitutes

    Events

    Mål
      Gult kort

         Summary
        (Vestnes Varfjell - KFK 1-1) Den svake poengfangsten på heimebane held fram for Vestnes Varfjell. Fredag var laget likevel svært nærme ein etterlengta heimeseier då laget lenge leia 1-0 mot topplaget KFK. Jakob Talberg sendte laget fortent i leiinga. Mot slutten skaut Ronny Leikarnes i stolpen, berre for å oppleve at KFK utlikna i neste angrep. Med seier ville Vestnes Varfjell ha meldt seg på i tetstriden att, no er det framleis fem poeng opp til den siste av dei to opprykksplassane.

         

        Sjå video her>> | Bildegalleri>>

         

        Kampen starta med at gjestane fekk nokre gratissjansar frå eit heimeforsvar som ikkje var heilt med i starten. Etter kvart kom

        Jakob VinterTalberg scorer mot KFK
        Jakob VinterTalberg scorer mot KFK
        Ronny nesten mål i kampen mot KFK
        Ronny nesten mål i kampen mot KFK
        Ronny i stolpen
        Ronny i stolpen
         

        heimelaget meir med i kampen. Elling Olafsen hadde nokre gode skuddforsøk før Alexander Connor spelte fri Ronny Leikarnes, men den gode KFK-målvakta Sondre Lekve hindra skåring. Seinare hadde Vestnes Varfjell store sjansar på to cornerar etter kvarandre. Nærast kom Ørjan Tangen, men skotet vart redda.

         

        I mosett ende hadde KFK ein stor sjanse då ein lobb traff oppå tverrliggaren. Eit raid frå Tore Akselsen avslutta omgangen, men igjen redda keeper. 0-0 ved pause.

         

        Vestnes Varfjell tok tak i kampen etter kvilen. Laget kjempe godt og vann duellane. Etter 22 minutt kom det velfortente 1-0-målet. Ørjan Tangen spelte fri Jakob Talberg som sette ballen kaldt forbi keeper. Like etter kunne Ronny Leikarnes ha heada inn 2-0 på eit flott innlegg frå Elling Olafsen, men igjen redda keeper.

         

        Vestnes Varfjell hadde god kontroll etter dette, og først dei siste ti minutta skjedde det noko. Innbyttar Frank Nakken fekk ballen for langt føre seg på eit framspel som kunne blitt ein stor sjanse. Så kom ein dobbeltsjanse der Ronny Leikarnes først skaut i stolpen før Elling Olafsen skaut over ope mål.

         

        KFK var eit bra lag, men det var først på dødballar og lange framspel laget var verkeleg farlege. Då hadde Vestnes Varfjell-forsvaret problem med å demme opp. Det var nettopp det som skjedde då utlikningsmålet kom like før slutt. Ballen hamna i ei klynge med fleire raude trøyer og Kjetil Gimnes sette inn 1-1. Bittert for heimelaget som hadde tre poeng nærast i lomma då dette skjedde.

         

        Juryen i Hegreberget kåra Ørjan Tangen til heimelagets beste. Han spelte seg stort opp gjennom kampen og viste at han også kan bekle ein plass i midtsforsvaret. Fleire andre spelte også bra, men vi vil trekke fram sideback Thomas André Brastad spelte ein god kamp, målskårar Jakob Talberg på midtbana og innbyttar Vegard Ellingseter.

         

        Kampfakta:

        Vestnes Varfjell - KFK 1-1 (0-0)
        Seriekamp 4. divisjon Nordmøre/Romsdal
        Vestnes idrettspark, 85 tilskuarar
        Mål:
        1-0 (67) Jakob Talberg
        1-1 (89) Kjetil Gimnes
        Dommar: Kristiansen, Måndalen

        Gult kort: Elling Olafsen, Ørjan Tangen og Tommy Kanishi Andreassen, alle VVIL

        Vestnes Varfjell: Sivertsen, Brennvik, Tangen, Solevågseide, Brastad  - Olafsen, Connor (F Nakken 62.), Talberg - Akselsen (Ellingseter 73.), Leikarnes, Kanishi.