Banner

Sesongmeny

Forrige kamp
laur., 14. mar. 2020 00:00
Herd
Herd
--- Forhånds
Vestnes Varfjell
Varfjell

tor., 27. feb. 2020 19:00
Emblem
Embl
3-2 Vestnes Varfjell
Varfjell

Resultater

NO ITEMS

Tabellen

# Team K Mål P
1 KBK 2 22 56 46
2 Eide 22 19 43
3 Surnad. 22 14 42
4 Dahle 22 22 40
5 KFK 22 9 32
6 Malmefj. 22 7 31
7 Tomref 22 -11 30
8 Midsund 22 -21 26
9 Varfjell 22 -22 23
10 ÅIF 22 -14 22
11 AK 22 -16 22
12 Elnesv. 22 -43 20

varfjell.no spør

Korleis går det i sesongen?
 

4. divisjon Nordmøre/Romsdal 2008 Skriv ut
 Matchreport: 9. runde - fredag, 20 juni 2008 - 19:00 h
Gossen vs Vestnes Varfjell
1 2
(1 : ) (0 : )

Match details

Match Date: fredag, 20 juni 2008
Match Time: 19:00 h
Referee: Roger Hagbø
 
Attendances : 52

Starting line up

Målvakt
Forsvar
Midtbane
Angrep

Substitutes

    Events

    Mål
      Gult kort

         Summary
        Etter ein tung periode i serien kom endeleg seieren att for Vestnes Varfjell i 4. divisjon. Laget låg lenge under etter ei straffeskåring før pause, men to seine skåringar av Simen Brennvik og Ronny Leikarnes sikra ein fortent seier. Særleg etter pause var dei marineblå overlegne i sjanseprotokollen. - Stor innsats av alle gjorde at vi vann denne kampen, fortel oppman Einar Helge Brennvik vil varfjell.no. Sjå video av måla>>


        - Vi talte opp 14 sjansar til oss i andre omgang. Gossen hadde ein duppar i tverrliggar, men elles var vår målvakt Marius Sivertsen borti ballen berre tre gongar i andre omgang, fortel oppman Einar Helge Brennvik vil varfjell.no.

        Han leia laget saman med Gudmund Sylte og Alex Connor senior i trenar Alexander Connor sitt fråver.

         

        Ronny Leikarnes
        Ronny Leikarnes
        Vestnes Varfjell opna best i kraftig regn og motving på Riksfjord stadion. Laget greide likevel ikkje å omsette overtaket i skåringar. I staden let dei Gossen komme inn i kampen. Etter ein halvtime fekk vertane eit straffespark som ikkje alle med Vestnes Varfjell-auge såg like godt. Sivertsen redda først, men kunne ikkje hindre returen. Sjå video her >> ikevel 1-0 til Gossen ved pause. Eit skot i stolpen frå Tommy Kanishi var det næraste Vestnes Varfjell kom skåring i første omgang, i tillegg hadde laget eit mål annulert for offside. 

        Vestnes Varfjell bestemte seg for å gå hardt ut etter pause, men no hadde vinden løya. Etter kvart blåste vinden bokstavleg talt Vestnes Varfjell sin veg. Men det drøya lenge før laget fekk utteljing. 41 minutt var spelt då Simen Brennvik var frampå og sette inn utlikninga etter eit frirspark. Dei fleste belaga seg no på uavgjort, men like før slutt dukka den gamle storskåraren Ronny Leikarnes opp. Frå hjørnet av 16-meteren sendte han i veg eit skot/innlegg som gjekk forbi alle og i mål.

         

        Simen Brennvik
        Simen Brennvik
        Vestnes Varfjell hadde mange forfall til kampen, mellom anna måtte omtrent heile forsvaret setjast på nytt etter at Bjørn-Vegard Løvik (skade), Per Kristian Os Nakken (skade) og Nirut Mjøs ikkje kunne vere med, i tillegg til spelande trenar Alexander Connor. Martin Lange Sylte måtte ut med skade alt etter 35 minutt, men innbyttar Thomas André Brastad gjorde jobben som erstattar.

         

        - Dei som fekk sjansen, tok vel vare på den, seier Brennvik.

        Yngve Solevågseide fekk BB-utmerkinga i Romsdals Budstikke.

         

        Gossen om kampen>>

        Kampfakta:
        Gossen- Vestnes Varfjell 1-2 (1-0)
        Riksfjord stadion, 50 tilskuarar
        Mål:
        1-0 (30) Sølve Starheim, str.
        1-1 (86) Simen Brennvik
        1-2 (89) Ronny Leikarnes
        Dommar: Roger Hagbø, MFK
        Gulrt kort: Mariuus Sivertsen, VVIL (for smykke!)

        Vestnes Varfjell 4-3-3: Marius Sivertsen, Simen Brennvik, Ørjan Tangen, Yngve Solevågseide, Martin Lange Sylte (Thomas André Brastad 35.) - Jakob Talberg (Vegard Ellingseter 80.), Tore Akselsen, Elling Olafsen (Jørgen Gravdehaug 85.) -Tommy Kanishi Andreassen, Ronny Leikarnes, Frank Nakken.

         

        Foto og video: Asbjørn Vik