Banner

Sesongmeny

Forrige kamp
laur., 14. mar. 2020 00:00
Herd
Herd
--- Forhånds
Vestnes Varfjell
Varfjell

tor., 27. feb. 2020 19:00
Emblem
Embl
3-2 Vestnes Varfjell
Varfjell

Resultater

NO ITEMS

Tabellen

# Team K Mål P
1 KBK 2 22 56 46
2 Eide 22 19 43
3 Surnad. 22 14 42
4 Dahle 22 22 40
5 KFK 22 9 32
6 Malmefj. 22 7 31
7 Tomref 22 -11 30
8 Midsund 22 -21 26
9 Varfjell 22 -22 23
10 ÅIF 22 -14 22
11 AK 22 -16 22
12 Elnesv. 22 -43 20

varfjell.no spør

Korleis går det i sesongen?
 

4. divisjon Nordmøre/Romsdal 2008 Skriv ut
 Matchreport: 7. runde - fredag, 06 juni 2008 - 19:00 h
Åndalsnes vs Vestnes Varfjell
4 2
(3 : ) (1 : )

Match details

Match Date: fredag, 06 juni 2008
Match Time: 19:00 h
Referee: Eivind Solnørdal
 
Attendances : 75

Starting line up

Målvakt
Forsvar
Midtbane
Angrep

Substitutes

    Events

    Mål
      Gult kort

         Summary
         

         

        Snutter fra Åndalsnes - Varfjell kampen
        Snutter fra kampen

        Spelande trenar Alexander Connor er irritert over at laget hans tapte kampen mot Åndalsnes fredag. Han meiner laget hans skapte nok sjansar både til eitt og tre poeng. Effektiviteten føre mål var skilnaden på laga, der Vestnes Varfjell berre mankta å skåre to mål trass i mange store sjansar. No ventar Midsund heime fredag, ein kamp Vestnes Varfjell ikkje har råd til å tape poeng. Her er trenarhjørnet denne veka:


        "Det er vannvittig surt og irriterande at me nok ein gong ikkje klarer å avgjere dei jamne kampane. Me treng tydelegvis 10 sjansar for å skåre eitt mål. Medan motstanderen treng berre å nærme seg målet vårt, før dei skårar. Slikt blir det ikkje mange poeng av. Det kan sjå ut som me er blitt vaksinert mot å skåre. Me spelar til tider veldig bra offensivt, men i dei avgjerande trekka, stoppar det heilt opp. Med normal utteljing burde me ha leda med to mål allereie etter 20 minutt, men i staden er det ÅIF som tar ledinga etter et sjølvmål. Og sjølv om dei går opp til 2-0 kun 2 minutt seinare, klarer me faktisk å halde trøkket oppe. Reduseringa fire minutt seinare er derfor veldig fortent. Og då skjer det igjen: dei er heldige og skårar på eit frispark som sprett forbi alle og rett i mål.

         

        Etter pause brukar me litt meir tid på å komme i gang, men den siste halvtimen av omgangen styrer me alt, men klarer nok ein gong ikkje å skåre på sjansane våre. Etter reduseringa til 2-3, satsar med alt framover for å få eitt poeng. ÅIF sitt fjerde mål kjem som ein naturlig konsekvens av at me angriper med alle mann. ÅIF vinn 4-2, eit resultat som slett ikkje gir eit korrekt bilde verken av banespelet eller talet på sjansar. Men som den seier alt om forskjellen i effektiviteten på laga, og det er det som dessverre tel.

         

        Ein anna ting som er frustrerande er at me mister tre sentrale spelarar den siste timen før kampen. Det gjer at med må foreta ei rekke rokeringar og byter, og det er ugunstig så tett opp til kampen. Med disse spelarane på plass, trur eg resultatet hadde blitt annleis.

         

        Neste kamp er mot Misund heime på fredag, og det er ein kamp me MÅ vinne dersom med skal henge med i toppen av divisjonen. Me har trua på at me skal klare dette, men då må effektiviteten bli lant betre denne han har vore så langt i sesongen."

         

         

        Tommy Kanishi og Alexander Connor
        Kanishi og Connor går skuffa av bana. (Foto: Asbjørn Vik)
        Vestnes Varfjell tapte 2-4 mot Åndalsnes for tredje gong i år. Det hjalp ikkje at laget var spelemessig best på Øran. Jakob Talberg og Tommy Kanishi Andreassen skåra for Vestnes Varfjell. Stillinga ved pause var 3-1. Vestnes Varfjell pressa på og var svært nære utlikning på slutten, men fekk i staden eit mål imot på overtid. varfjell.no gav deg full oppdatering frå kampen. Under kan du lese kampforløpet. SJÅ VIDEOAR. Andre resultat: KFK - Træff 2 2-0, Midsund - Sunndal 2 4-0, Gossen - Bud 3-2. 3. div: Rival - Måndalen 4-1, Dahle - Surnadal 2-2. 5. div: Isfjorden - Tomrefjord 5-4. Meek-Fiks/Rek 2-3.

         


        Slutt: 4-2: Det endar 4-2 på Øran. Eit resultat heimelaget skal vere godt fornøg med. Vestnes Varfjell hadde det meste både av banespelet og sjansane, men ÅIF var effektive og skåra på dei sjansane dei fekk. Simen Brennvik kom inn for Elling Olafsen etter ein time. Gult kort til Tore Akselsen, Alexander Connor og Ronny Leikarnes. Takk til Lars Jørgen Skjegstad for oppdateringar.

        89. min: 4-2: Vestnes Varfjell jaktar utlikning. Den offensive satsinga, med berre to mann i forsvar straffar seg. ÅIF set inn seiersmålet. Kort tid att no.
        77. min: 3-2: Tommy Kanishi Andreassen har redusert for Vestnes Varfjell på et flott raid. Det er enno tid til å skåre eitt til. Det går mot spennande sluttminutt.
        75. min: Mållaust enno etter pause, men Vestnes Varfjell skaper sjansane. Kvarteret att å gjere det på.
        60. min: Fortsatt 3-1. Lite skjer, det er mest stillingskrig. Ronny Leikarnes har hatt ein brukbar sjanse, men skotet gjekk utanfor. Heimelaget er best i duellspelet, medan Vestnes Varfjell står for det beste spelet.
        46. min: Andre omgang er igang. Frank Nakken har komme inn for Jørgen Gravdehaug.

        Pause: Laga tar ei velforent pause på stillinga 3-1 til heimelaget. Fordelinga av måla står ikkje i stil med banespelet. Vestnes Varfjell har stått for den beste fotballen ifølge varfjell.no sin utsendte, men slepp inn for lette mål og skårar ikkje på eigne sjansar. Det er som kjent ein dårleg kombinasjon i fotball. Skjerping må til om dette skal bli poeng.
        40. min: 3-1: Målrikt på Øran. Heimelaget har igjen ei leiing på to mål. Eit frispark frå sida går forbi alle og i nettet.
        29. min: 2-1: Vestnes Varfjell slår tilbake. Jakob Talberg gjer godt att for sjølvmålet og set inn reduseringa etter litt "klabb og babb" foran mål.

        25. min, 2-0: Åndalsnes aukar leiinga like etter det første målet, denne gongen på eit langskot.
        24. min, 1-0: Jakob Talberg er uheldig og set ballen i eige mål etter ein corner.
        15. min: Det står framleis 0-0. ÅIF har vore førande, men Vestnes Varfjell har hatt to gode sjansar ved Tommy Kanishi Andreassen og Tore Akselsen på kontringar.
        1. min: Kampen er i gang på Øran-kunstgraset. Det er varmt, sikker rundt 25 grader. Eivind Solnørdal, MFK, er dommar. Rundt 75 tilskuarar har møtt opp til lokaloppgjeret, deriblant ein kontingent på 15 frå Vestnes Varfjell sin supporterklubb, Hegreberget.

        Utespelar Thomas André Brastad står i mål for Vestnes Varfjell som stiller dette laget frå start: Brastad, Olfasen, Løvik, Connor, Tangen - Talberg, Gravdehaug, Solevågseide - Kanishi Andreassen, Leikarnes, Akselsen.
        Benken: Brennvik, Nakken, Lange Sylte, Ellingseter, Os Nakken.

         

        Kampfakta:

        Åndalsnes - Vestnes Varfjell 4-2 (3-1).
        Mål: 1-0 (21) selvmål, 2-0 (24) Robin Gjerde, 2-1 (28) Jakob Talberg, 3-1 (38) Kevin Staurset, 3-2 (83) Tommy Kanishi, 4-2 (90) Kim Levi Wood. Dommer: Eivind Solnørdal, Molde.