Banner

Sesongmeny

Forrige kamp
laur., 14. mar. 2020 00:00
Herd
Herd
--- Forhånds
Vestnes Varfjell
Varfjell

tor., 27. feb. 2020 19:00
Emblem
Embl
3-2 Vestnes Varfjell
Varfjell

Resultater

NO ITEMS

Tabellen

# Team K Mål P
1 KBK 2 22 56 46
2 Eide 22 19 43
3 Surnad. 22 14 42
4 Dahle 22 22 40
5 KFK 22 9 32
6 Malmefj. 22 7 31
7 Tomref 22 -11 30
8 Midsund 22 -21 26
9 Varfjell 22 -22 23
10 ÅIF 22 -14 22
11 AK 22 -16 22
12 Elnesv. 22 -43 20

varfjell.no spør

Korleis går det i sesongen?
 

4. divisjon Nordmøre/Romsdal 2008 Skriv ut
 Matchreport: 6. runde - fredag, 30 mai 2008 - 19:00 h
Vestnes Varfjell vs Gry/Kårv/H/AK2
2 2
(0 : ) (0 : )

Match details

Match Date: fredag, 30 mai 2008
Match Time: 19:00 h
Playground: Vestnes Idrettspark
Referee: Harald Gule
 
Attendances : 100

Starting line up

Målvakt
Forsvar
Midtbane
Angrep

Substitutes

    Events

    Mål
      Gult kort

         Summary
         
        Varfjell - Gry/Kårvåg/Havørn/AK : 2 - 2 Mål Tommy Kanishi
        Mål Tommy Kanishi

        Vestnes Varfjell tok leiinga to gonger i andre omgang, men måtte til slutt nøye seg med 2-2 og eitt poeng i møtet med Gry/AK 2 fredag. Tore Akselsen og Tommy Kanishi Andreassen skåra for heimelaget, men etter begge skåringane var den gamle AK-kjempa Øystein Røsand frampå og utlikna. Vestnes Varfjell sleit med å få til sitt eige spel mot rutinerte gjestar, og uavgjort var greit nok etter spel og sjansar. Sjå videoar her. Bildegalleri her eller her (lysbildevisning)


        Gjestane, som stilte med fire spelarar med erfaring frå 4. divisjon, var best i starten. Heimelaget sleit med å få til angrepsspelet sitt og måtte også gjere rokeringar i laget etter at ein småsjuk Per Kristian Os Nakken måtte kaste inn handkleet tidleg. Dermed forsvann Yngve Solevågseide ned på midtstopparplassen, og midtbana mista ein del løps- og taklingsstyrke.

         

        Innbyttar Elling Olafsen markerte seg med ein gong. Eit skot frå 16 meter small i krysset og ut etter eit kvarter. Heimelaget hadde også fleire gode forsøk før pause, mellom anna to dobbeltsjansar der Simen Brennvik først forsøkte før Ronny Leikarnes var nære ved å kunne sette ballen i mål på forsøk nummer to.

         

        Andre omgang starta med at Frank Nakken spelte fri Tore Akselsen, men keeper stoppa den store sjansen. Heimelaget tok leiinga 1-0 på eit frispark-innlegg frå Tore Akselsen som gjekk forbi alle og i mål.

         

        Grykam kvitterte raskt. Øystein Røsand, som ifølge nettsidene til Grykam vart med til Vestnes i siste liten, fekk stå heilt aleine og skyte inn utlikninga.

         

        Innhoppet til Tommy Kanshi Andreassen sette meir fart i heimelaget og 20 minutt før slutt var han frampå og sendte vertane i ny leiing. Tore Akselsen spelte nydeleg fri Jakob Talberg som skaut på keeper. Kanishi snappa opp returen og sette ballen i mål frå skrått hold.

         

        Men, gleden over skåringa skulle igjen bli kortvarig, for fem minutt seinare hadde Røsand igjen sørga for at laga sto like langt. Kampen ebba ut med sjansar til begge lag, men uavgjort var vel greit nok. Harald Gule, MFK, var som alltid god dommar.

         

        Grykam skriv på sine nettsider at dei spelte sin beste kamp for året, og det må Vestnes Varfjell ta med seg når kampen skal analyserast. Det er sjølvsagt ikkje bra å spele avgjort heime ikkje for eit lag med opprykksambisjonar, men samtidig er det godt å vite at laget har mykje meir inn. Kanskje kjem formutløysinga når laget skal gjeste Åndalsnes om ei veke. Bjørn-Vegard Løvik vart kåra til heimelagets beste av ein jury.  

        Kampfakta:
        Vestnes Varfjell 2 (0)
        Gry/Kårvåg/Havørn/AK2 2 (0)

        4. divisjon Nordmøre/Romsdal
        Fredag 30. mai 2008 kl 19.00
        Vestnes idrettspark, 100 tilskuarar
        Mål:
        1-0 (51) Tore Akselsen
        1-1 (57) Øystein Røsand
        2-1 (71) Tommy Kanishi Andreassen
        2-2 (75) Røsand
        Dommar: Harald Gule, MFK
        Gult kort: Martin Lange Sylte, Vestnes Varfjell og Roger Sundsøy, Grykam
        Vestnes Varfjell (4-5-1)
        Erling Magne Slemmen
        Nirut Mjøs
        Bjørn-Vegard Løvik
        Per Kristian Os Nakken
        (Elling Olafsen 12.)
        Frank Nakken
        (Jakob Talberg 70.)
        Yngve Solevågseide
        (Martin Lange Sylte 79.)
        Alexander Connor
        (Vegard Ellingseter 85.)
        Simen Brennvik
        (Tommy Kanishi Andreassen 60.)
        Ronny Leikarnes
        Tore Akselsen

        Gry/AK 2: Nils Albertsen, Svein E. Dyrset, Kristian Bævre, Ingve Helset, Øystein Røsand, Kim Henden, Roger Sundsøy (Magnus Kristensen), Tore Husby (Tor K. Skarvøy), Thomas Sørvik, Rune Sundsøy.

         

        Mostandaren sitt syn >>