Banner

Sesongmeny

Forrige kamp
laur., 14. mar. 2020 00:00
Herd
Herd
--- Forhånds
Vestnes Varfjell
Varfjell

tor., 27. feb. 2020 19:00
Emblem
Embl
3-2 Vestnes Varfjell
Varfjell

Resultater

NO ITEMS

Tabellen

# Team K Mål P
1 KBK 2 22 56 46
2 Eide 22 19 43
3 Surnad. 22 14 42
4 Dahle 22 22 40
5 KFK 22 9 32
6 Malmefj. 22 7 31
7 Tomref 22 -11 30
8 Midsund 22 -21 26
9 Varfjell 22 -22 23
10 ÅIF 22 -14 22
11 AK 22 -16 22
12 Elnesv. 22 -43 20

varfjell.no spør

Korleis går det i sesongen?
 

4. divisjon Nordmøre/Romsdal 2008 Skriv ut
 Matchreport: 5. runde - måndag, 26 mai 2008 - 19:00 h
Rival 2 vs Vestnes Varfjell
1 3
(0 : ) (1 : )

Match details

Match Date: måndag, 26 mai 2008
Match Time: 19:00 h
Playground: Rivalbanen
Referee: Ola Skjørli Oterhals
 
Attendances : 25

Starting line up

Målvakt
Forsvar
Midtbane
Angrep

Substitutes

    Events

    Mål

       Summary
      Leikarnes, Olafsen, Ellingseter
      Leikarnes, Olafsen, Ellingseter
      (Rival - Vestnes Varfjell 1-3) Vestnes Varfjell held følge i teten av 4. divisjon etter seier 3-1 borte mot Rival 2 måndag. Det vart ein slitekamp på ei vanskeleg bane, der stillinga ved pause var 1-0 til Vestnes Varfjell. Kampen var jamn, men Vestnes Varfjell var flinkast føre mål og leia 3-0 før Rival reduserte på overtid. Ronny Leikarnes skåra dei to første måla, Vegard Ellingseter det siste. Vestnes Varfjell stilte med utespelar Elling Olafsen i mål. Han redda mellom anna eit straffespark på slutten.
      Sjå videoar frå kampen >>

       


      Olafsen tok utfordringa då den faste målvakta Marius Sivertsen kasta inn handkledet alt under oppvarminga på grunn av ein skade han pådrog seg på trening.

       

      Rival 2, som hadde innkalt 14 mann frå A-stallen til å spele kampen sidan dei stilte svært redusert i siste kamp i 3. divisjon, skapte dei første store sjansane. Bendik Hareide, son av landslagstrenaren, var mellom dei som starta kampen for Rival 2. Etter kvart fekk Vestnes Varfjell-spelarane betre tak på det mildt sagt ujamne underlaget.

       

      Ronny Leikarnes scorer mot Rival2
      Ronny Leikarnes scorer mot Rival2

       

      Ronny Leikarnes scorer for Varfjell mot Rival 2
      Ronny Leikarnes scorer for Varfjell mot Rival 2

       

      Vegard Ellingseter scora for Varfjell mot Rival2
      Vegard Ellingseter scora for Varfjell mot Rival2

       

      Etter 25 minutt viste Ronny Leikarnes gamle storskårartakter då han sprang frå Rival-forsvaret og sette ballen forbi keeper til leiing 1-0. Spelande trenar Alexander Connor sto for det like perfekte framspelet.

       

      Ti minutt etter hadde Vestnes Varfjell ein dobbeltsjanse der Jørgen Gravdehaug først skaut på keeper før Ronny Leikarnes skaut returen over mål. Fem minutt etter kom ein ny dobbeltsjanse, denne gongen ei heading frå Simen Brennvik og deretter eit skot på keeper frå Tommy Kanishi Andreassen. Omgangen ebba ut med ei heading på keeper frå Brennvik etter fint kombinasjonsspel med Leikarnes.

       

      Andreomgangen starta med to nestensjansar der både Frank Nakken og Ronny Leikarnes var "ei tå" unna å få foten på ballen frå fin skåringsposisjon. Etter halvspelt omgang kom endeleg mål nummer to. Nakken spelte fri Leikarnes som sette ballen i mål frå 10 meter.

       

      Rival 2 hadde no lite å svare med, og Olafsen i Vestnes Varfjell-målet fekk lite å gjere. Innbyttar Vegard Ellingseter markerte seg positivt for Vestnes Varfjell og starta med eit fint skot utanfor. Seinare gjorde han eit fin forarbeid då han la ballen til Tore Akselsen som berre hadde å sette ballen i mål frå kloss hald. Uheldigvis sto det ein Rival-spelar på streken og redda.

       

      Mål vart det likevel på Ellingseter fem minutt før slutt. Han finta seg sjølv fri og skaut i mål til 3-0. Mot slutten bytta Vestnes Varfjell "halve laget" og Rival fekk sleppe til. Jan Tore Eik laga straffespark, men den gamle storskåraren Øystein Sletvold vart nekta skåring av Olafsen som var som ein tiger nede ved stolperota. Returen gjekk i nettveggen. På overtid fekk Rival 2 likevel sitt trøstemål då Varfjell-forsvaret ikkje fekk klarert og eit skot frå 16 meter gjekk inn.

       

      Dei tre poenga var viktegast i dag, finspel var det umuleg å få til på den ujamne bana. Laget spelte seg opp etter ein litt tam start. I tillegg til tomålsskårar Leikarnes og stand in-målvakt Olafsen synest me at midstopparparet Yngve Solevågseide og Bjørn-Vegard Løvik var dei beste denne gongen. Kampens gode dommar, Ola Skjørli Oterhals, delte ut to gule kort til Rival. 25 tilskodarar såg kampen, deriblant ein liten kontingent frå supporterklubben Hegreberget.

      Spelande trenar Connor om kampen:
       

      " Det er i grunn ikke så mye å si om kampen. Vi vant fortjent og hadde på mange måter nødt til å vinne også, siden både KFK og ÅIF virker veldig solide og sanker mange poeng. Så dersom vi skal henge med i toppen er det viktig at vi ikkje taper poeng mot antatt svakere motstand. Så det var en lettelse da seieren var i boks. Ikkje fordi at Rival var spesielt gode, men fordi at bana var ufattelig dårlig. Det var heilt håplaust å spille ball der. Men heldigvis så klarte vi likevell å skape mange sjanser og gode overganger.
      Vi var veldig fornøyd med 3 poeng og nå ser vi fram til fredag. Da skal vi møte Gry/Ak2 på Stadion. Et Gry-lag som nå ser ut til å ha funnet fram form fra i fjor. Så dette blir ingen lett oppgave, så vi må holde fokus og konsentrasjonen på topp dersom det skal bli poeng i den kampen også."

      Alt fredag er det ny kamp. Då kjem Gry/AK 2 på besøk til Vestnes idrettspark.

       

      Kampfakta
      Rival 2 - Vestnes Varfjell 1-3
      Pause 0-1
      Seriekamp 4. divisjon Nordmøre/Romsdal
      Rivalbanen
      25 tilskodarar
      Mål:
      0-1 (25) Ronny Leikarnes
      0-2 (72) Leikarnes
      0-3 (85) Vegard Ellingseter
      1-3 (90) Stephan Hansen
      Dommar: Ola Skjørli Oterhals, MFK
      Gult kort: Jan Kåre Gautvik og nr 5, Rival 2

      Vestnes Varfjell (4-3-3/4-2-2):
      Elling Olfasen
      Ørjan Tangen
      (Martin Lange Sylte 86.)
      Bjørn-Vegard Løvik
      Yngve Solvevågseide
      Nirut Mjøs
      (Thomas André Brastad 75.)
      Alexander Connor
      (Jan Tore Eik 86.)
      Frank Nakken
      (Tore Akselsen 67.)
      Jørgen Gravdehaug

      (Vegard Ellingseter 62.)
      Tommy Kanishi Andreassen
      (Jakob Talberg 55.)
      Ronny Leikarnes
      Tore Akselsen

      (Simen Brennvik 33.)