Peptalk i pausen.
Vestnes Varfjell vann laurdag 4-1 borte mot Bud i 4. divisjon. Det sto 2-0 ved pause. Frank Nakken, Jørgen Gravdehaug, Tore Akelsen og Ronny Leikarnes skåra måla for Vestnes Varfjell. Inga stor forestilling på vårgrøne Bud stadion, men Vestnes Varfjell hadde god kontroll sett bort frå ein periode tidleg i andre omgang då Bud reduserte til 1-2.
Videoar >>
Bildegalleri >>
Videoar frå Varfjell-tv

Frank Nakke n mål mot Bud

Jørgen Gravdehaug mål mot Bud
Tore. Stor sjanse
Kjempeskåring av Tore Akselsen
Mål av Ronny Leikarnes
Nesten mål
Akselsen (lobb i tverrliggar)
|
Kampen starta med tre store sjansar. Frank Nakken skaut like utanfor, medan Tore Akselsen avslutta eit flott raid med eit skot på innsida av stolpen. I andre enden skaut Bud eit frispark i tverrliggaren.
Spelet roa seg litt etter kvart, men heile tida med gjestane i føringa. Eit mål vart annulert for offside, og Tommy Kanishi Andreassen fekk eit skot redda på strek før Frank Nakken endeleg fann nettmaskene til 1-0. Same Nakken spelte fram Jørgen Gravdehaug til pauseleiing 2-0.
I pausen åtvare spelande trenar Alexander Connor om at dette ikkje var avgjort, og no kom Bud betre med i medvinden. Rune Aure sette inn reduseringa på ein retur etter ein corner. Heldigvis greide ikkje Bud å halde oppe trøkket, og etter kvart tok Vestnes Varfjell over att. Kanishi, Akselsen (lobb i tverrliggar) og Jakob Talberg hadde stores sjansar før 3-1 kom kvarteret før slutt. Eit innkast hamna hos Tore Akselsen som heada elegant over keeper og i mål. Innbyttar Ronny Leikarnes opna skåringskontoen for sesongen då han forlenga eit skot til sluttresultat 4-1.
Det var ingen stor kamp av Vestnes Varfjell, der ingen tok seg ut meir enn nok til å sikre ein til slutt komfortabel seier. Ørjan Tangen ble kåra til banens beste i RB. Også Bjørn-Vegard Løvik og Ynge Solevågseide var suverene i forsvar medan Tore Akselsen glimta til mest offensivt,
Dommar Eivind Solnørdal feira 48-årsdagen med å dømme prikkfritt, men måtte opp med et gule kortet til to Vestnes Varfjell-spelarar (Akselsen og Ellingseter) og Marius Selnak, Bud. 100 tilskodarar såg kampen i lett regnvær i Buaværet, deriblant ein 10 mann sterk tropp frå Hegreberget.
Kampfakta:
Bud - Vestnes Varfjell 1-4
Pause: 0-2
4. divisjon Nordmøre/Romsdal
Laurdag 26. april 2007 kl 16.00
Bud stadion, 100 tilskodarar.
Mål:
0-1 (28) Frank Nakken
0-2 (42) Jørgen Gravdehaug
1-2 (58) Rune Aure
1-3 (75) Tore Akselsen
1-4 (80) Ronny Leikarnes.
Dommar: Eivind Solnørdal, MFK
Gult kort: Marius Selnak, Bud, Tore Akselsen og Vegard Ellingseter, Vestnes Varfjell
Vestnes Varfjell (4-5-1):
Marius Sivertsen
Ørjan Tangen
Bjørn Vegard Løvik
Yngve Solevågseide
Nirut Mjøs
(Martin Lange Sylte 78.)
Tommy Kanishi Andreassen
(Simen Brennvik 78.)
Jakob Talberg
Alexander Connor
Jørgen Gravdehaug
(Vegard Ellingseter 75.)
Tore Akselsen
(Jan Tore Eik 85.)
Frank Nakken
(Ronny Leikarnes 60.)
Videofotograf: Asbjørn Vik
Foto bildegalleri: Gjermund Kjøpstad
Bud - Vestnes Varfjell 2008
Legg som favoritt (1) | Vist: 109
{rsg2_display: 8, slideshow_parth}
|