Vestnes Varfjell kjempa godt, men måtte til slutt notere eit 0-4-tap heime mot KBK 2 i seriepremieren søndag. Stillinga ved pause var 0-1 etter at KBK kom igjennom og fekk avslutta med skot forbi keeper ved Sverre Arntsen Lervik. Før dette hadde Vestnes Varfjell vore nærast etter at Tor-Bjarne Løvik Salte heada over frå god posisjon.
Â
KBK-rekruttane tok over etter pause, og det vart meir om meir synleg kven det er som trenar kvar dag. Leander Næss Alvheim vart dagens man med hat-trick. Først skåra han på straffespark etter ein time, deretter drog han seg fri og sette ballen kontant opp i nota frå kloss hald, før han heada inn det siste målet etter eit innlegg på bakre stolpe. KBK fekk også eit andre straffespark, men det redda Owen Connor meisterleg.
KBK 2 hadde også eit skot som gjekk via stolpen og i armane på målvakt Connor. Vestnes Varfjell sleit med å produsere noko framover, men både Ole-Ragnar Opstad Forsland og Karl Arne Stokkeland kom aleine igjennom, men begge lobba over mål.
Â
Uansett mykje positivt å ta med seg frå ein kamp der heile 150 tilskuarar hadde tatt vegen til Vestnes idrettspark. Vegar Skare var kaptein for dagen då Ørjan Tangen ikkje kunne vere med. Eit par skot for baugen var det også at både Elling Olfasen og Magnus Nerheim måtte ut med skade tidleg.
Â
Fire spelarar debuterte i denne kampen: Målvakt Owen Connor, samt Tor-Bjarne Løvik Salte, Oliver Connor Søreng og Ole-Ragnar Opstad Forsland. For dei tre først nemnde var det også første kampar på seniornivå. Alle gjorde sine saker bra og viste at det står bra til med rekrutteringa sjølv om det også har vore nokre fråfall i koronaperioden.
Â
Varfjells beste: Midtstoppar Cédric Ronnie Hellström Andreassen som rydda godt opp i dei bakre rekker.
SJÃ… HEILE KAMPEN I OPPTAK I VARFJELL-TV
Â
SJÃ… BILDEGALLERI FRÃ… KAMPEN HER
Â
KAMPFAKTA:
Vestnes Varfjell - Kristiansund BK 2 0-4 (0-1)
Seriekamp 4. divisjon Nordmøre/Romsdal
Vestnes idrettspark, søndag 15. august 2021 kl 14
Ca 150 tilskuarar
MÃ¥l:
0-1 (33) Sverre Arntsen Lervik
0-2 (61) Leander Næss Alvheim, straffespark
0-3 (79) Næss Alvheim
0-4 (86) Næss Alvheim
Ingen kort
Dommar: Adrian Bratli, Molde FK. Assistentdommarar: Magnus Smørdal, Molde FK og Oliver Bjørsnøs Bakke, Elnesvågen og Omegn
Vestnes Varfjell (5-4-1): Owen Connor; Lars-Helge Lien, Håkon Kjørvik, Svein Erik Lange Male, Cédric Ronnie Hellström Andreassen, Juan Rikard Larsen (Ole-Ragnar Opstad Forsland 80.) - Vegar Skare, Magnus Nerheim (Ole-Ragnar Opstad Forsland 17.) (Karl Arne Stokkeland 75.), Tor-Bjarne Løvik Salte, Vegard Ellingseter (Oliver Connor Søreng 73.) - Elling Olafsen (Eirik Leao Tomren 9.)
|