Vestnes Varfjell tapte til slutt 2-4 borte mot Dahle i sesongens siste seriekamp. Elling Olafsen var og Svein Erik Lange Male skåra i ein kamp der laga dominerte i kvar sin omgang, men der Vestnes Varfjell igjen slapp inn altfor lette mål.
Â
SJÃ… HEILE KAMPEN I OPPTAK I VARFJELL-TV | EIT LITE BILDEGALLERI HER
Â
Kampen måtte utsetjast i eit kvarter fordi maxi-taxien som skulle køyre Vestnes Varfjell frå Molde hadde lekkasje. Sjåføren snudde og skaffa ny bil.
Â
Men om "bussen var parkert" utanfor gjedet, så var den det ikkje inne på Dahle idrettspark. Heimelaget skåra nemdleg alt etter 45 sekund då dei kom lett forbi på sida og Mats Tolcsiner enkelt kunne sette ballen i mål frå kloss hald. Dahle dominerte i starten og Vestnes Varfjell hadde berre nokre nestensjansar.
Â
Halvtimen var spelt då Magnus Nerheim vart felt på veg igjennom. Elling Olafsen sette straffesparket kontant i mål til utlkning 1-1. Minuttet etter hindra ei feberredning at Svein Erik Lange Male hadde snudd til 2-1 på ei heading etter corner. I staden kontra Dahle som, keeper Connor rykka ut, men kunne ikkje hindre
Â
3-1 kom like etter pause på eit flott skot frå Henrik Rolland som snappa eit svart tilbakespel. Etter dette tok Varfjell over samtidig som heimelaget bytta mykje på aget. Svein Erik Lange Male vart flytta fram og det var han som heada eit frispark frå Vegard Elllingseter inn tl redusering 2-3 fem minutt før slutt. Olafsen kriga med keeper, og vart først opplyst som målskårar, men ballen gjekk visst rett inn. Men i staden for ein sluttspurt for uavgjort skåra Dahle igjen på direkten etter eit skot over keeper.
Â
Â
Resultatet betyr at Vestnes Varfjell vart nummer ni på sluttabellen for 4. divisjon.
Â
KAMPFAKTA:
Dahle - Vestnes Varfjell 4-2 (2-1)
Seriekamp 4. divisjon, Nordmøre/Romsdal
Laurdag 23. oktober 2021 kl 14.45
Dahle kunstgresspark, 50 tilskuarar (fire Vestnes Varfjell)
MÃ¥l:
1-0 (1) Mats Tolcsiner
1-1 (30) Elling Olafsen, straffespark
2-1 (32) Tobias Larsen Lysø
3-1 (50) Henrik Rolland
3-2 (85) Svein Erik Lange Male
4-2 (86) Lucas Gaspar da Silva
Dommar: Simon Sandvik, Elnesvågen
Gult kort: Tre til Dahle
Vestnes Varfjell (5-4-1): Owen Connor: Juan Rikard Larsen (Arjan Sylte 85.), Håkon Kjørvik, Svein Erik Lange Male, Vegard Ellingseter, Lars-Helge Lien (Tor-Bjarne Løvik Salte 55.) - Karl Arne Stokkeland (Oliver Connor Søreng 76.), Ørjan Tangen (k), Amund Stavem, Magnus Nerheim - Elling Olafsen
|