Banner

4. divisjon Nordmøre/Romsdal 2018 Skriv ut
Matchreport: 6. serierunde - måndag, 21 mai 2018 - 15:00 h
Vestnes Varfjell vs Tomrefjord
0 1
(0 : ) (0 : )

Match details

Match Date: måndag, 21 mai 2018
Match Time: 15:00 h
Attendances : 300

Extra info

Weather: dry
Fieldcondition: normal

Starting line up

Målvakt
Forsvar
Midtbane
Angrep

Substitutes

Timeline

Substitution min 39 ::David Sissoko
Elling Olafsen Substitution min 71 ::Jarle Løvik Salte
Amund Stavem Substitution min 83 ::Liam Connor
Vegard Ellingseter Substitution min 86 ::Knut Stian Eik
Markus Brudeseth Gult kort Min. 52 ::
Amund Stavem
Mål Min. 77 ::
Gult kort Min. 75 ::
Gult kort Min. 16 ::
Gult kort Min. 7 ::

Events

Mål
• 77' (Erlend Søberg)
Gult kort
• 75' (Erlend Søberg)
• 16' (Jørgen Gravdehaug)
• 07' (Gunnar Vincent Lid)

Summary
Surt tap i lokaloppgjer
måndag 21. mai 2018 15:08

Tomrefjord skåra det einaste målet i eit tett og jamnt lokaloppgjer måndag. Vestnes Varfjell hadde det meste av banespelet og det som var av halvsjansar før Tomrefjord skåra på omtrent sin einaste sjanse i heile kampen. Erlend Søberg avgjorde kampen drygt ti minutt før slutt etter presist framspel frå tidlegare Vestnes Varfjell-spelar Jørgen Gravdehaug. Varfjell ville ha frispark fordi Søberg gjekk til med strake bein mot ein utrusande keeper Fredrik Bergslid. Magnus Nerheim var nære ved å redde og fekk ballen ut via stolpen, men dommarane meinte heile ballen alt hadde vore over streken. Videoen gir ikkje klart svar på om det var rett å godkjenne, uansett eit svært uheldig baklengsmål. Rundt 300 tilskuarar hadde møtt fram i det varme og fine vêret andre pinsedag, der heimepublikummet dominerte i heiarop denne gongen.

VarfjellTV: SJÅ MÅLET HER | SJÅ HEILE KAMPEN HER

Varmen får ta mykje av skulda for at dette ikkje vart det intense lokaloppgjeret me kjenner frå dei to siste åra. Det vart mykje balltrilling og lite sjansar. Tomrefjord låg bakpå og forsvarte seg i håp om sjansar på overgangar, medan heimelaget sleit med å komme til farlege avslutningar. Det hjelpte heller ikkje på den offensive styrken til heimelaget at toppskårar Elling Olafsen måtte ut med ein vond ankel alt før pause og at Amund Stavem gav seg med ein strekk på baksida av låret etter timen.

Vestnes Varfjell kom best igang og alt etter fem minutt kom den første sjansen då Amund Stavem sikta mot hovudet til Elling Olafsen framom mål, men det vart berre nesten. Så svarte Tomrefjord med eit laust skot på keeper Fredrik Bergslid. Så la Olafsen ballen til rette for Markus Brudeseth, men keeper Eirik Taklo redda skotet. Kvarteret var spelt få Vegard Ellingseter frann Olafsen på eit frispark, men headinga gjekk over. Så var Olafsen sjølv på farta, prøvde ein lobb, men igjen over. 25 minutt: Tommy Kanishi på skothald, men igjen over.

Det gjekk ein halvtime før Tomrefjord igjen nærma seg vertane sitt mål. Denne gongen fekk dei gule to sjansar. Først blokkerte Ørjan Tangen skotet frå Håvard Taklo før det vart avslutning utanfor like etter. Også Jørgen Gravdehaug hadde eit skotforsøk i denne perioden. Vestnes Varfjell tok over att inn mot pause utan at det vart skapte fleire sjansar i første omgang.

Andre omgang starta med at Stavem la til rette for Kanishi, men keeper redda skotforsøket. Vestnes Varfjell prøvde å tråkle seg igjennom det kompakte Tomrefjord-forsvaret utover i omgangen og var nære fleire gongar, men den siste pasninga vart for upresis eller Tomrefjord fekk rydda unna i siste liten. I midtperioden etter pause skjedde det lite før skåringa kom heilt ut av det blå. Etter 0-1 prøvde heimelaget å få inn utlikinga, men det skorta litt både på krefter og ferdigheiter. Etter 82 minutt fekk Magnus Nerheim stå åleine og heade over. Det var nok den største sjansen til utliking. På overtid fekk Vegard Skare avslutta, men skotet vart blokkert til corner. Dermed endte det i eit surt tap i ein kamp der me hadde fortent poeng.

I ein snill kamp vart det delt ut tre gule kort til Tomrefjord og eitt til Vestnes Varfjell. Kortet Amund Stavem fekk var faktisk lagets første denne sesongen! Det må vere bortimot klubbrekord. Fem kampar og 60 minutt tok det altså før årets første advarsel. Den var også av det billege slaget, ei lita halding som Tomrefjord slapp unna med fleire gongar mot same mann.

- Eg synest ikkje det er det beste laget vinn i dag. Tomrefjord skaper ikkje sjansar på oss, men me klarer heller ikkje å vare effektive på dei sjansane me får. Då blir det slik, sa trenar Alexander Connor til Vestnesavisa etter kampen.

Neste kamp er borte mot Averøyakameratene laurdag. Dei tapte 0-7 borte mot Åndalsnes måndag og er nok revansjesugne.

KAMPFAKTA:

Vestnes Varfjell - Tomrefjord 0-1 (0-0)

4. divisjon Nordmøre/Romsdal, måndag 21. mai 2018 kl 15

Vestnes idrettspark, ca 300 tilskuarar

Mål:

0-1 (79) Erlend Søberg

Dommar: Bendik Haarberg, Studentspretten IL (Sogndal)

Gult kort: Amund Stavem (60), Vestnes Varfjell;  3 til Tomrefjord: Gunnar Vincent Lid  (8), Jørgen Gravdehaug (15), Erlend Søberg (78)

Vestnes Varfjell (4-3-3): Fredrik Bergslid; Ørjan Tangen, Svein Erik Lange Male, Sivert Nerheim, Magnus Nerheim - Vegar Skare, Vegard Ellingseter (Liam Connor 83), Tommy Kanishi Andreassen - Amund Stavem (Jarle Løvik Salte 71), Elling Olafsen (David Sissoko 39), Markus Brudeseth (Knut Stian Eik 86)

PDF Skriv ut E-post