Banner

4. divisjon Nordmøre/Romsdal 2018 Skriv ut
 Matchreport: Round 22 - laurdag, 13 oktober 2018 - 15:00 h
Træff 2 vs Vestnes Varfjell
1 5
(0 : ) (3 : )

Match details

Match Date: laurdag, 13 oktober 2018
Match Time: 15:00 h
Attendances : 35

Extra info

Weather: dry
Fieldcondition: normal

Starting line up

Målvakt
Forsvar
Midtbane
Angrep

 Summary

Avslutta sesongen med borteseier

laurdag 13. oktober 2018 15:42

Vestnes Varfjell avslutta sesongen 2018 med å vinne 5-1 borte mot Træff 2 laurdag. Det vart etter kvart ein lett seier, ikkje minst fordi det botnplasserte heimelaget vart redusert til ti mann alt etter sju minutt. Ein Træff-spelar heldt igjen Markus Brudseth på veg igjennom. Vondt vart til værre for Træff 2 då det påfølgande frisparket vart skrudd redd i mål frå rundt 20 meter av Amund Stavem. Ti minutt etter var det klart for 0-2. Gutespelar Audun Løkke, som spelte sin første kamp frå start, gjorde forarbeidet der Markus Brudeseth lett kunne sette ballen i ope mål. 0-3 kom på omtrent same vis ti minutt før pause. Amund Stavem gjorde omtrent som han ville å Reknesbanen og denne gongen gjekk han heilt frå midtbanen og heilt til dørlinja, framom mål kunne Knut Stian Eik lett sette ballen over streken. Rett før pause kunne Eik bli tomålsskårar, men avslutninga gjekk i stolpen.

Vestnes Varfjell gjekk rett i angrep etter pause og Markus Brudseth auka til 0-4 etter innlegg frå Håkon Kjørvik. Så avlsutta Magnus Nerheim rett på keeper, før Træff 2 fekk ei redusering. Ole Kristian Gautvik lobba over keeper etter at han forfulgte ei svak bakoverpasning frå Varfjell-forsvaret. Så kom ein periode med mange sjansar for Varfjell der det ikkje vart utteljing: Brudseth var to gongar aleine igjennom, Ørjan Tangen skaut i stolpen og var aleine med keeper, medan Svein Erik Lange Male nesten fekk satt ballen forbi keeper. Håkon Kjørvik avslutta til 5-1 då han gjorde alt sjølv og sette ballen forbi keeper.

Skader, haustferie og jobb gjorde at laget stilte med berre trenar Alexander Connor som innbyttar, og Adrian Liabø måtte fullføre halvskada. På slutten fekk også Fredrik Bergslid nokre minutt som spiss, og keeperen var nære skåring i sitt første angrep. I andre enden varta erstattar mellom stengene, Knut Stian Eik, opp med ein fin beinparade.

Det var alt klart før kampen at Vestnes Varfjell ville ende på 8. plass, i år som i fjor. Laget har tapt for mange poeng i jamne kampar til å kjempe heilt i toppen, men kan mellom anna ta med seg ein seier heime mot Sunndal, som rykka opp, og ein uavgjort borte mot Eide, som vart nummer to på like mange poeng. SLUTTABELLEN

KAMPFAKTA:

Træff 2 - Vestnes Varfjell 1-5 (0-3)

4. divisjon Nordmøre/Romsdal

Laurdag 13. oktober 2018 kl 15

Reknesbanen, 35 tilskuarar (12 Vestnes)

Mål:

0-1 (8) Amund Stavem

0-2 (17) Markus Brudeseth

0-3 (35) Knut Stian Eik

0-4 (47) Brudseth

1-4 (52) Ole Kristian Gautvik

1-5 (72) Håkon Kjørvik

Dommar: Kurt Ansnes, Kvass/Ulvungen
Raudt kort: Abdifatha Malin, Træff 2 (7)

Gult kort: Tre til Træff 2

Vestnes Varfjell (4-3-3): Fredrik Bergslid; Håkon Kjørvik, Svein Erik Lange Male, Liam Connor, Adrian Liabø - Magnus Nerheim, Amund Stavem, Ørjan Tangen (k) - Audun Løkke, Markus Brudeseth, Knut Stian Eik