Banner

Sesongmeny

Forrige kamp
laur., 14. mar. 2020 00:00
Herd
Herd
--- Forhånds
Vestnes Varfjell
Varfjell

tor., 27. feb. 2020 19:00
Emblem
Embl
3-2 Vestnes Varfjell
Varfjell

Resultater

NO ITEMS

Tabellen

# Team K Mål P
1 KBK 2 22 56 46
2 Eide 22 19 43
3 Surnad. 22 14 42
4 Dahle 22 22 40
5 KFK 22 9 32
6 Malmefj. 22 7 31
7 Tomref 22 -11 30
8 Midsund 22 -21 26
9 Varfjell 22 -22 23
10 ÅIF 22 -14 22
11 AK 22 -16 22
12 Elnesv. 22 -43 20

varfjell.no spør

Korleis går det i sesongen?

4. divisjon Nordmøre/Romsdal 2018 Skriv ut
Matchreport: 4. serierunde - fredag, 04 mai 2018 - 19:00 h
Vestnes Varfjell vs Sunndal
3 2
(1 : ) (1 : )

Match details

Match Date: fredag, 04 mai 2018
Match Time: 19:00 h
Attendances : 90

Extra info

Weather: dry
Fieldcondition: normal

Starting line up

Målvakt
Forsvar
Midtbane
Angrep

Substitutes

Timeline

Substitution min 46 ::Jarle Løvik Salte
Sivert Nerheim Substitution min 90 ::Tommy Kanishi Andreassen
Adrian Liabø Mål Min. 69 ::
Amund Stavem Mål Min. 56 ::
Jarle Løvik Salte Mål Min. 7 ::
Elling Olafsen
Mål Min. 52 ::
Mål Min. 40 ::
Gult kort Min. 89 ::
Rødt kort Min. 90 ::

Events

Mål
• 52' (1-2, Petter Melkild)
• 40' (1-1, Vebjørn Sørheim)
Gult kort
• 89'
Rødt kort
• 90' (John Hafstad)

Summary
Draumetreff sikra seier i dramatisk kamp mot Sunndal PDF Skriv ut E-post
Skrive av administrator
fredag 04. mai 2018 20:32
Vestnes Varfjell slo Sunndal 3-2 i ein spanande kamp i Vestnes idrettspark fredag. Stillinga ved pause var 1-1. Så gjekk Sunndal opp i 2-1, før heimelaget snudde kampen med to vakre mål i andre omgang.

VARFJELLTV:

Sjå Elling Olafsen sette inn det omsnakka 1-0-målet her.

Sjå Amund Stavems skot frå nesten 30 meter her.

Sjå Jarle Løvik Salte sette inn 2-2 her.

Bildegalleri:

Dramaet starta omtrent frå start då Elling Olafsen lurte keeper og heada ballen i bakken og i mål alt etter sju minutt etter innlegg frå Amund Stavem. Dommar Terje Sorthe lot først spelet gå vidare før han dømte mål etter å ha snakka med linjemannen. Heldigvis vart rett avgjerd gjort til slutt, for ballen var langt over streken, noko me som sto rett ved stolpen kan stadfeste. På bildet over er ballen akkurat på veg over linja.

Ti minutt seinare kunne det stått 2-0 om Amund Stavem hadde fått kontroll på ballen etter framspel frå Tommy Kanishi. Sunndal tok etter kvart over i banespelet og kom til eit par gode sjansar. Erik Ruud Ramsli tråkla seg heilt til dørlinja, men avslutninga strauk utanfor. I andre enden heada Kanishi utanfor, medan eit frispark fra Amund Stavem fann Kanishi før Sunndal redda til corner.

Utliknga kom fem minutt før pause då Vebjørn Sørheim var sist på ballen etter ein corner.

Andre omgang starta med ein frekkis frå Vegard Ellingseter som sendte i veg eit langskot mot ein keeper som sto langt ute, men ballen gjekk over mål. Sunndal pressa Varfjell-forsvaret til å gjere feil i starten av andre omgang og ei dårleg klarering hamna i beina på Petter Melkild som sette ballen i mål frå ti meter. Gjestane såg sterkare ut i denne delen av kampen, men Vestnes Varfjell skulle greie å reise seg att. Innbyttar Jarle Løvik Salte skapte mykje trøbbel på venstrekanten og etter 56 minutt fekk han eit perfekt framspel frå Stavem. Avslutninga sat kontant i mål forbi Ulvund i Sunndal-målet og laga var like langt. No levde kampen med to lag som ville angripe. Kveldens høgdepunkt kom ut av ingenting då Amund Stavem bestemte seg for å brenne laus frå rundt 25 meter. Ballen small inn i hjørnet bak ein forfjamsa Sunndal-keeper.

Like etter var Sunndal nærme 3-3, men Vestnes Varfjell-målvakt Fredrik Bergslid fekk feid ballen unna før Sunndal-spelararen fekk avslutta. Vestnes Varfjell kjempa heroisk i sluttminutta og spelte både klokt og godt. Ein stor sjanse kom også, då Salte kom aleine med keeper, som redda med ein beinparade.

Dommaren la til sju minutt, og i det andre av desse ville Sunndal ha straffespark då Salte var i duell med ein Sunndal-spelar. Linjemannen markerte, men dommar Sorthe sto godt plassert og vinka han ned. Då kokte det etter kvart over for sunndalingane og John Hafstad vart utvist etter å ha sparka Stavem ned bakfrå. Sorthe tok etter kvart ein prat med sin assistent, men heldt fast ved at det ikkje var straffe. Dermed ebba kampen ut med seier til heimelaget.

I ein kamp med solid innsats over heile linja, er det ikkje muleg å komme utanom ekstra skryt til matchvinnar Amund Stavem. Både målgjevande til 1-0 og 2-2 og skotet som gav 3-2 ser ein ikkje i kvar kamp i denne divisjonen.

Vestnes Varfjell - Sunndal 3-2 (1-1)

Seriekamp, 4. divisjon Nordmøre/Romsdal

Fredag 4. mai 2018 kl 19

Vestnes idrettspark - 90 tilskuarar

Mål:

1-0 (7) Elling Olafsen

1-1 (40) Vebjørn Sørheim

1-2 (52) Petter Melkild

2-2 (56) Jarle Løvik Salte

3-2 (69) Amund Stavem

Dommar: Ketil Sorthe, Hjelset-Kleive

Raudt kort: John Hafstad (90 + 3). Gult kort: Eitt til Sunndal

Vestnes Varfjell (4-3-3): Fredrik Bergslid; Ørjan Tangen, Svein Erik Lange Male, Liam Connor, Magnus Nerheim - Sivert Nerheim (Jarle Løvik Salte 46.), Vegard Ellingseter, Tommy Kanishi Andreassen (Adrian Liabø 90.) - Amund Stavem, Elling Olafsen, David Sissoko