Banner

Sesongmeny

Forrige kamp
laur., 14. mar. 2020 00:00
Herd
Herd
--- Forhånds
Vestnes Varfjell
Varfjell

tor., 27. feb. 2020 19:00
Emblem
Embl
3-2 Vestnes Varfjell
Varfjell

Resultater

NO ITEMS

Tabellen

# Team K Mål P
1 KBK 2 22 56 46
2 Eide 22 19 43
3 Surnad. 22 14 42
4 Dahle 22 22 40
5 KFK 22 9 32
6 Malmefj. 22 7 31
7 Tomref 22 -11 30
8 Midsund 22 -21 26
9 Varfjell 22 -22 23
10 ÅIF 22 -14 22
11 AK 22 -16 22
12 Elnesv. 22 -43 20

varfjell.no spør

Korleis går det i sesongen?

4. divisjon Nordmøre/Romsdal 2018 Skriv ut
Matchreport: 3. serierunde - fredag, 27 april 2018 - 19:00 h
Kristiansund FK vs Vestnes Varfjell
4 4
(1 : ) (1 : )

Match details

Match Date: fredag, 27 april 2018
Match Time: 19:00 h
Attendances : 55

Extra info

Weather: dry
Fieldcondition: normal

Starting line up

Målvakt
Forsvar
Midtbane
Angrep

Substitutes

Timeline

Mål Min. 67 ::
Mål Min. 64 ::
Mål Min. 63 ::
Mål Min. 19 ::
Gult kort Min. 81 ::
Gult kort Min. 53 ::

Substitution min 10 ::Adrian Liabø
Magnus Nerheim Substitution min 46 ::Tommy Kanishi Andreassen
Jonas Lervik Substitution min 84 ::Ørjan Tangen
Elling Olafsen Mål Min. 90 ::
Tommy Kanishi Andreassen Mål Min. 89 ::
Ørjan Tangen Mål Min. 64 ::
Sjølmål Mål Min. 13 ::
David Sissoko

Events

Mål
• 67' (4-2, Jan Kristian Sørli)
• 64' (3-1, Ali Khoshnau)
• 63' (2-1, straffespark, Pa Ousman Jammeh)
• 19' (1-1, Pa Ousman Jammeh)
Gult kort
• 81' (Anders Havnerås)
• 53' (Ahmed Khosnau)

Summary
Sikra poeng etter overtidsdrama
fredag 27. april 2018 20:56

Vestnes

Varfjell fekk med seg eitt poeng etter ein spennande og innhaldsrik bortekamp mot topptippa Kristiansund FK fredag kveld. Vestnes Varfjell starta friskt og før ti minutt var spelt var David Sisskoko på farten og vart skubba ned i feltet til det som såg ut som eit straffespark. I staden for straffe, prøvde unge Sissoko like godt på nytt nokre minutt seinare. Denne gongen greidde ikkje KFK-forsvaret å stoppe hurtigtoget. Skotet gjekk via stolpen og i mål til leiing 1-0. BILDEGALLERI

Vertane spelte seg etter kvart til eit overtak i kampen i første omgang og det var ikkje ufortent at utlikinga kom. Bergslid redda først, men Pah Ousman Jammeh var først på returen. Like etter jubla KFK igjen, berre for å oppleve at linjedommaren hadde vinka for det som såg ut som ein korrekt offside. Fleire gode redningar frå Bergslid og svake avslutningar frå heimelaget gjorde at det sto 1-1 ved pause.

Tommy Kanishi Andreassen starta på benken grunna lyskeproblem, men kom innpå etter pause. Det satte meir fart i Varfjell som gav tidleg beskjed om at dei ville vere med i kampen att. Kaptein for kvelden, Amund Stavem, starta med eit skot like utanfor krysset. KFK var nære på eit lurt frispartrekk, og på den påfølgande corneren gjekk avslutninga like utanfor.

Så, etter vel ein time, kom fire innhaldsrike minutt. Først fekk KFK straffespark etter felling frå Svein Erik Lange Male. Jammeh sette ballen til side for keeper. Så var same Lange Male, som elles spelte ein god kamp med mange gode klareringar, uheldig igjen då eit skot frå Ali Kamal Khoshnau gjekk via beinet hans og forandra retning nok til å lure keeper. Så var det ein KFK-forsvarar sin tur til å vere uheldig. Eit innlegg i retning Elling Olafsen vart heada bakover, over eigen keeper og i mål. No jakta Vestnes Varfjell ei utlikning og like etter fekk dei flere sjansar på ein gond. Sissoko prøve først, før Stavem fekk avslutta i stolpen. Truleg vart han hindra like før slik at det skulle ha vore straffespark. I staden for 3-3, kontra heimelaget inn 4-2 ved Jan Kristian Sørli.

Dette var naturleg nok eit hardt slag for Vestnes Varfjell, som likevel ikkje gav opp. Kanishi hadde eit par gode forsøk, først eit brassespark, så ei heading bakover etter eit frispark-innlegg frå Amund Staven - begge gongar hadde KFK-målvakt Sondre Lekve god kontroll. Så skaut same mann like utanfor, men fekk likevel firspark frå farleg posisjon. Det sette Stavem over. Først i kampen siste ordinære speleminutt kom reduseringa. Innbyttar Ørjan Tangen fekk plutseleg stå aleine på 12 meter og kunne lett sette inn 4-3 med eit velplassert skot ved stolpen. Dommar Roe Vidar Lien, med årelang erfaring både frå eliiteserien og FIFA som assistentdommar, la til fire minutt. To av dei var spelt då Tommy Kanishi drog seg fri på venstrekanten, sette fart innover mot 16-meteren og avslutta med eit skot klint heilt inn i motsatt hjørne. 4-4 og snuoperasjonen var eit faktum! KFK fekk den alle siste sjansen til å vinne kampen, men greidde ikkje å stokke beina framføre mål og Vestnes Varfjell fekk avverga. Dermed var eitt uhyre deilig poeng sikra, til stor jubel for dei 4-5 tilreisande som heia på Vestnes Varfjell.

God laginnsats og ikkje minst lagmoral sikra poeng i kveld. Laget har no skåra nesten alle måla i slutten av kampane, noko som tyder på at laget er trent for å stå distansen.

Neste fredag ventar nok eit antatt topplag når Sunndal kjem på besøk.

Kampfakta

Kristiansund stadion, 55 tilskuarar

Mål:

0-1 (13) David Sissoko

1-1 (19) Pa Ousman Jammeh

2-1 (63) Jammeh, straffespark

3-1(64) Ali Kamal Hassan Khoshnau

3-2 (66) sjølmål

4-2 (67) Jan Kristian Sørli

4-3 (89) Ørjan Tangen

4-4 (90 + 3) Tommy Kanishi Andreassen

Dommar: Roe Vidar Lien, Malmefjorden

Gult kort: Ahmed Kamal Khosnau (53) og Anders Havnerås (81), begge KFK

Vestnes Varfjell (4-3-3): Fredrik Bergslid; Håkon Kjørvik, Svein Erik Lange Male, Liam Connor, Magnus Nerheim (Adrian Liabø 10.) - Sivert Nerheim, Vegard Ellingseter, Jonas Lervik (Tommy Kanishi Andreassen 46.) - Amund Stavem, Elling Olafsen (Ørjan Tangen 84.), David Sissoko.