Banner

Sesongmeny

Neste kamp
tor., 27. feb. 2020 19:00
Emblem
Embl
--- Forhånds
Vestnes Varfjell
Varfjell

Forrige kamp
Bane: Vestnes Idrettspark tor., 20. feb. 2020 19:00
Vestnes Varfjell
Varfjell
7-0 Måndalen
Måndalen

Resultater

NO ITEMS

Tabellen

# Team K Mål P
1 KBK 2 22 56 46
2 Eide 22 19 43
3 Surnad. 22 14 42
4 Dahle 22 22 40
5 KFK 22 9 32
6 Malmefj. 22 7 31
7 Tomref 22 -11 30
8 Midsund 22 -21 26
9 Varfjell 22 -22 23
10 ÅIF 22 -14 22
11 AK 22 -16 22
12 Elnesv. 22 -43 20

varfjell.no spør

Korleis går det i sesongen?

Kvalifisering for 4. divisjon Skriv ut
Matchreport: 2. kamp - laurdag, 29 oktober 2016 - 16:00 h
Vestnes Varfjell vs Malmefjorden/Ekko/Aureosen
4 1
(1 : ) (1 : )

Match details

Match Date: laurdag, 29 oktober 2016
Match Time: 16:00 h
Referee: Modolf Holm

Attendances : 80

Extra info

Weather: dry
Fieldcondition: normal

Starting line up

Målvakt
Forsvar
Midtbane
Angrep

Substitutes

Timeline

Substitution min 77 ::Yngve Solevågseide
Trond Klokset Substitution min 90 ::Juan Rikard Larsen
Tommy Kanishi Andreassen Mål Min. 89 ::
Elling Olafsen Mål Min. 85 ::
Elling Olafsen Mål Min. 75 ::
Elling Olafsen Mål Min. 23 ::
Trond Klokset Gult kort Min. 59 ::
Justin Sætre Gult kort Min. 45 ::
Amund Stavem
Mål Min. 6 ::
Gult kort Min. 81 ::
Gult kort Min. 77 ::
Gult kort Min. 52 ::
Gult kort Min. 44 ::
Gult kort Min. 30 ::
Rødt kort Min. 89 ::

Events

Mål
• 06' (0-1 Thomas Røsok)
Gult kort
• 81' (Even Melsæter)
• 77' (Preben Lyngstad)
• 52' (Erlend Holmen)
• 44' (Thomas Røsok)
• 30' (Sindre Julbø)
Rødt kort
• 89' (Daniel Røsok)

Summary

Klare for 4. divisjon 2017!
laurdag 29. oktober 2016 16:52

Vestnes Varfjell sikra vidare spel i 4. divisjon etter seier 4-1 og samanlagt 7-5 mot Malmefjorden/Ekko/Aureosen laurdag. I ein spennande og jamn finalekamp vart Elling Olafsen den store helten med 3 mål i andre omgang. Veteranen Trond Klokset utlikna til 1-1 i første omgang etter at gjestane tok ei tidleg leiing. Klokset vart også felt før straffesparket som gav Vestnes Varfjell 2-1 og dermed leiinga samanlagt kvarteret før slutt. Olafsen sette straffen kontant i mål (sjå video), og seinare putta han også på til 3-1 og 4-1.

Romsdals Budstikke om kampen | Videoar i VarfjellTV

Vestnes Varfjell opna famlande i regnbygene og kommunikasjonssvikt mellom keeper og forsvar serverte gjestane 1-0 alt etter seks minutt. Dermed måtte laget skåre minst to gongar for å berge plassen. Det tok eit kvarter før heimelaget greide å produsere noko som kunne skremme eit kompakt gjeste-forsvar. Justin Sætre fann nesten Tommy Kanishi framom mål, medan Vegar Skare kom nære på ein corner. Utlikninga kom på heldig vis midtvegs i omgangen. Trond Klokset fekk til ei halvvegs avslutning som med litt hjelp frå Malmefjorden/Ekko/Aureosen trilla over streken. Same Klokset skaut over på direkten ti minutt seinare. Heilt mot slutten av omgangen hadde Kanishi eit godt skot som keeper redda meisterleg. Ei heading utanfor frå Elling Olafsen på ein corner var det siste som skjedde i første omgang.

Vestnes Varfjell gjekk hardt ut etter pause. Kanishi fossa fram på venstresida og fann Olafsen framom mål, men kom seg berre nesten forbi keeper. Det same gjentok seg etter eit kvarter.

Gjestane heldt stand og eit slitent og etter kvart skadeplaga heimelag såg lenge ikkje ut til å sette inn nok press til å avgjere kampen. Det bildet snudde etter halvtimen då Trond Klokset drog seg fri innanfor 16-meteren og vart felt. Reaksjonen på den skuldige i Malmefjorden-forsvaret (sjå video) tydar på at dommar Modolf Hlm gjorde rett i å peike på 11-metersmerket. Olafsen sette ballen hardt til side for keeper slik han også gjorde det i forrige kamp.

Dermed var det gjestane som måtte fram for å skåre, og det kampbildet passa Vestnes Varfjell betre. Amund Stavem, tilbake frå strekkskade, fekk herje friare og etter 86 minutt fann han Olafsen som enkelt kunne auke til 3-1. Angrepet starta med at Kanishi raga høgast og braut eit utspel. På overtid fullførte han sitt hattrick ved å sette ballen i ope mål mot eit utspelt gjesteforsvar der Kanishi var servitør etter å ha lurt ein utrusande keeper.

Kampen hardna til i takt med at frustrasjonen steig i laget frå Fræna. Dommar Modolf Holm, som hadde god kontroll, delte ut fem gule kort og eitt raudt heilt på slutten etter eit fysisk angrep på Justin Sætre i etterkant av ein duell. Spelarar frå Vestnes Varfjell vart notert tre gongar i dommaren si bok.

Letta heimespelarer kunne sleppe jubelen laus og sjå fram mot ein ny sesong i 4. divisjon. Den blir tøffare enn på mange år. Haustsesongen ber bod om at Vestnes Varfjell bør kunne hevde seg betre enn i år der ein vårsesong med berre eitt poeng er hovudårsak til at laget i det heile måtte ut i desse kvalifiseringskampane.

Kampfakta:

Vestnes Varfjell - Malmefjorden/ Ekko/Aureosen 4-1 (1-1), samanlagt 7-5

Kvalifisering for 4. divisjon 2017, 2. kamp

Vestnes idrettspark, laurdag 29. oktober 2017 kl 16

Tilskuarar: 85

Mål:

0-1 (6) Thomas Røsok

1-1 (23) Trond Klokset

2-1 (75) Elling Olafsen, straffespark

3-1 (85) Olafsen

4-1 (89) Olafsen

Dommar: Modolf Holm, Isfjorden

Assistentdommarar: Arild Ødegård, KFK og Johannes Remøy, Rival

Raudt kort: Daniel Røsok, M/E/A (89)

Gult kort: VV: Amund Stavem (45), Justin Sætre (59) og Sivert Nerheim (72). M/E/A: Sindre Julbø (30), Thomas Røsok (44), Erlend Holmen (52), Preben Gjerdseth Lyngstad (77) og Even Stavik Melsæter (81)

Vestnes Varfjell (4-3-3): Adrian Gabrielsen: Justin Sætre, Svein Erik Lange Male, Nirut Mjøs, Magnus Nerheim - Trond Klokset (Yngve Solevågseide 77.), Vegar Skare, Sivert Nerheim - Amund Stavem, Elling Olafsen, Tommy Kanishi Andreassen (Juan Rikard Larsen 90.)

Nye spelarar på blokka, og Connor held fram

onsdag 02. november 2016 20:22

Både Bygdebladet og Vestnesavisa har fyldig dekning av kvalifiseringskampen laurdag. Bygdebladets fotograf Edmund Melkild har mellom anna eit bilde som viser korleis Trond Klosket vart tatt krokfot på i den avgjerande straffesituasjonen. Om kampen seier Vestnes Varfjell-trenar Alexander Connor: - Vi opna dårleg, men i motsetning til første oppgjeret greidde vi å fullføre skikkeleg denne gongen. Elles har begge avisene litt om utsiktene til neste sesong. Connor meir enn antydar overfor Bygdebladet at han vil halde fram som hovedtrenar samtidig som han tar seg av G16. Frå dette laget har fleire spelarar alt fått sin debut denne sesongen. - Dei kan også utvikle seg mykje med god trening gjennom vinteren, og vi skal nok greie å bite godt frå oss neste år, seier Connor. Og kanskje blir laget i tillegg vesentleg forsterka. Vestesavisa skriv nemleg at Karl Arne Stokkeland (KFK), Marius Ulla (som har spelt i Ørsta i haustsesongen) og Ørjan Tangen (kvileår) er på ønskelista, i tillegg til ÅIFs toppskårar Markus Brudeset. Brudeset trente med klubben også før denne sesongen, men ein overgang vart stoppa då.

0 Comments