Banner

Sesongmeny

Forrige kamp
Bane: Vestnes Idrettspark laur., 19. okt. 2019 15:00
Vestnes Varfjell
Varfjell
3-3 Åndalsnes
ÅIF

søn., 13. okt. 2019 15:00
Elnesvågen
Elnesv.
2-1 Vestnes Varfjell
Varfjell

Resultater

NO ITEMS

Tabellen

# Team K Mål P
1 KBK 2 22 56 46
2 Eide 22 19 43
3 Surnad. 22 14 42
4 Dahle 22 22 40
5 KFK 22 9 32
6 Malmefj. 22 7 31
7 Tomref 22 -11 30
8 Midsund 22 -21 26
9 Varfjell 22 -22 23
10 ÅIF 22 -14 22
11 AK 22 -16 22
12 Elnesv. 22 -43 20

varfjell.no spør

Korleis går det i sesongen?

4. divisjon Nordmøre/Romsdal 2015 Skriv ut
Matchreport: 14. serierunde - laurdag, 22 august 2015 - 14:00 h
Vestnes Varfjell vs Surnadal
1 6
(0 : ) (3 : )

Match details

Match Date: laurdag, 22 august 2015
Match Time: 14:00 h

Extra info

Weather: dry
Fieldcondition: normal

Starting line up

Målvakt
Forsvar
Midtbane
Angrep

Substitutes

Timeline

Substitution min 15 ::Adrian Liabø
Alexander Connor Substitution min 46 ::Karl-Edvard Bredeli
Knut Øyvind Hoem Substitution min 70 ::Knut Øyvind Hoem
Juan Rikard Larsen Mål Min. 69 ::
Elling Olafsen Gult kort Min. 84 ::
Preben Hovde Gult kort Min. 84 ::
Ørjan Tangen Gult kort Min. 80 ::
Elling Olafsen
Mål Min. 85 ::
Mål Min. 52 ::
Mål Min. 48 ::
Mål Min. 13 ::
Mål Min. 10 ::
Mål Min. 6 ::

Events

Mål
• 85' (1-6)
• 52' (0-5)
• 48' (0-4)
• 13' (0-3)
• 10' (0-2)
• 06' (0-1)
Gult kort

Summary
Febersjukt Varfjell tapte mot Surnadal PDF Skriv ut E-post rediger
Skrevet av administrator
lørdag 22. august 2015 20:22

Vestnes Varfjell låg under 0-3 alt etter eit kvarter og tapte til slutt 1-6 mot topplaget Surnadal i Vestnes idrettspark laurdag. Laget skjerpa seg etter den svake starten og burde hatt redusering før pause, men headinga i mål frå Elling Olafsen vart annulert fordi linjemannen hadde sett eit angrep på keeperen. Surnadal svarte med to nye skåringar like etter pause, mellom anna eit knallskot i vinkelen frå 25 meter. Elling Olafsen fekk endeleg ei heading godkjent og dermed 1-5. Same mann var uheldig og handsa på slutten slik at det vart 6-1 på eit straffespark.  Vestnes Varfjell var med store i periodar og 6-1 var i overkant, sjølv om Surnadal viste seg som eit sollid lag og vann fullt fortent. Vestnes Varfjell stilte igjen noko redusert, der både Knut Øyvind Hoem og Adrian Liabø måtte spele sjølv om dei var sjuke. På benken var det ein (!) innbyttar ved start, ein til kom til etter kvart. Den første innbyttaren var den nemnde febersjuke Liabø som måtte innpå før kvarteret var spelt for ein lyskeplaga Alexander Connor. - I dag var det like før eg ringte Ronny Leikarnes, sa trenar Hoem etter kampen.

Medan Leikarnes har for lengst lagt opp med vonde knær, var det Surnadals storskårar Bjørnar Sæther som fekk dominere i Vestnes idrettspark med sine 29., 30. og 31 mål for sesongen. Alt etter seks minutt var han igjennom og sette inn 1-0 på eit skot ved stolpen på det mange meinte var ein offside. Helge Drøpping auka til 2-0 fire minutt etter då han ekspederte eit innlegg i mål på heil volley. Så heada Ørjan Nes Haugen i mål på ein corner til 3-0.

Dermed såg det stygt ut for eit Vestnes Varfjell lag som kom frå 0-9 mot Eide og har slept inn flest mål av alle lag i divisjonen. Men laget tok seg saman og begynte i staden å produsere sjansar sjøv. Både Amund Stavem (skot på keeper), Sivert Nerheim (skot over) og Ørjan Tangen (redning på strek etter corner) hadde store sjansar. Så kom annulleringa på heading til Olafsen og meir skjedde ikkje før pause.

Surnadal starta andre omgang som første med eit lite overtak og Sander Smevoll fekk fulltreff då han sendte ballen i krysset frå 25 meter. Like etter lobba Bjørnar Sæther inn 4-0. Så jamna kampen seg ut att og Elling Olafsen heada inn reduseringa etter eit frispark.Uheldige Olfasen fekk ballen opp i handa fem minutt før slut og Sæther fekk avslutte med sitt tredje mål på eit straffespark som gjekk inn ved stolpen sjølv om keeper Adrian Gabrielsen neste hadde tatt den.

Sjølv om det igjen vart klar tap, skal laget denne gongen ha ros for innsatsen. Amund Stavem viste at formen er i anmarsj, og toppskårar Olafsen fann igjen nettmaskene. Surndal-trenar Webjørn Holten kom med trøstande ord via Driva: - Ut fra resultatet, kan det se ut som vi møtte et dårlig lag, men Vestnes Varfjell kom med mye folk i angrep, og jeg tror de kommer til å ta en god del poeng i løpet av høstsesongen.

Me får håpe han har rett. No ventar lag som ligg rundt Vestnes Varfjell på tabellen, først Midsund borte, så Frei heime.

Fakta:

Vestnes Varfjell - Surnadal 1-6 (0-3)

Vestnes idrettspark, 50 tilskuarar

Laurdag 22. august 2015 kl 14

Mål:

0-1 (6 )Bjørnar Dalsegg Sæther

0-2 (10) Helge Drøpping

0-3 (13) Ørjan Nes Haugen

0-4 (48) Sander Smevoll

0-5 (52) Sæther

1-5 (69) Elling Olafsen

1-6 (85) Sæther,  straffespark

Dommar: Terje Sorthe, Hjelset-Kleive

Gult kort: Elling Olafsen (80), Preben Hovde (84), Ørjan Tangen (84)

Vestnes Varfjell (4-3-3): Adrian Gabrielsen; Ørjan Tangen, Alexander Connor (Adrian Liabø 15.), Marius Ulla, Knut Øyvind Hoem (Karl-Edvard Bredeli 46.) - Elling Olafsen, Yngve Solevågseide, Sivert Nerhim - Juan Larsen (Knut Øyvind Hoem 70.), Amund Stavem, Preben Hovde