Banner

4. divisjon Nordmøre/Romsdal 2014 Skriv ut
 Matchreport: 14. serierunde - laurdag, 16 august 2014 - 14:00 h
Vestnes Varfjell vs Surnadal
1 1
(0 : ) (0 : )

Match details

Match Date: laurdag, 16 august 2014
Match Time: 14:00 h
Attendances : 35

Extra info

Weather: dry
Fieldcondition: normal

Starting line up

Målvakt
Forsvar
Midtbane
Angrep

Substitutes

    Timeline

    Substitution min 83 ::<img src='/fotball/media/com_joomleague/event_icons/in.png' />Thomas André Brastad <br> <img src='/fotball/media/com_joomleague/event_icons/out.png' />Yngve Solevågseide Substitution min 83 ::<img src='/fotball/media/com_joomleague/event_icons/in.png' />Adrian Liabø <br> <img src='/fotball/media/com_joomleague/event_icons/out.png' />Azim Ahmadi Mål Min. 58 ::<br />Amund Stavem

    Events

    Mål

       Summary
      Poenghausten starta med 1-1 mot topplag PDF Skriv ut E-post
      Skrive av nettredaksjonen
      laurdag 16. august 2014 19:21

      Vestnes Varfjell starta haustsesongen med å ta eit velfortent poeng mot serietoar Surnadal, som laget tapte heile 0-8 mot i vår. Første omgang var jamn og sjansefattig. Gjestane hadde ballen mest, men heimelagets Amund Stavem hadde omgangens største sjanse då han lobba i tverrliggaren etter 22 minutt. Same mann hadde også eit skot like over frå god posisjon. Etter pause starta heimelaget friskast, og etter eit knapt kvarter satt ballen i nota. Amund Stavem avslutta eit flott angrep med å plassere ballen til venstre for keeper frå skrått hald. Forarbeidet sto Sivert Nerheim, Elling Olafsen og Karl Arne Stokkeland for. SJÅ VIDEO AV SKÅRINGA HER.  Surnadal utlikna dessverre like etter då Bjørnar Dalsegg skrudde eit skot i lengstre hjørne som gjekk i stolpen og inn. Ti minutt før slutt kunne Elling Olafsen ha sikra alle tre poenga, men lagskotet traff stolpekrysset. Mot slutten pressa Surnadal kraftig på, men kom ikkje nærare enn eit frispark som traff stolpen. Laget fekk også ei rekke hjørnespark, men heimelaget heldt unna heilt til dei seks tilleggsminutta var unnagjort. BILDEGALLERI FRÅ KAMPEN

       

       

      Ein god laginnsats der midtstoppar Ørjan Tangen vart kåra til BB. Kaptein Karl Arne Stokkeland var også framtredande, og Svein Erik Lange Male i forsvaret sto fram som ein bauta. Laget har løfta seg etter ein svak start på sesongen, og får sjansen til nye poeng alt tirsdag. Då kjem Midsund på besøk.

       

      Kampfakta:

      Vestnes Varfjell - Surnadal 1-1 (0-0)

      Seriekamp 4. divisjon Nordmøre/Romsdal, laurdag 16. august 2014 kl 14

      Vestnes idrettspark, 35 tilskuarar

      Mål:

      1-0 (58) Amund Stavem

      1-1 (61) Bjørnar Dalsegg

      Dommar: Eirik Hyldbakk Furu, Clausenengen

      Gulrt kort: Stein Todalshaug, Surnadal (52)

      Vestnes Varfjell (4-3-3): Adrian Gabrielsen; Yngve Solevågseide (Thomas André Brastad 83.), Svein Erik Lange Male, Ørjan Tangen, Magnus Nerheim - Sivert Nerheim, Karl Arne Stokkeland, Ole Gunnar Kjærstad - Amund Stavem, Elling Olafsen, Azim Ahmadi (Adrian Liabø 83.)