Banner

Sesongmeny

Forrige kamp
Bane: Vestnes Idrettspark laur., 19. okt. 2019 15:00
Vestnes Varfjell
Varfjell
3-3 Åndalsnes
ÅIF

søn., 13. okt. 2019 15:00
Elnesvågen
Elnesv.
2-1 Vestnes Varfjell
Varfjell

Resultater

NO ITEMS

Tabellen

# Team K Mål P
1 KBK 2 22 56 46
2 Eide 22 19 43
3 Surnad. 22 14 42
4 Dahle 22 22 40
5 KFK 22 9 32
6 Malmefj. 22 7 31
7 Tomref 22 -11 30
8 Midsund 22 -21 26
9 Varfjell 22 -22 23
10 ÅIF 22 -14 22
11 AK 22 -16 22
12 Elnesv. 22 -43 20

varfjell.no spør

Korleis går det i sesongen?
 

4. divisjon Nordmøre/Romsdal 2014 Skriv ut
 Matchreport: 13. serierunde - tysdag, 19 august 2014 - 19:00 h
Vestnes Varfjell vs Midsund
3 2
(3 : ) (1 : )

Match details

Match Date: tysdag, 19 august 2014
Match Time: 19:00 h
Attendances : 30

Extra info

Weather: dry
Fieldcondition: normal

Starting line up

Målvakt
Forsvar
Midtbane
Angrep

Substitutes

    Timeline

    Substitution min 77 ::<img src='/fotball/media/com_joomleague/event_icons/in.png' />Thomas André Brastad <br> <img src='/fotball/media/com_joomleague/event_icons/out.png' />Elling Olafsen Mål Min. 32 ::<br />Elling Olafsen Mål Min. 16 ::<br />Elling Olafsen Mål Min. 3 ::<br />Magnus Nerheim

    Events

    Mål

       Summary
      A-laget: Rodde i land tre nye poeng PDF Skriv ut E-post
      Skrive av nettredaksjonen
      tysdag 19. august 2014 20:03

      Vestnes Varfjell slo Midsund 3-2 i ein sjanserik kamp i 4. divisjon tirsdag kveld. Magnus Nerheim gav heimelaget ei tidleg leiing, før Midsund utlikna. To skåringar av Elling Olafsen sørga for 3-1 ved halv tid. Vestnes Varfjell hadde lenge god kontroll på andreomgangen, men Midsund fekk nytt håp om poeng då dei reduserte kvarteret før slutt. Gjestane pressa på for utlikning, men Vestnes Varfjell heldt unna og sikra seg tre nye poeng. Laget er utan tap sidan serien snudde, og avanserte til 6. plass på 4.-divisjonstabellen med denne seieren. Meir seinare.

      MIDSUND OM KAMPEN | BILDEGALLERI | VIDEOAR I VARFJELL-TV (kjem onsdag)

       

       

      Vestnes Varfjell fekk ein knallstart på kampen. Alt etter før tre minutt var spelt ballen i nota etter at eit frekt hælspark frå Eilling Olfasen hamna hjå Magnus Nerheim som sette ballen over keeper frå ti meter. Midsund ville vere med på moroa og Håkon Sjøvik utlikna på ein lobb over keeper sju minutt seinare.

      To offensive lag bød det fåtallige publikummet på god underhaldning før pause. Begge lag skapte mange sjansar, men det var heimelaget som var flinkast føre mål. Elling Olafsen sendte vertane i leiinga med eit hardt skot etter 16 minutt. Like etter skaut Ole Gunnar Kjærstad utanfor frå god posisjon. Så sette Olafsen ballen i nettveggen etter eit raid, før han lukkast etter 32 minutt og auka til 3-1 aleine med keeper.

       

      I andre omgang skapte heimelaget dei fleste store sjansane i starten. Elling  Olafsen fekk ei avslutning redda på strek etter 71minutt som den største. Vestnes Varfjell såg ut til å kontrollere inn ein grei seier, då Simen Tangen forlenga eit framspel direkte i mål med eit kvarter att å spele. Like etter var innbyttar Thomas André Brastad aleine med keeper, men forsøket vart redda. Midsund pressa på mot slutten og hadde eit skot over frå kloss hald som den største sjansen til å sikre eitt poeng.

      Vestnes Varfjell viste igjen god innsats over heile linja, der midststoppar Svein Erik Lange Male etter vårt syn var bestemann saman med tomålsskårar Olafsen.

       

      Kampfakta:

      Vestnes Varfjell - Midsund 3-2 (3-1)

      4. divisjon Nordmøre/Romsdal

      Vestnes idrettspark, 30 tilskuarar

      Mål:

      1-0 (3) Magnus Nerheim

      1-1 (10) Håkon Sjøvik

      2-1 (16) Elling Olafsen

      3-2 (32) Olafsen

      3-2 (76) Simen Tangen

      Dommar: Lasse Göncz, Træff

      Gulrt kort: Joakim Stormyr, Midsund (87)

      Vestnes Varfjell (4-3-3): Adrian Gabrielsen; Yngve Solevågseide, Svein Erik Lange Male, Ørjan Tangen, Magnus Nerheim - Sivert Nerheim, Karl Arne Stokkeland, Ole Gunnar Kjærstad - Amund Stavem, Elling Olafsen (Thomas André Brastad 77.), Azim Ahmadi