Banner

Sesongmeny

Forrige kamp
Bane: Vestnes Idrettspark laur., 19. okt. 2019 15:00
Vestnes Varfjell
Varfjell
3-3 Åndalsnes
ÅIF

søn., 13. okt. 2019 15:00
Elnesvågen
Elnesv.
2-1 Vestnes Varfjell
Varfjell

Resultater

NO ITEMS

Tabellen

# Team K Mål P
1 KBK 2 22 56 46
2 Eide 22 19 43
3 Surnad. 22 14 42
4 Dahle 22 22 40
5 KFK 22 9 32
6 Malmefj. 22 7 31
7 Tomref 22 -11 30
8 Midsund 22 -21 26
9 Varfjell 22 -22 23
10 ÅIF 22 -14 22
11 AK 22 -16 22
12 Elnesv. 22 -43 20

varfjell.no spør

Korleis går det i sesongen?

4. divisjon Nordmøre/Romsdal 2014 Skriv ut
Matchreport: 4. serierunde - fredag, 09 mai 2014 - 19:00 h
Vestnes Varfjell vs Tingvoll
8 3
(4 : ) (1 : )

Match details

Match Date: fredag, 09 mai 2014
Match Time: 19:00 h
Attendances : 45

Extra info

Weather: dry
Fieldcondition: normal

Starting line up

Målvakt
Forsvar
Midtbane
Angrep

Substitutes

Timeline

Substitution min 46 ::Sivert Nerheim
Azim Ahmadi Substitution min 69 ::Ørjan Tangen
Nirut Mjøs Substitution min 77 ::Alexander Connor
Svein Erik Lange Male Substitution min 83 ::Svein Erik Lange Male
Magnus Nerheim Substitution min 88 ::Magnus Nerheim
Karl Arne Storås Stokkeland Mål Min. 79 ::
Karl Arne Storås Stokkeland Mål Min. 56 ::
Nirut Mjøs Mål Min. 27 ::
Svein Erik Lange Male Mål Min. 22, 58 ::
Elling Olafsen Mål Min. 13, 45 ::
Amund Stavem

Events

Mål

Summary
A-laget: Målrik kveld i Parken PDF Skriv ut E-post
Skrive av nettredaksjonen
fredag 09. mai 2014 20:37

Sjansane sto i kø då Vestnes Varfjell tok imot Tingvoll i 4. divisjon fredag kveld. Det stoppa på 8-3-seier til heimelaget. Det sto 4-1 ved pause etter at Tingvoll hadde tatt leiinga 1-0. Vestnes Varfjell auka til 8-1, før Tingvoll fekk lov til å pynte på resultatet på slutten. Gjestane måtte avslutte kampen med 10 mann sidan ein spelar vart skada og dei ikkje hadde med innbyttarar. Målskårarar for Vestnes Varfjell: Amund Stavem (2), Elling Olafsen (2), Svein Erik Lange Male (straffespark), Nirut Mjøs, Karl Arne Stokkeland og eit sjølmål.  Videoar i VarfjellTV: 1. omgang | 2. omgang. Bildegalleri

Heimelaget var innstilt på å reise seg etter to strake stortap på bortebane. Tingvoll kom til Vestnes med berre eitt poeng på dei tre første kampane og med ei tropp utan innbyttarar. Dei var likevel freidige nok til å ta leiinga i kampen, men Vestnes Varfjell slo straks tilbake og kunne gå til pause med komfortabel leiing 4-1. Kort tid etter pause sto det heile 7-1, og det såg ut til at laget kunne greie å utlikne sin negative målforskjell på tabellen. Men så stoppa det litt opp, og ballen ville ikkje like lett innanfor stengene. Det hjalp tilsynelatande heller ikkje at Tingvoll vart redusert til ein mann mann mindre. Banens bestemann, lagets nye kaptein Karl Arne Stokkeland, fekk sitt fortente mål til 8-1, men det siste kvarteret tok gjestane ut sine siste krefter og reduserte to gongar.

Neste kamp er lokalderbyet 16. mai borte mot Åndalsnes.

Slik kom måla:

0-1 (13) Marsha Miano Matheng (kontring, og skot plassert i boge oppe i hjørnet) Sjå video

1-1 (15) Amund Stavem (skot frå kloss hald etter innlegg frå Azim Ahmani) Sjå video

2-1 (22) Elling Olafsen (skot i mål frå 20 meter som keeper ikkje greier å halde) Sjå video

3-1 (27) Svein Erik Lange Male (straffespark etter at Stavem vart felt)

4-1 (45) Stavem (aleine med keeper  etter framspel frå Thomas André Brastad)

5-1 (51) sjølmål (uheldig avklaringi feil retning frå Sverre Hafskjær etter corner. Ballen lurer seg så vidt over streken og linjemann Svale Leren, Fiks/Rek markerer for mål. Videopptaket ser ut til å gje han rett i det)

6-1 (56) Nirut Mjøs (aleine med keeper etter framspel frå Stokkeland)

7-1 (58) Olafsen (kontant skot i mål på første stolpe etter frispark frå Amund Stavem frå sida av 16-meteren)

8-1 (79) Karl Arne Stokkeland (skot i mål frå kloss hald, dreg seg fri i feltet og omset innlegg frå Olafsen etter at Connor først skaut rett på keeper)

8-2 (82) Tor Arne Rolland (Tingvoll kombinerar fint inne i feltet, skot frå Mathenge blir først redda av keeper Gabrielsen, men Rolland er først på returen)

8-3 (85) Marsha Miano Mathenge (skot frå kort hald etter at Vestnes Varfjell-forsvaret ikkje får avklart)

Eit utval sjansar frå heimelaget:

25 min: Azim Ahmadi skot over frå fem meter

30 min: Karl Arne Stokkeland heading i tverrliggar og ned på streken (videoen gir ikkje klart svar, men linjemann Modolf Hold sto godt plassert og markerte at ballen ikkje var heilt inne) og opp i tverrliggaren i gjen etter corner, retur frå Olafsen også i tverrliggaren.

39 min: Elling Olafsen skot utanfor aleine med keeper.

62 min: Stokkeland skot i stolpen.

69 min: Olafsen aleine med keeper, skot i stolpen. Retur på keeper frå skrått hald.

71 min: Sivert Nerheim med skot frå klass hald etter corner, keeper reddar.

78 min: Alexander Connor aleine med keeper.

81: Olafsen aleine med keeper, retur frå keeper ville heller ikkje inn.

Banens beste: Karl Arne Stokkeland

Kampfakta:

Vestnes Varfjell - Tingvoll 8-3 (4-1)

4. divisjon Nordmøre/Romsdal, fredag 9. mai 2014 kl 19

45 tilskurar i Vestnes idrettspark

Mål:

0-1 (13) Marsha Miano Matheng

1-1 (15) Amund Stavem

2-1 (22) Elling Olafsen

3-1 (27) Svein Erik Lange Male

4-1 (45) Stavem

5-1 (51) sjølmål

6-1 (56) Nirut Mjøs

7-1 (58) Olafsen

8-1 (79) Karl Arne Stokkeland

8-2 (82) Tor Arne Rolland

8-3 (85) Mathenge

Ingen kort

Dommar: Terje Sorthe, Hjelset-Kleive

Vestnes Varfjell (4-3-3): Adrian Gabrielsen; Yngve Solevågseide, Svein Erik Lange Male (Alexander Connor 77.), Thomas André Brastad, Magnus Nerheim (Svein Erik Lange Male 83.) - Karl Arne Stokkeland (Magnus Nerheim 88.), Elling Olafen, Nirut Mjøs (Ørjan Tangen 69.) - Azim Ahmadi (Sivert Nerheim 45.), Amund Stavem, Adrian H Liabø