Banner

Sesongmeny

Forrige kamp
laur., 14. mar. 2020 00:00
Herd
Herd
--- Forhånds
Vestnes Varfjell
Varfjell

tor., 27. feb. 2020 19:00
Emblem
Embl
3-2 Vestnes Varfjell
Varfjell

Resultater

NO ITEMS

Tabellen

# Team K Mål P
1 KBK 2 22 56 46
2 Eide 22 19 43
3 Surnad. 22 14 42
4 Dahle 22 22 40
5 KFK 22 9 32
6 Malmefj. 22 7 31
7 Tomref 22 -11 30
8 Midsund 22 -21 26
9 Varfjell 22 -22 23
10 ÅIF 22 -14 22
11 AK 22 -16 22
12 Elnesv. 22 -43 20

varfjell.no spør

Korleis går det i sesongen?

Norgesmesterskapet 2013 Skriv ut
Matchreport: 1. kvalifiserende runde - søndag, 17 mars 2013 - 15:00 h
Vestnes Varfjell vs Averøykameratene
4 1
(4 : ) (0 : )

Match details

New match:
Match Date: søndag, 17 mars 2013
Match Time: 15:00 h
Playground: Vestnes Idrettspark
Attendances : 60

Extra info

Weather: dry
Fieldcondition: normal

Starting line up

Målvakt
Forsvar
Midtbane
Angrep

Substitutes

Timeline

Substitution min 55 ::Nirut Mjøs
Ole Gunnar Kjærstad Substitution min 83 ::Tore Akselsen
Amund Stavem Substitution min 90 ::Sondre Akselsen
Elling Olafsen Mål Min. 45 ::
Elling Olafsen Mål Min. 44 ::
Ørjan Tangen Mål Min. 33 ::
Tommy Kanishi Andreassen Mål Min. 24 ::
Tommy Kanishi Andreassen
Mål Min. 53 ::
Gult kort Min. 83 ::
Gult kort Min. 33 ::

Events

Mål
• 53' (4-1, Lars Gustad)
Gult kort
• 83' ( Lars Gustad)
• 33' (Forland)

Summary
Effektiv førsteomgang sikra historisk cupavansement PDF Skriv ut E-post
måndag 18. mars 2013 22:45

Vestnes Varfjell kjempa Averøykameratene i senk i cupkvaliken. I tillegg var laget effektive og skåra på sjansane sine slik at det sto 4-0 alt ved pause. AK greide berre å redusere ein gong. Dermed er Varfjell klare for 2. kvalifiserenade runde for første gong sidan 1976. Då nådde laget for første og einaste gong i historien 1. ordinære runde der Molde vart for sterke og vann 4-0 på gamle Molde stadion. Får me ein reprise i år? Sjå opptak av heile kampen i VarfjellTV | AK om kampen

AK starta best i fint, men kaldt marsvær denne søndagen og hadde eit skot på innsida  av stolperota og ein ball som Vestnes Varfjell-målvakt Thomas André Brastad fekk fista via tverrliggar og over. Gjestane frå divisjonen over var store favorittar med namn som Jan Roger Angvik (eks Træff og KBK) og tidlegare Færøyane-proff Stig Roger Søbstad i angrepsrekka.

Heimelaget spelte seg etter kvart inn i kampen. Muleg vart Amund Stavem snytt for straffe etter ein hekt før kaptein Tommy Kanishi Andreassen opna skåringsballet eter 25 minutt. Han kjempa til seg ballen på midtbanen, spelte til Ørjan Tangen som la inn til same Kanishi. Ein AK-spelar var uheldig då han skulle klarere og Kanishi sette ballen kontant i nota frå seks meter.

Vestnes Varfjell var no på hogget og med innsats vart AK-pressa bakover på bana. 2-0 kom etter 33 minutt eit langt framspel frå Elling Olafsen fann Tommy Kanishi som kjempa til seg ballen inne i 16-meteren og avslutta med eit skot i mål frå kloss hald.

Men det var ikkje slutt med dette. Heimelaget kunne gå til pause med ei nesten utruleg 4-0-leiing etter to nye skåringar på tampen av omgangen. 4-0 kom ved Ørjan Tangen som var sist på ballen etter at midtstoppar Jo Sigurd Vold hadde heada mot mål etter eit frispark lagt av Ole-Gunnar Kjærstad. 4-0 kom etter at Elling Olafsen vann duellen med keeper og heada i mål etter eit framspel frå Tommy Kanishi.

2. omgang starta med at AK forsøkte å presse høgt for å få ei tidleg redusering. Den kom også på ei heading etter ein corner. Seinare var det sjansar i begge endar, og kampen store spelar Tommy Kanishi hadde dei største for heimelaget. Vestnes Varfjell let aldri seieren bli truga, og er dermed med blant laga når NFF skal setje opp 2. kvalifiserande runde. Den kampen skal etter planen spelast 2. påskedag. Eit lag frå Sunnmøre (Herd, Spjelkavik, Larnes/Gursken, Bergsøy) eller eit av laga som er att frå Nordmøre/Romsdal (Elnesvågen, Sunndal, Surnadal) blir mest truleg motstandar.

Men før den tid gjer laget som MFK og dreg til Tyrkia for å finpussen formen. Der skal laget møte Herd palmelaurdag, i tillegg blir det truleg ein kamp mot eit lokalt lag.

Kampfakta:

Vestnes Varfjell - Averøykameratene 4-1 (4-0)

NM i fotball (cupen), 1. kvalifiserande runde

Vestnes idrettspark, søndag 18. mars 2013 kl 15

Tilskuarar: 60

Mål:

1-0 (25) Tommy Kanishi Andreassen

2-0 (33) Kanishi Andreassen

3-0 (44) Ørjan Tangen

4-0 (45) Elling Olafsen

4-1 (53) Lars Gustad

Gult kort: Emil Folland (45) og Lars Gustad (83), AK

Dommar: Modolf Holm, Isfjorden

Vestnes Varfjell: Thomas André Brastad; Ørjan Tangen, Svein Erik Lange Male, Magnus Nerheim - Yngve Solevågseide,  Vegar Skare, Ole Gunnar Kjærstad (Nirut Mjøs 56.) - Amund Stavem (Tore Akselsen 83.), Elling Olafsen (Sondre Akselsen 90.), Tommy Kanishi Andreassen

VarfjellTV: Sjå heile kampen mot AK

måndag 18. mars 2013 09:53

Eit opptak frå heile cupkampen mot Averøykameratene er no tilgjengeleg i VarfjellTV. Fotograf er som vanleg Asbjørn Vik. Klikk på bildet for å sjå video.

0 Comments and 0 Reactions

Galleri: Sjå bilda frå kampen mot AK
søndag 17. mars 2013 23:17

Det er lagt ut eit bildegalleri frå søndagens cup-kamp mot Averøykameratene. Her kan du gjenoppleve litt av jubelen i Vestnes idrettspark, både på og utanfor bana. Fotograf er Asbjørn Vik. KLIKK HER FOR Å SJÅ BILDA

0 Comments and 0 Reactions

Live: Vestnes Varfjell - AK 4-1 slutt
søndag 17. mars 2013 13:45

Vestnes Varfjell møter 3.-divisjonslaget Averøykameratene til 1. kvalifiserande runde i NM-cupen  klokka 15 i Vestnes idrettspark. Varfjell.no satsar på å gje å halde deg oppdatert om dei viktigaste hendingane anten her eller på twitter. Lagoppstillingar ligg ute her.
1-0 Tommy Kanishi Andreassen (25). Assist: Ørjan Tangen. Kampen har jamna seg ut etter AK-press frå start.

2-0 Tommy Kanishi Andreassen (33). Assist: Elling Olafsen.

3-0 (44) Elling Olafsen

4-0 (45) Ørjan Tangen. Oppmann Karl Ivar Skare melder om festfotball i første omgang i Vestnes idrettspark!

Pause

4-1 (53) Lars Gustad

Ingen fleire mål etter pause og Vestnes Varfjell er klar for 2. kvalifiserande runde i NM!

Videoar og meir frå kampen seinare. Tidens Krav om kampen: "AK på hodet ut av cupen" | Rbnett om kampen | Bildegalleri

0 Comments and 0 Reactions

A-laget: Møter AK i NM-kvalik søndag kl 15
fredag 15. mars 2013 22:14

Søndag klokka 15 startar alvoret for Vestnes Varfjell i 2013. Då er det klart for første kvalifiseringskamp til NM. Motstandar i første steg på vegen mot cupfinalen på Ullevaal er Averøykameratene. Vestnes Varfjell-trenar Alexander Connor ventar ein tøff kamp mot det hardtsatsande 3.-divisjonslaget som nyleg signerte målmaksina Jan Roger Angvik frå KBK. - AK er nok å rekne for klare favorittar. Vi er eit veldig ungt lag der mange juniorer kan komme til å slite mot robuste og erfarne AK-spelarar, så vi frykter nok at Angvik og co. blir for sterke for juniorane våre. Uansett håpar me at folk stiller på kamp og støttar gutane våre. Det trenger dei, seier Connor. Kampen blir historisk på fleire måtar. Aldri tidlegare har det vorte spelt ein obligatorisk A-kamp så tidleg på året. Det er også første NM-kamp heime i Vestnes idrettspark (tidlegare heimekampar i NM vart spelt i Tresfjord). Dette er første gong Vestnes Varfjell deltek i cupen sidan 1999. Då vart det tidleg exit etter 0-7 borte mot KFK. Forrige møte med AK var i 3. divisjon i 2009, då vann Vestnes Varfjel 2-0.