Banner

4. divisjon Nordmøre/Romsdal 2013 Skriv ut
Matchreport: 1. serierunde - fredag, 19 april 2013 - 19:00 h
Åndalsnes vs Vestnes Varfjell
1 2
(1 : ) (0 : )

Match details

Match Date: fredag, 19 april 2013
Match Time: 19:00 h
Referee: Bjørn Myklebust

Attendances : 55

Extra info

Weather: rainy
Fieldcondition: normal

Starting line up

Målvakt
Forsvar
Midtbane
Angrep

Trener
Oppmann

Substitutes

Timeline

Mål Min. 18 ::

Substitution min 90 ::Ole Gunnar Kjærstad
Tore Akselsen Mål Min. 84 ::
Tore Akselsen Mål Min. 66 ::
Magnus Nerheim Gult kort Min. 82 ::
Ørjan Tangen Gult kort Min. 81 ::
Amund Stavem Gult kort Min. 53 ::
Magnus Nerheim

Events

Mål
• 18' (1-0)
Gult kort

Summary
Snudde kampen og vann i serieopninga PDF Skriv ut E-post
Skrive av nettredaksjonen
fredag 19. april 2013 20:35

Vestnes Varfjell fekk ein fin start på sesongen då laget slo Åndalsnes 2-1 på bortebane fredag kveld. Heimelaget starta klart best og tok leiinga 1-0 etter 18 minutt mot eit tafatt Vestnes Varfjell-lag. Kampen snudde heilt karakter i andre omgang og Magnus Nerheim heada inn utlikninga etter ein corner halvvegs. Fem minutt før slutt avgjorde Tore Akselsen med eit velplassert skot. Dermed vann Varfjell ein seriekamp på Øran for første gong sidan 1977!  ÅIF om kampen | Kampfakta

Vestnes Varfjell brukte ein omgang på å komme i gang med sesongen 2013. Åndalsnes dominerte nemleg i 1. omgang. Heimelaget var først på ballen, vann duellane og rulla opp fleire fine angrep. Vestnes Varfjell sleit med å få igang sitt spel og feilpasningane florerte. Heimelaget tok leiinga på ei kontring etter 18 minutt då dei braut eit Vestnes Varfjell-angrep og sprang frå Vestnes Varfjell-forsvaret. Bård Indredavik hadde ingen problem med å ekspedere ballen i mål etter innlegg frå sida. Vestnes Varfjell skepte lite og sjølv om kampen jamna seg ut mot pause, var laget heldige som gjekk til pause med berre eit mål imot.

Kampen endra totalt karakter etter pause. No var det Vestnes Varfjell som tok tak i det og skapte sjansar. Etter fleire farlege cornerar lukkast det endeleg å få ballen i mål, Magnus Nerheim fekk stussa ballen forbi keeper. Vestnes Varfjell heldt fram med å presse ÅIF bakover og fem minutt før slutt fekk Tore Akselsen ballen på 16 meter. Eit velplassert skot fordi keeper sytte for 2-1 og ellevill jubel.

Samtidig sette ei kraftig snøbyge inn over Øran. Dommaren la til 5 minutt, men Vestnes Varfjell kontrollerte inn ein solid borteseier. Eit skår i gleda var det at matchvinnar Tore Akselsen måtte ut med ein kneskade like før slutt. Forhåpentlegvis er det ikkje alvorleg. Akselsen var for nokre år sidan ute i to sesongar grunn ein skade i det same kneet.

Neste kamp er heime mot Træff 2 søndag 28. mars.

Kampfakta:

Åndalsnes - Vestnes Varfjell 1-2 (1-0)

Seriekamp 4. divisjon Nordmøre/Romsdal

Fredag 19. april 2013 kl 19

Øran stadion, 55 tilskuarar (9 Vestnes Varfjell)

Mål:

1-0 (18) Bård Indredavik

1-1 (66) Magnus Nerheim

1-2 (84) Tore Akselsen

Dommar: Bjørn Myklebust, Molde

Gult kort: Magnus Nerheim, Amund Stavem og Ørjan Tangen, Vestnes Varfjell

Vestnes Varfjell (4-3-3): Thomas André Brastad; Ørjan Tangen, Jo Sigurd Vold, Svein Erik Lange Male, Magnus Nerheim - Yngve Solevågseide, Vegar Skare, Elling Olafsen - Tore Akselsen (Ole Gunnar Kjærstad 90.), Amund Stavem, Tommy Kanishi Andreassen