Banner

Sesongmeny

Forrige kamp
Bane: Vestnes Idrettspark laur., 19. okt. 2019 15:00
Vestnes Varfjell
Varfjell
3-3 Åndalsnes
ÅIF

søn., 13. okt. 2019 15:00
Elnesvågen
Elnesv.
2-1 Vestnes Varfjell
Varfjell

Resultater

NO ITEMS

Tabellen

# Team K Mål P
1 KBK 2 22 56 46
2 Eide 22 19 43
3 Surnad. 22 14 42
4 Dahle 22 22 40
5 KFK 22 9 32
6 Malmefj. 22 7 31
7 Tomref 22 -11 30
8 Midsund 22 -21 26
9 Varfjell 22 -22 23
10 ÅIF 22 -14 22
11 AK 22 -16 22
12 Elnesv. 22 -43 20

varfjell.no spør

Korleis går det i sesongen?
 

4. divisjon Nordmøre/Romsdal 2012 Skriv ut
 Matchreport: 7. serierunde - søndag, 03 juni 2012 - 15:00 h
Kristiansund BK 2 vs Vestnes Varfjell
4 1
(2 : ) (0 : )

Match details

Match Date: søndag, 03 juni 2012
Match Time: 15:00 h
Referee: Hans Georg Snekvik
 
Attendances : 25

Starting line up

Målvakt
Forsvar
Midtbane
Angrep

Substitutes

    Timeline

    Substitution min 48 ::<img src='/fotball/media/com_joomleague/event_icons/in.png' />Sindre Balstad <br> <img src='/fotball/media/com_joomleague/event_icons/out.png' />Elling Olafsen Substitution min 62 ::<img src='/fotball/media/com_joomleague/event_icons/in.png' />Magnus Nerheim <br> <img src='/fotball/media/com_joomleague/event_icons/out.png' />Per Kristian Os Nakken Mål Min. 60 ::<br />Tommy Kanishi Andreassen Gult kort Min. 87 ::<br />Ørjan Tangen

    Events

    Time Event
    87Gult kortGult kort - Ørjan Tangen
    60MålMål (2-1) - Tommy Kanishi Andreassen

     Summary
    A-laget: God andreomgang ikkje nok (oppdatert) PDF Utskrift E-post
    Skrevet av nettredaksjonen   
    søndag 03. juni 2012

     

    Vestnes Varfjell tapte 1-4 borte mot KBK 2 i toppkampen i 4. divisjon søndag. Vertane gjekk hardt ut og leia fortent 2-0 til pause. I andre omgang tok Vestnes Varfjell over i banespelet og reduserte etter eit fint skot over keeper frå Tommy Kanishi Andreassen (sjå video). Laget kasta så alt framover i jakt på ei utlikning, men vart i staden straffa to gongar av eit kontringssterkt heimelag. Videoar i VarfjellTV.



    KBK 2 gjekk ut i høgt tempo i regnværet og Vestnes Varfjell sleit med å henge med i svingane. Det sto 2-0 etter 20 minutt, der begge måla kom etter at heimelaget fekk lett spel gjennom Vestnes Varfjell-forsvaret.



    Amund Stavem hadde dei største sjansane for eit Vestnes Varfjell-lag som spelte seg opp mot slutten av omgangen. Først skaut han like utanfor like etter 1-0-målet, så heada han like utanfor. Seinare fekk han eit skotforsøk blokkert. Også Ørjan Tangen sendte i veg eit hardt skot som keeper redda.


    Etter pause tok Vestnes Varfjell tak i kampen frå start, sjølv om heimelaget også no var farlege på kontringar heile tida. Stavem hadde også no den første store sjansen med avslutning utanfor. Så sendte Marius Ulla i veg eit langskot som keeper fista over via tverrliggaren. Den fortente reduseringa kom etter ein time då Tommy Kanishi Andreassen drog seg fri og skaut i boge over keeper og i mål.

    Gjestane gambla no med tre i forsvar i jakt på ei utlikning, og var nære på fleire gongar.  Tore Akselsen skaut mellom anna like utanfor etter fint kombinasjonsspel med Kanishi.



    Den offensive satsinga gjorde at KBK kunne utnytte sitt farlege kontringsspel. Vertane skaut mellom anna i stolpen før 3-1 kom etter straffe der målvakt Alexander Aarø felte KBK-spelaren på veg mot mål. Vestnes Varfjell-leiren ropte på offside utan å bli høyrt, og videobilda viser at dommartrioen hadde rett. 4-1 kom på nok ei kontring like etter, og kampen var avgjort.



    På overtid ville Vestnes Varfjell ha skåring då ei heading av Sindre Balstad vart redda på strek etter ein corner.


    Vestnes Varfjell får ta med seg den gode andreomgangen etter denne kampen. Då viste heile laget god innsats og mykje bra spel. Midtstoppar Svein Erik Lange Male hadde fått ny makker i Marius Ulla sidan Nirut Mjøs hadde forfall. Begge spelte ein god kamp. Kaptein Kansishi gjekk som vanleg framom  då laget starta offensiven etter pause, medan Stavem berre mangla skåringa. Sindre Balstad sesongdebuterte som innbyttar og viste teikn på at han blir ein fin tilvekst til stallen.



    Kampfakta:

    Kristiansund BK 2 - Vestnes Varfjell 4-1 (2-0)
    Seriekamp 4. divisjon Nordmøre/Romsdal

    Søndag 3. juni 2012 kl 15

    Idrettsplassen (Kristiansund kunstgressbane)

    Tilskuarar: 25

    Mål:

    1-0 (12) Dennis Thordarsson

    2-0 (20) Thordarsson

    2-1 (60) Tommy Kanishi Andreassen

    3-1 (80) Thordarsson, straffespark

    4-1 (86) Andreas Nilsen

    Dommar: Hans G Snekvik, Bjøfjord

    Gult kort: Ørjan Tangen, Vestnes Varfjell

    Vestnes Varfjell (4-3-3): Alexander Aarø; Ørjan Tangen, Svein Erik Lange Male, Marius Ulla, Per Kristian Os Nakken (Magnus Nerheim 62.) - Vegar Skare, Yngve Solevågseide, Elling Olafsen (Sindre Balstad 48.) - Tore Akselsen, Amund Stavem, Tommy Kanishi Andreassen



    :: Powered by JoomLeague - Version 1.6.0.9826ddb ::