Vestnes Varfjell slo til med tosifra seier då laget slo Eidsvåg 10-0 på bortebane fredag. Stillinga var 3-0 ved pause. Amund Stavem vart firemålskårar. Dei andre måla vart sett inn av Tommy Kanishi 2, Tore Akselsen 2, Svein Erik Lange Male og Elling Olafsen. Heimelaget hang med til Vestnes Varfjell sette inn tre mål på rappen midt i første omgang. Også starten på andre var jamn. Eidsvåg hadde også sine sjansar og 10-0 var i overkant mykje. - Eidsvåg gav oss hard kamp lenge, men slutten vart einvegskøyring og mykje variert og fint angrepsspel av oss. Det er ikkje mange lag i divisjon som matchar oss i det offensive repertoaret, sa ein godt fornøgd trenar Alexander Connor etter kampen.
Eidsvåg vann sin første kamp på 11 månader då dei slo Træff 2 borte sist. Laget yppa seg også tidleg mot Vestnes Varfjell i regnværet på Eidsvåg kunstgrasbane, men målvakt Alexander Aarø rydda opp.
Etter kvart tok bortelaget kontroll og hadde fleire fine skotforsøk får det lausna med tre skåringar på rappen midtvegs i første omgang.
Også andre omgang starta med at vertane var nærast, med god hjelp av Vestnes Varfjell-forsvaret, men igjen rydda Aarø opp. Heimelaget såg ut til å gå tom for krefter, og den siste halvtimen var det duka for angrepsshow frå Vestnes Varfjell som rulla opp angrep etter angrep.
Skåringane kom slik:
0-1 (22) Tommy Kanishi Andreassen:
0-2 (24) Elling Olafsen: Heading via tverrliggar og ned etter corner.
0-3 (26) Amund Stavem: Skåring på retur frå keeper etter skot frå Kanishi.
0-4 (63) Svein Erik Lange Male: Nytt skot frå Kanishi som keeper ikkje held, Male er frampå og puttar.
0-5 (65) Stavem: Skot forbi keeper frå kloss hald.
0-6 (67) Stavem: Ungguten er igjen frampå og set inn sitt tredje for kvelden.
0-7 (69) Kanishi Andreassen: Skot frå 17 meter.
0-8 (75) Stavem: Nytt skot forbi keeper og Stavem blir firemålsskårar.
0-9 (84) Tore Akselsen: Lurer alle og set eit raskt tatt frispark over muren og i det tomme hjørnet.
0-10 (86) Akselsen: Akselsen med sitt andre og kveldens siste mål på eit fint skot forbi keeper.
Også ein del sjansar utanom måla, mellom anna var Yngve Solevågseide nære på etter eit skot som strauk tverrliggaren på stillinga 9-0.
Kampfakta:
Eidsvåg - Vestnes Varfjell 0-10 (0-3)
Seriekamp 4. divisjon Nordmøre/Romsdal
Fredag 11. mai 2012 kl 19
Eidsvåg stadion kunstgras
45 tilskuarar
Mål:
0-1 (22) Tommy Kanishi Andreassen
0-2 (24) Elling Olafsen
0-3 (26) Amund Stavem
0-4 (63) Svein Erik Lange Male
0-5 (65) Stavem
0-6 (67) Stavem
0-7 (69) Kanishi Andreassen
0-8 (75) Stavem
0-9 (84) Tore Akselsen
0-10 (86) Akselsen
Dommar Modolf Holm, Isfjorden
Gult kort: Eitt til Eidsvåg
Vestnes Varfjell: Alexander Arøe; Ørjan Tangen, Nirut Mjøs, Svein Erik Lange Male (Sander Valde 77), Per Kristian Os Nakken (Magnus Nerheim 61) - Elling Olafsen, Vegar Skare (Christian Mario Leikarnes 87), Marius Ulla (Yngve Solevågseide 76) - Tore Akselsen (Tommy Solevågseide 87), Amund Stavem (Sondre Akselsen 84), Tommy Kanishi Andreassen
Kampfakta
Dato: fredag 11. mai 2012 kl. 19:00
Tilskuere:
Kampnummer: 15120401019
Kampreferat
|