Banner

3. div BFH-serien 2009 Skriv ut
 Matchreport: 9. serierunde - fredag, 19 juni 2009 - 19:30 h
Surnadal vs Vestnes Varfjell
2 4
(0 : ) (4 : )

Match details

Match Date: fredag, 19 juni 2009
Match Time: 19:30 h
Referee: Henning Sunde
 
Attendances : 100

Starting line up

Målvakt
Forsvar
Midtbane
Angrep

Substitutes

    Events

    Mål
      Gult kort

         Summary
        A-laget: Avgjorde kampen på 20 minutt PDF Utskrift E-post
        Skrevet av nettredaksjonen   
        lørdag 20. juni 2009

         

        Bjørn-Vegard Løvik og Ronny Leikarnes feirar seieren. (Foto: GK)
        Løvik og Leikarnes
        Effektive Vestnes Varfjell leia 4-0 ved pause etter fire mål på 20 minutt og kunne ta sin andre seier for sesongen då laget slo Surnadal 4-2 på bortebane fredag. Karl Arne Stokkeland, Ronny Leikarnes (2) og Tommy Kanishi Andreassen skåra måla. Laget kom ikkje med ferja på Kanestraum og måtte starte kampen omtrent rett frå bussen utan at det såg ut til å plage laget nemneverdig. Vertane reduserte to gongar tidleg i andre omgang, men denne gongen heldt leiinga heilt inn for Vestnes Varfjell, som klatra vekk frå botnplassen. Videoar og bildegalleri kjem. Bilder i MMS-bloggen.

         


        Kampstart måtte utsettjast i 15 minutt på grunn av lang fredagskø på Kanestraum-Halsa. Laget bytta om i buss/bilar og tok taktikkpraten i ferjesalongen på "Stordal".

        Etter ein sjansefattig og litt tam start i kveldssola på Syltøran, vakna kampen til live etter 20 minutt. Som vanleg denne sesongen var tok Vestnes Varfjell-leiinga. Tommy Kanishi Andreassen snappa opp eit dårleg utkast frå keeper. Forsøket frå Kanishi vart redda i første omgang, men så hamna ballen igjen hos Kanishi som la inn til Karl Arne Stokkeland som fann opninga og skaut i mål.

        Tre minutt etter var Ronny Leikarnes på farta. Ei frekk vending nede ved dørlinja hadde nær endt i skot i mål, men keeper fekk snappa ballen. Det greidde han ikkje fem minutt seinare då Leikarnes var på full fart mot mål etter fint framspel frå Ørjan Tangen- Skotet sat sikkert forbi heimelagets målvakt.

        Den gamle storskåraren var no blitt varm og etter å reve til seg ballen sette han den kaldt forbi keeper til 3-0. Heimelaget var tydeleg rysta og makta ikkje å skape målsjansar i første omgang. To minutt før pause la Tommy Kanishi Andreassen på til 4-0 med eit fint skot frå kloss hald.

        Andre omgang starta med at Leikarnes hadde ein stor sjanse til å auke til 5-0, men skotet vart hindra av ei feberredning. Surnadal satsa alt på ei tidleg skåring etter pause og lukkast på ein retur etter ein corner. Avslutninga frå kaptein Webjørn Holten fauk i mål, utagbart for Arild Mundal i Varfjell-målet. Ein ny corner ti minutt etterpå vart heada rett i mål og det var igjen spenning i kampen.

        Heldigvis fekk Vestnes Varfjell roa ned i forsvar og greide sakte, men sikkert å få igang eige spel att. Samtidig greidde ikkje heimelaget å halde oppe same trykket, samtidig som dei etter kvart byrja å slå langt på spissen Roy Bolme. Han kom ikkje nærare enn eit stolpeskot på overtid.

        På 90 minutt var det også to straffesituasjonar i kvar ende av banen. Først peike dommar Henning Sunde på straffemerket etter ei felling av ein Surnadal-spelar, men assistentdommar Roger Hagbø såg at det skjedde utanfor 16-meteren. Frisparket vart sett over. Så meinte Ørjan Tangen seg felt i andre enden av banen, men Sunde vinka spelet vidare sjølv om assistenten vinka med flagget.

        Tangen var etter vår meining best på kollektivt godt Vestnes Varfjell-lag. Særleg i første omgang sto han for mykje av det oppbyggande angrepsspelet frå sin nye plass som sideback. Bjørn-Vegard Løvik med si rutine og Karl Arne Stokkeland med sitt oppofrande spel var viktige i avgjerande fasar av kampen. Tomålsskårar Leikarnes spelte også sin kanskje beste kamp for året.

        Avisa Driva om kampen

        Kampfakta:
        Surnadal - Vestnes Varfjell 2-4 (0-4)
        3. divisjon Nordmøre/Romsdal BFH-serien
        Fredag 19. juni 2009 kl 19.45
        Syltøran stadion
        100 tilskuarar
        Mål:
        0-1 (22) Karl Arne Stokkeland
        0-2 (29) Ronny Leikarnes
        0-3 (31) Leikarnes
        0-4 (43) Tommy Kanishi Andreassen
        1-4 (49) Webjørn Holten
        2-4 (59) Tommy Thunestveit

        Dommar: Henning Sunde, Molde
        Gult kort: Tommy Thunestveit, Surnadal. Tommy Kanishi og Bjørn-Vegard Løvik, Vestnes Varfjell
        Vestnes Varfjell (4-3-3): Arild Mundal; Ørjan Tangen, Yngve Solevågseide, Bjørn-Vegard Løvik, Thomas André Brastad - Karl Arne Stokkeland, Alexander Connor (Jørgen Gravdehaug 85.), Vegard Ellingseter (Jakob Talberg 81.) - Simen Brennvik (Nirut Mjøs 64.), Ronny Leikarnes, Tommy Kanishi Andreassen.

         

        VarfjellTV: Alt om Surnadal-kampen PDF Utskrift E-post
        Skrevet av Asbjørn Vik (videoreporter)   
        mandag 22. juni 2009

         

        Alexander  intervju
        Alexander intervju
        I Varfjell-TV ligg det ute mange klipp frå kampen mot Surnadal fredag. Her kan du gjenoppleve alle skåringane, sjå heile kampen i ti bolkar og høyre reaksjonar frå Varfjell-trenar Alexander Connor og Surnadals kaptein Webjørn Holten. - Endeleg løsna det for oss, seier Connor mellom anna i innslaget. Også ein bit frå heimturen er lagt ut. Klikk på bildet til høgre eller på bilda under for å sjå innslaga.

         

        Stokkeland scora
        Stokkeland scora
        Leikarnes scora
        Leikarnes scora
        Ronny Leikarnes scora
        Ronny Leikarnes scora
        Andreassen scora
        Andreassen scora
        Holten scora
        Holten scora
        Thunestveit scora
        Thunestveit scora
        Intervju med Holten
        Intervju med Holten
        Alexander  intervju
        Alexander intervju
        Heimturen - Krifast
        Heimturen - Krifast
        Surnadal - Varfjell ( Del 1)
        Surnadal - Varfjell ( Del 1)
        Surnadal - Varfjell ( Del 2)
        Surnadal - Varfjell ( Del 2)
        Surnadal - Varfjell ( Del 3)
        Surnadal - Varfjell ( Del 3)
        Surnadal - Varfjell ( Del 4)
        Surnadal - Varfjell ( Del 4)
        Surnadal - Varfjell ( Del 5)
        Surnadal - Varfjell ( Del 5)
        Surnadal - Varfjell ( Del 6)
        Surnadal - Varfjell ( Del 6)
        Surnadal - Varfjell ( Del 7)
        Surnadal - Varfjell ( Del 7)
        Surnadal - Varfjell ( Del 8)
        Surnadal - Varfjell ( Del 8)
        Surnadal - Varfjell ( Del 9)
        Surnadal - Varfjell ( Del 9)
        Surnadal - Varfjell ( Del 10)
        Surnadal - Varfjell ( Del 10)

         
        Galleri: Sjå bilda frå Surnadal-kampen
        mandag 22. juni 2009

        Eit bildegalleri frå kampen mot Surnadal fredag er no også klart her på Varfjell.no. Her kan du gjenoppleve skåringar og andre situasjonar frå kampen. Nokre bilde frå turen og etter kampen er det også. KLIKK HER FOR Å SJÅ GALLERIET. Klikk på "lupe"-symbolet for å sjå bilda på full skjerm og med lysbildevisning.