Banner

4. divisjon Nordmøre/Romsdal 2018 Skriv ut
 Matchreport: Round 21 - søndag, 07 oktober 2018 - 15:00 h
Vestnes Varfjell vs Eide
2 3
(0 : ) (1 : )

Match details

Match Date: søndag, 07 oktober 2018
Match Time: 15:00 h
Attendances : 75

Extra info

Weather: dry
Fieldcondition: normal


 Summary

Bidrog til spenning i opprykkskampen

søndag 07. oktober 2018 16:27

Vestnes Varfjell heldt opprykksjagande Eide lenge til uavgjort, men tapte til slutt 2-3 heime i Vestnes idretsspark søndag. Amund Stavem skåra begge måla for heimelaget. Eide vann fortent, men eit litt svekka heimelag kunne med litt hell ha fått med seg poeng og dermed avgjort opprykkskampen til fordel for Sunndal.

VarfjellTV: SJÅ HEILE KAMPEN HER | BILDEGALLERI HER

Kampen opna noko famlande frå begge lag. Ørjan Tange, kaptein for dagen i Tommy Kanishi sitt fråver, var førstemann frampå. Så hadde Fredrik Bergslig ei god redning i andre enden. Den gamle måltjuven Stig Roar Søbstad forsøkte seg også for gjestane. Amund Stavem rakk ikkje kampstart, men markerte seg med ein gong då han kom innpå etter 20 minutt. Skotet strauk på utsida av krysset. Jonas Lervik vart nesten målskårar på bakre stolpe etter innlegg frå Magnus Nerheim rett før pause. I staden for 1-0 gjekk Eide i angrep, og denne gongen tok Anders Harstad vare på sjanse. Skotet lurte seg inn ved stolperota.

Eide starta best i andre omgang og starta med ei avslutning i stolpen. Så drog Amund Stavem seg fri, skotet vart redda av keeper, men Elling Olafsen fekk nesten sette returen i mål. 1-1 skulle likevel komme. Amund Stavem herja til tider med Eide-forsvaret og midtvegs i omgangen sat skotet frå 16 meter i mål. Assist: Yngve Solevågseide. Like etter var Stavem nærme å gje heimelaget leiinga.

Eide kom seg etter dette, og på tre minutt vart kampen i realiteten avgjort. Begge skåringane kom etter at Varfjell-forsvaret ikkje hang med i svingane og Ruben Toven og Idar Lysgård kunne lett sette inn kvart sitt mål mot eit utspelt heimeforsvar.

Amund Stavem reduserte ein gong og skapte ny spenning. Målet kom etter eit frispark frå 35 meter. Linjemannen vinka for offside, men dommaren godkjente. Det var korrekt, då bilda viser at frisparket frå Stavem ikkje er borti nokon før det går via bakken i stolpen og i mål.

Connor la om til tre bak i sluttminutta i håp om ein sluttspurt, men Eide heldt unna og var også to gongar nære å auke leiinga på overtid.

I 4. divisjon er Træff 2, som Vestnes Varfjell møter borte i siste serierunde, alt klare for 4. divisjon. Det hindra dei likevel ikkje frå å greie 2-2 mot Tomrefjord søndag. Med det forsvann også aller siste håp for Tomrefjord i opprykkskampen, men heller ikkje seier hadde halde så lenge både Sunndal og Eide vann sine kampar. I siste serierunde møter Sunndal KFK borte og Eide tar imot Malmfjorden. Sunndal greier seg truleg med uavgjort fordi dei har to poeng og sju mål å gå på.

KAMPFAKTA:

Vestnes Varfjell - Eide og Omegn 2-3 (0-1)

4. divisjon Nordmøre/Romsdal

Søndag 7. oktober 2017 kl 15

Vestnes idrettspark, 75 tilskuarar

Mål:

0-1 (44) Anders Harstad

1-1 (68) Amund Stavem

1-2 (78) Ruben Toven

1-3 (81) Idar Lysgård

2-3 (85) Stavem

Dommar: Helge Roar Åndal, MFK.

Gult kort: Sondre Eide Blikås, Eide (40) og Elling Olafsen, Vestnes Varfjell (52)

Vestnes Varfjell (4-3-3): Fredrik Bergslid; Håkon Kjørvik (Knut Stian Eik 82.), Svein Erik Lange Male, Liam Connor, Magnus Nerheim - Jonas Lervik (Adrian Liabø 64.), Markus Brudseth - Jarle Løvik Salte (Yngve Solevågseide 46.), Elling Olafsen, Adrian Liabø (Amund Stavem 22.)