Banner

Sesongmeny

Neste kamp
Bane: Malmefjorden stadion fre., 09. aug. 2019 19:00
Malmefjorden
Malmefj.
--- Forhånds
Vestnes Varfjell
Varfjell

Forrige kamp
Bane: Øran stadion fre., 28. jun. 2019 19:00
Åndalsnes
ÅIF
4-4 Vestnes Varfjell
Varfjell

Tabellen

# Team K Mål P
1 KBK 2 11 36 26
2 Dahle 11 11 21
3 Eide 11 9 21
4 Tomref 11 8 20
5 Malmefj. 11 5 20
6 Surnad. 11 2 18
7 Midsund 11 -5 17
8 Varfjell 11 -8 13
9 ÅIF 11 -7 9
10 KFK 11 -11 9
11 Elnesv. 11 -26 8
12 AK 11 -14 7

varfjell.no spør

Korleis går det i sesongen?
 
Første seier i 1. divisjon for G 16
onsdag 05. september 2018 12:57

G16 tok tirsdag kveld sin første seier i 1. divisjon då Molde vart slått 1-0. Mustafa Chaaban var målskårar i Vestnes idrettspark.

Add a comment
 
Avgjorde etter sterk andreomgang
fredag 31. august 2018 20:39

Vestnes Varfjell sleit lenge mot svakt plasserte Elnesvågen på heimebane fredag kveld, men sikra ein solid 4-1-seier etter ein god andreomgang. Elling Olafsen sendte Vestnes Varfjell i føringa i ein sjasefattig førsteomgan, men gjestane frå Fræna utlikna like før pause då ei trippelsjanse endte i ei avslutning som gjekk i mål via Håkon Kjørvik. I andre omgang var det ikkje tvil om kven som var best, men det gjekk ei stund før Amund Stavem sette inn 2-1 kontant i krysset. Så skåra Tommy Kanishi på eit frispark før Vegar Skare avslutta med eit flott skot på overtid. Arjan Sylte debuterte på A-laget.

Gjestane hadde børste støvet av nokre veteranar til denne kampen, mellom andre ruva kaptein Bjørn Espen Vatne godt i midtforsvaret lenge. Framme hadde dei fått Alexander Lobos heim frå spel i Træff. Kampen var jamn lenge, men i andre omgang satt endeleg kombinasjonane for heimelaget som skapte fleire store sjansar før skåringane kom. Elnesvågen kom ikkje nærare enn eiit langskot frå Lobos som Stavem heada unna på strek.

Neste kamp er lokaloppgjeret borte mot Tomrefjord komande fredag klokka 18.30.

BILDEGALLERI FRÅ KAMPEN

Kampfakta:

Vestnes Varfjell - Elnesvågen 4-1 (1-1)

4. divisjon Nordmøre/Romsdal, fredag 31. august 2018 kl 19

Vestnes idrettspark, 85 tilskuarar

Mål:

1-0 (40) Elling Olafsen

1-1 (44) sjølmål (Hpkon Kjørvik)

2-1 (70) Amund Stavem

3-1 (83) Tommy Kanishi Andreassen

4-1 (90 + 3) Vegar Skare

Dommar: Roe Vidar Lien, Malmefjorden

Gult kort: Kristian Havnes Klemetzen, Benny Øverli og Bjørn Espen Vatne, alle Elnesvågen

Vestnes Varfjell (4-3-3): Fredrik Bergslid; Håkon Kjørvik, Svein Erik Lange Male, Liam Connor (Arjan Sylte 70.), Ørjan Tangen - Vegar Skare, Jonas Lervik (Yngve Solevågseide 67.), Tommy Kanishi Andreassen - Amund Stavem, Elling Olafsen (Knut Stian Eik 85.), Magnus Nerheim

Add a comment
 
A-laget: Møter Elnesvågen fredag klokka 19
fredag 31. august 2018 00:00

Elnesvågen er gjestar i Vestnes idrettspark fredag.  Gjestane frå Fræna kjempar for å unngå nedrykk og har både fått ny trenar i Benny Øverli og fått tilbake rutinerte spelarar som Alexander Lobos frå Træff og Kristian Klemetzen. Fleire veteraner gjer også comeback. Dei har til no i år nøyd seg med spel i 7-arserien. Også for to år sidan kom Elnesvågen med eit "nytt" lag i tilsvarande situasjon. Då vann dei 4-1. I fjor vart det seier til Vestnes Varfjell i begge kampar, og også i bortekampen i vår vart det seier (4-3). Elnesvågen er saman med Vestnes Varfjell faktisk dei einaste som har slått serieleiar Sunndal i år, dei greidde også uavgjort borte i haust, der Vestnes Varfjell altså tapte 0-8. Dermed er det ein tøff motstandar som står på motsatt banehalvdel i kveld. Oversikt over tidlegare kampar her.

Det blir som vanleg open kiosk, og her kan du også sikre deg eitt av dei nye supporterskjerfa. Avspark er klokka 19. Møt opp og støtt heimelaget i kampen om nye poeng.

Add a comment
 
G16 tok poeng frå serieleiaren
torsdag 30. august 2018 15:30

Vestnes Varfjell tok sitt første poeng i 1. divisjon G 16 då laget spelte 2-2 mot Elnesvågen onsdag kveld. Eit sterkt resultat mot dei suverene serieleiarane. Ammar Fouaz Mater Al-Dolaimi gav Vestnes Varfjell leiinga i Vestnes idrettspark. Det sto seg til pause. I andre omgang vart heimelaget pressa litt bakpå, men utlikinga kom på uheldig vis. Eit frispark traff stolpen og gjekki mål via ryggen på keeper. Same keeper vart hindra då Elnesvågen tok leiinga etter ein corner, men dommaren godkjente skåringa. Vestnes Varfjell fekk tre 5-minutts utvisningar i ei intens avslutning på kampen, men gav ikkje opp. I siste minutt kom utlikinga. Audun Løkke var sist på ballen etter ein corner. Dommaren sto godt plassert og dømte at ballen hadde vore over streken.  Då laga møttes i kvalifiseringa i vår vann Elnesvågen heile 12-1. Dette var den andre av fire kampar mot Elnesvågen denne veka. G14 vann 5-1 tirsdag og toppar tabellen i 9-arserien. Jentelaget skal i aksjon torsdag før A-laget tek imot laget frå Fræna fredag.

Add a comment
 
Tabbekveld då serieleiaren fekk revansj
fredag 24. august 2018 21:29

Vestnes Varfjell hadde slått Sunndal i to klampar på rad, men fredag fekk serieleiaren i 4. divisjon solid revansj. 8-0 sto det til slutt i ein kamp der Varfjell rota det frykteleg til for seg sjøl med sjølmål, feilpasningar og balltap som førte til baklengsmål. Tor Erik Torske vart kampens store spelar. Den tidlegare KBK-spelaren fann nettmaskene fire gongar. - Me gjorde alle dei feile me var einige om før kampen at me ikkje skulle gjere, sa ein oppgitt Vestnes Varfjell-trenar etter kampen. Laget hans vart neml

Kampen starta jamnt og sjansefattig på regntunge Sande stadion. Lite skjedde framom måla før etter 20 minutt. Då heada Svein Erik Lange Male ballen rett i beina på Erling Farstad Fredriksen som sendte vertane i føringa. Kvarteret etter sto det 2-0 då ein uheldig Håkon Kjørvik beina eit innlegg i eige mål. Sunndal hadde også eit par sjansar til før pause då Varfjell-målvakt Fredrik Bergslig stoppa Torske og Svein Erik Lange Male gjorde godt for 0-1-målet då han hindra Erik Ruud Ramsli.

Andre omgang starta verst tenkeleg med eit omdiskutert mål i mot alt etter sju minutt. Linjemannen, som også var involvert i to kontroversielle situasjonar då laga møttest på Vestnes, vinka for offside. Det såg det ut som begge lag og eit samstemt publikum også var innforstått med. Dommar Roe Vidar Lien visste imidlertid betre og peika mot midtstreken. Han meinte ballen hadde vore innom eit Varfjell-bein og slik oppheva offsiden. Petter Melkild var sist på ballen.

Vestnes Varfjell greidde aldri å heve seg etter dette og Sunndal fekk etter kvart lett spel anført av Tor Erik Torske. Spissen med eliteserieerfaring blir ein viktig mann for Sunndal i kampen om opprykk etter at han meldte seg skadefri til haustsesongen. Den siste halvtimen skåra han ikkje mindre enn fire mål, og det tar ikkje noko vekk frå prestasjonen at to av dei var reine gavepakker der ballen vart servert frå høvesvis Jarle Løvik Salte og kaptein Tommy Kanishi Andreassen. Avslutningane var det uansett klasse over, særleg ein lekker lobb over ei utrusande målvakt. Innimellom fekk også Sander Grimelid sleppe til med eit flott langskot over keeper og i mål. Sunndal hadde også ei avslutning i stolpen.

Varfjell kom nærast ei redusering då Kanishi prøvde å gjere godt at si blemme med eit susande langskot som den nye Sunndal-målvakta Eirik Iversen (frå MFK) fekk fista over. På den påfølgande corneren var Knut Stian Eik farleg frampå, men trøstemålet uteblei.

Varfjell slit med ein del skadar og sjukdom for tida, og heller ikkje i kveld greidde alle å fullføre. David Sissoko måtte ut alt etter halvtime etter at han vart kroppstakla, men verka ved godt mot då me snakka med han etterpå. Forhåpentlegvis har det ikkje noko å seie for dei komande landskampane.

Neste kamp er heime mot Elnesvågen fredag kl 19.

Kampfakta:
Sunndal - Vestnes Varfjell 8-0 (2-0)

Fredag 24. august 2018 kl 19

Sande stadion, 95 tilskuarar (3 Vestnes Varfjell)

Mål:

1-0 (22) Erling Farstad Fredriksen

2-0 (34) sjølmål (Håkon Kjørvik)

3-0 (52) Petter Melkild

4-0 (58) Tor Erik Torske

5-0 (62) Sander Grimelid

6-0 (66) Torske

7-0 (80) Torske

8-0 (87) Torske

Dommar: Roe Vidar Lien, Malmefjorden

Laget (4-3-3): Fredrik Bergslid; Håkon Kjørvik, Svein Erik Lange Male, Ørjan Tangen, Magnus Nerheim (Jonas Lervik 58) - Amund Stavem (Knut Stian Eik 62.), Vegar Skare, Tommy Kanishi Andreassen - David Sissoko (Jarle Løvik Salte 31), Elling Olafsen, Markus Brudeseth

Add a comment
 
Møter serieleiaren på bortebane
fredag 24. august 2018 12:58

I kveld klokka 19 møter med Sunndal på bortebane. Me vann 5-4 borte i tilsvarande oppgjer i fjor og også heimekampen mot Sunndal i år endte med seier, 3-2.  Oversikt over tidlegare kampar her. Oppdatering på Twitter.

Add a comment
 
Sissoko igjen tatt ut på landslaget
fredag 24. august 2018 12:53

Vestnes Varfjell-spiss David Sissoko har fått fornya tillit av landslagstrenar Erland Johnsen. Han er nemleg tatt ut på G16-landslaget som skal spele Syrenka cup i Polen fra 5. - 12. september. England blir første motstandar. Heile troppen og meir om turneringa her.

Add a comment
 
VarfjellTV: Sjekk den redninga!
måndag 20. august 2018 16:37

Eit tigersprang frå Varfjell-målvakt Fredrik Sivertsen Bergslid hindra Thomas Christian Kjønnø Hoem og ⁦Kristiansund FK skåring i Vestnes idrettspark fredag. Saman med skåringa til Elling Olafsen, var dette kampens høgdepunkt. Bergslid hadde også fleire andre gode redningar og var utan tvil "man of the match". Klikk på bildet for å sjå video. Fotograf er som vanleg Asbjørn Vik.

Add a comment
 
Kjempa i land sterk heimeseier
fredag 17. august 2018 20:16

Ei heading frå Elling Olafsen 20 minutt før slutt sikra seieren då topplaget Kristiansund FK gjesta Vestnes idrettspark fredag. Heorisk innsats og ikkje minst godt keeperspel hindra gjestane å skåre i sluttminutta.

 

BILDEGALLERI | VarfjellTV: Sjå heile kampen | Skårlinga til Olafsen | Fantastisk redning av Bergslid

Første omgang var jamn og sjansefattig. KFK spelte seg etter kvart til eit lite overtak, men ikkje meir enn at vertane også fekk sleppe til. Markus Brudeseth hadde eit godt skotforsøk som keeper blokkerte etter ti minutt. Heimelagets beste angrep i omgangen kom etter halvtimen då David Sissoko spelte friTommy Kanishi som fnan Håkon Kjørvik framom mål, men dessverre vart skotet "keepermat".

KFK var nærast mot slutten av omgangen. Først redda Varfjell-målvakt Fredrik Bergslid ein gong før han fista eit skot som var på veg mot krysset, over. Rett før pause traff ballen opp tverrliggaren etter ein KFK-corner.

Gjestane heldt fram på same måte i starten av andre omgang, men igjen rydda Bergslid opp. Varfjell kom også nære då Svein Erik Lange Male var nokre centimeter for sein til å få foten på eit frispark som vart sendt inn i feltet. Så varta Bergslid opp med ei kjemperedning på eit godt plassert skot. Tommy Kanishi fekk dratt seg fri i andre enden av banen, men også her redda keeper. Enno var det ikkje gått ti minutt av andre omgang.

Sjansebonansaen roa seg litt utover i omgangen, men framleis med KFK som det førande laget. Vestnes Varfjell satsa på å utnytte kontringssjansane og 20 minutt før slutt fekk laget uttelling. Innlegget frå innbyttar Juarn Rikard Larsen fann Elling Olafsen som heada ballen til side for keeper.

Resten av kampen vart eit stormløp mot Varfjell-målet, men en god keeper og eit kontant forsvar fekk rydda opp gong etter gong. David Sissoko og Markus Brudeseth hadde kvar sin store sjanse til å auke til 2-0, men keeper redda då Sissoko kom aleine og Brudseth avslutta like utanfor. Heldigvis heldt det med ei skåring, og etter fire spennande overtidsminutt kunne heimelaget juble for alle poenga.

Heile laget får ros for innsatsen denne gongen, dette var ein skikkeleg lagseier. Sissoko var tilbake frå landslagsspel, medan Amund Stavem (bortreist), Vegar Skare (jobb) og Vegard Ellingseter (skadd) var mellom forfalla denne gongen. I tillegg har Sivert Nerheim og Adrian Liabø har reist til studiar. Det opna for speletid for fleire av ungutane i stallen der Juan Rikard Larsen sesongdebuterte.

Trenar Alexander Connor fekk sjå at laget reiste seg etter den svake kampen mot Midsund sist og var godt fornøgd med å ha tatt fire av seks mulege poeng mot eit så godt lag som KFK, sjølv om også gjestane mangla sentrale spelarar.

Neste kamp er mot serieleiar Sunndal på bortebane. Sunndal vann heile 5-0 mot Tomrefjord i den andre 4.divisjonskampen i kommunen fredag kveld.

KAMPFAKTA:

Vestnes Varfjell - Kristiansund FK 1-0 (0-0)

4. divisjon Nordmøre/Romsdal, fredag 17. august 2018 kl 19

Vestnes idrettspark, 75 tilskuarar

Mål:

1-0 (71) Elling Olafsen

Dommar: Ketil Sorthe, Hjelset-Kleive

Gult kort: Svein Erik Lange Male, Vestnes Varfjell (75)

Vestnes Varfjell (4-3-3): Fredrik Bergslid; Håkon Kjørvik, Svein Erik Lange Male, Liam Connor (Juan Rikard Larsen 53.), Ørjan Tangen - Magnus Nerheim, Tommy Kanishi Andreassen, Jonas Lervik (Yngve Solevågseide 70.) - David Sissoko, Elling Olafsen, Markus Brudeseth (Knut Stian Eik 86.)

Add a comment
 
Tapte etter svak andreomgang
fredag 10. august 2018 20:56

Vestnes Varfjell fekk ein svak start på haustsesongen då Midsund vart for sterke fredag. Det såg lyst ut lenge og Vestnes Varfjell gjekk til pause med 2-1-leiing, men i andre omgang ville Midsund mest og vann fortent.

Kraftig regn og vind innbydde ikkje til fint spel på den tunge, men likevel gode grasmatta, men det vart likevel ein sjanserik og spennande kamp. Midsund hadde den første sjansen, før gjestane sette inn 1-0. Elling Olafsen sendte ein stikkar til Tommy Kanishi Andreassen som sette ballen forbi keeper etter kvarteret. Like etter kunne det stått 2-0, men skotet frå Vegar Skare gjekk rett på keeper.  Ei god redning frå Varfjell-keeper Fredrik Bergslid hindra 1-1 etter 29 minutt, men like etter sat utlikinga. Eit frispark vart stussa vidare inne i feltet og Midsund kunne sette ballen i mål frå kloss hald.

Markus Brudseth var frisk på venstrekanten i første omgang. Han hadde ein ball i mål, men vart avblåst på stillinga 1-0, og etter 32 minutt sette han opp Elling Olafsen, men avslutninga gjekk like utanfor. Så vart han sjølv spelt fri av Kanshi, men avslutninga vart for dårleg. Ti minutt før pause var han igjen på veg igjennom og runda keeper før han vart felt. Dermed straffespark, som Amund Stavem sette sikkert.

Midsund starta andre omgang best og etter berre sju minutt kom utlikinga. Eit innkast hamna inne i feltet der ein Midsund-spelar fekk sikte fritt og ballen fauk inn oppe i krysset. Vestnes Varfjell sleit med å få til noko som helst i denne delen av kampen, og Midsund var storst sett først på ballen samtidig som dei spede Varfjell-forsøka vart kontant stoppa. Bergslid måtte varte opp med ei ny god redning for å hindre 3-2, før Amund Stavem var nærme på eit frispark i andre enden. 20 minutt før slutt var det Midsund sin tur til å få straffespark etter felling av Svein Erik Lange Male. Dermed 3-2, men framleis tid for Vestnes Varfjell å få noko ut kampen.  Laget prøvde seg på ein sluttspurt, men sleit med å skape dei heilt store sjansane. Dermed kunne Midsund, som har tapt mange jamne heimekampar i år, juble for tre viktige poeng.

Neste kamp for Vestnes Varfjell er mot Kristiansund FK heime fredag klokka 19.

Kampfakta:

Midsund - Vestnes Varfjell 3-2 (1-2)

4. divisjon Nordmøre/Romsdal, fredag 10. august 2018 kl 19.05

Midsund stadion (gras), 45 tilskuarar (5 Vestnes)

Mål:

0-1 (15) Tommy Kanishi Andreassen

1-1 (31)

1-2 (37) Amund Stavem, straffespark

2-2 (52)

3-2 (69)

Gult kort: 2 til Midsund

Dommar: Erik Hyldbakk Furu, CFK

Vestnes Varfjell (4-3-3): Fredrik Bergslid; Håkon Kjørvik, Svein Erik Lange Male, Liam Connor (Jarle Løvik Salte 41.), Ørjan Tangen (Jonas Lervik 84.) - Vegar Skare, Tommy Kanishi Andreassen, Magnus Nerheim - Amund Stavem (Ørjan Tangen 90.), Elling Olafsen (Knut Stian Eik 83.), Markus Brudseth

 

Add a comment
 
Ferien over: Møter Midsund borte i kveld
fredag 10. august 2018 11:47

A-laget møter Midsund på bortebane i første kamp i haustsesongen i kveld klokka 19. Midsund ligg i nedre del av tabellen, men har spelt jamnt heime med fleire av topplaga. Vestnes Varfjell sleit seg til ein 3-1-seier i første møtet mellom laga i vår. Oversikt over tidlegare kampar her. Midsund har spelt 3-3 mot Norborg/Brattvåg 2 i ein treningskamp og er ifølge lokalavisa Midsundingen i rute til haustsesongen. Det er meldt kraftig regn og vind i kveld, men forhåpentlegvis blir det gode speleforhold på ei god grasmatte.

Add a comment
 
David Sissiko innbyttar i tredje kamp
fredag 10. august 2018 09:11

David Sissoko fekk notert sin tredje landskamp for Norge då han kom innpå på slutten i gruppefinalen i nordisk meisterskap mot Island torsdag. Han fekk ikkje tid til å utrette stort, men hadde ein nestensjanse like etter at han kom innpå. Kampen endte i et 1-2-tap. Dermed blir det spel om 3.plassen mot Danmark laurdag klokka 12. Kampen mot Island ligger i opptak her.

Add a comment
 
Sissoko frå start mot Færøyene
tysdag 07. august 2018 16:52

David Sissoko spelte frå star for Norge som slo vertsnasjonen Færøyene 2-0 i nordisk meisterskap kl 19. Sjå kampen i opptak her.

David kom til nokre nestesjansar, men var nest sist på ballen då han stussa vidare til Robin Skrogstad som sette inn 1-0 målet. Same mann sette også inn 2-0. Etter 63 minutt vart Sissoko bytta ut. Kampen var spelt på Tórsvøllur, som er landslagsarenaen på Færøyene og ligg i hovedstaden Torshavn.

Neste kamp er mot Island torsdag klokka 19.

Skåringa i debutkampen mot Kina kan du sjå her (etter ca 23 min).

Add a comment
 
Sissoko matchvinnar i landslagsdebut!!
søndag 05. august 2018 17:29

Me gratulerer David Sissoko som søndag historisk som den første gutespelar frå Vestnes Varfjell på landslaget. Han kom innpå i andre omgang mot Kina i ope nordisk meisterskap på Færøyene og skåra like godt kampens einaste mål etter fem minutt på banen. Dermed fekk G16-landslaget ein god start på turneringa. Sissoko hadde også to andre store sjansar etter at han kom innpå. Landslagsstrenar Erland Johnsen seier dette om skåringa til fotball.no: - Han brøytet seg plass mellom stopperne etter en overgang og satte den kaldt og rolig da han kom alene med keeper.

Kampfakta og meir om kampen  kan du lese på NFFs nettsider her.

Neste kamp er mot vertsnasjonen Færøyene tirsdag.

Add a comment
 
« StartFørre12345678910NesteSiste »

Side 6 av 254

Generalsponsor

3_sbm_logo.jpg

Hovedsponsor

salmarlogo.jpg

Ny sponsor:

vikelektro-logo.png

Våre sponsorar

Nyeste kommentarer