Banner

Sesongmeny

Neste kamp
Bane: Vestnes Idrettspark fre., 21. sep. 2018 19:00
Vestnes Varfjell
Varfjell
--- Forhånds
Malmefjorden/Ekko/Aureosen
MIL/E/A

Forrige kamp
Bane: Vestnes Idrettspark fre., 14. sep. 2018 19:00
Vestnes Varfjell
Varfjell
2-3 Averøykameratene
AK

Tabellen

# Team K Mål P
1 Sunndal 18 31 38
2 Eide 18 33 36
3 Tomref 18 16 36
4 Surnad. 18 26 33
5 ÅIF 18 34 31
6 KFK 18 29 31
7 AK 18 8 26
8 Varfjell 18 -6 25
9 MIL/E/A 18 -6 21
10 Midsund 18 -25 15
11 Elnesv. 18 -48 8
12 Træff2 18 -92 4

varfjell.no spør

Korleis går det i sesongen?
 
Årets første treningskamp
onsdag 14. februar 2018 12:12

Vestnes Varfjell møter Molde3 heime i årets første treningskamp torsdag kl 19.

Add a comment
 
Slik blir sesongoppkøyringa
tysdag 30. januar 2018 15:39

Følgjande treningskampar er klare:

Træff, h, 23. februar

ÅIF, b, 27. februar

Skodje, h, 8. mars

Langevåg, b, 15. mars

NM Træff borte 22. mars

Norborg, b, 5. april

Add a comment
 
Fleire praktredningar kunne ikkje hindre stortap
søndag 28. januar 2018 12:39

Tre spelarar frå Vestnes Varfjell og ein trenar var med då Nordmøre og Romsdal kretslag med spelarar frå 3. og 4. divisjon tapte 0-12 for Molde i treningskamp på Aker stadion laurdag. 16 år gamle Fredrik Bergslid sto i mål heile andre omgang, og trass i at han slapp inn åtte mål, fekk han mykje rosande omtale etter kampen. Han varta opp med fleire gode redningar, og dribla i tillegg Juventus-aktuelle Erling Braut Håland elegant. – Jeg har spilt en del som utespiller, så da kan jeg gjøre sånn av og til, sa målvakta til Rbnett (krev abonnement) etter kampen, før han la til: – Jeg slapp jo inn åtte mål, så det kunne gått bedre. Men det har jo også litt med laginnsatsen å gjøre. Det ble tøft etter hvert.

Bergslid har alt spelt for MFK i den nasjonale G16-serien og håpar å kunne gjere Aker stadion til sin heimearena ein gong i framtida. Dei to andre frå Vestnes Varfjell, Amund Stavem og Elling Olafsen, spete ein omgang kvar. Stavem kom ein gong på eitt av sine vanlege raid og hadde også ein del gode avleveringar, utan at kretslaget kom nærare enn ein halvsjanse i første omgang. Elling Olafsen vart godt passa på av Vegard Forren etter pause, men fekk heada ein gong mot mål etter eit firspark heilt mot slutten. Alexander Connor leiar kretslaget saman med Steinar Veiset frå KFK. MFK stilte, i motsetning til kampen i fjor, berre med spelarar frå A-stallen. Særleg i andre omgang varta elitestjernene opp med mykje bra spel og lekre skåringar. Sjå opptak frå kampen her (for abonnentar).

 

Add a comment

Les meir…
 
Olafsen, Stavem og Bergslid i kamp mot MFK
torsdag 18. januar 2018 14:03

Amund Stavem og Elling Olafsen frå Vestnes Varfjell er tatt ut på kretslaget til treningskamp laurdag 27. januar på Aker stadion. Alexander Connor er i trenerteamet saman med KFK-trenar Steinar Veiset. Oppdatert: Etter forfall frå den eine uttatte målvakta, er også Vestnes Varfjells unge og lovande keeper, Fredrik Bergslid, tatt ut.

– Dette er en fin blanding av rutine og spennende spillere jeg tror kan være med og prege en veldig god 4.-divisjon i år. Det finnes enda flere profiler ute i klubbene, men vi måtte ta noen valg og falt ned på denne troppen. Jeg tror det kan bli jevnt en omgang eller en time, og at forskjellen på lagene blir større utover i kampen. Molde-spillerne har jo kommet lenger i sesongforberedelsene, sier Alexander Connor til Rbnett. Kampen har avspark kl 14 og blir streamet på Rbnett.

Sjå heile troppen her:


http://www.rbnett.no/100Sport/fotball/Disse-lokale-heltene-skal-spille-mot-Molde-248636b.html

Add a comment
 
Træff borte i NM
måndag 15. januar 2018 15:03

Da er 1.kvalikrunde til NM satt opp, kampene blir som følger:


SK Træff – Vestnes Varfjell IL

Surnadal IL – Eide og Omegn FK
Kristiansund FK – Sunndal IL

IL Averøykameratene – Tomrefjord

Kampene skal spilles før 21. mars

Add a comment
 
Adelskalenderen: Olafsen inn på topp-10
søndag 14. januar 2018 18:52

Ein oppdatert adelsekalnder for Vestnes Varfjell viser at eit nytt namn er inne på topp 10-lista. Det er Elling Olafsen som nå er oppe på 9. plass med sine 215 kampar. Tommy Kanishi rykka opp til 12. plass med sinde 209 kampar. Begge vart heidra for å ha nådd 200 kampar under årsfesten før jul. Alexander Connor fekk endeleg kamp nummer 300 i år då han sette seg sjølv innpå borte mot Elnesvågen. Også Yngve Solevågseide med sine 266 kampar er inne på topp 10 mellom dagens ative. Etter 50 sesongar med Varfjell er det framleis Ronny Leikarnes som toppar med 385 kampar og 325 mål. Nærmast er Bjarne Nerheim (333 kampar/188 mål) og Gunnar Nerbø (319/6). SJÅ DEN OPPDATERTE ADELSKALENDEREN HER

Add a comment
 
Tatt ut på J14-kretslaget
fredag 12. januar 2018 21:59

Gratulerer til Johanne Vestre, Vestnes Varfjell, som er tatt ut på J14-kretslaget! https://www.fotball.no/kretser/nordmore-og-romsdal/aktivitet/2018/treningssamling-j14/

Add a comment
 
Opnar borte mot Åndalsnes
torsdag 11. januar 2018 11:29

Fotballkretsen har sendt ut forslag til terminliste for 4. divisjon Nordmøre/Romsdal 2018. Vestnes Varfjell opnar borte mot Åndalsnes 13. april og har Midsund heime helga etter. Første Vestnes-derby mot Tomrefjord blir heime 21. mai. Heile oppsettet her.

Add a comment
 
Gutespelarar returnerer til Tomrefjord
tysdag 09. januar 2018 17:20

Fleire spelarar frå Tomrefjord har spelt gutefotball i Vestnes Varfjell av mangel på tilbod i eigen klubb. No returnerer Christer Enger, Oliver Hølgenes og William Akselvol Eiken til moderklubben, skriv Bygdebladet tirsdag. Av desse fekk Enger A-kampar, då han kom innpå i åtte kampar i 4. divisjon. Avisa skriv elles at Tomrefjord mister spissen Ken Robin Hildre til Træff, medan Jørgen Gravdehaug (Guard), Michael Tomren (kvileår) og Kenneth Eik Frostad (skade) er på veg tilbake. Tomrefjord skal i år samarbeide med Fiksdal/Rekdal om eit lag i 6. divisjon der Dag Nakken blir trenar.

Add a comment
 
Connor held fram som trenar, Lien ny fotball-leiar
søndag 07. januar 2018 14:22

Alexander Connor er klar for nok ein sesong som hovedtrenar for A-laget til Vestnes Varfjell - den 13. om me har rekna rett! Han skal også vere sportsleg leiar og ha ansvar for aldersbestemt fotball i eit nytt og forsterka fotballstyre. Frode Lien blir ny leiar av fotballgruppa, med Knut Øyvind Hoem som leiar for senior. Vegard Ellingseter bli økonomiansvarleg, og han er også klar for comeback i marineblått. Midtbanespelaraen har dei siste sesongane spelt for moderklubben Fiksdal/Rekdal og no sist Måndalen. Også andre nye fjes kan bli å sjå i Vestnes idrettspark - meir om dette seinare. Stallen ser elles ut til å vere intakt i høve til fjoråret. Karl Arne Stokkeland studerer i Bergen, men vil vere aktuell i alle fall i feriar. Laget skal trene fire gongar i veka i vinter, måndagar, tirsdagar og torsdagar ute og ein styrkeøkt inne søndagar under leiing av Joe Connor, onkel av Alexander. Treningskampane er ikkje spikra enno, men laget skal i alle fall møte Langevåg (15. mars) og Træff 2. Seriestart er andre helga i april, men før det skal laget også spele 1. kvalifiseringsrunde til NM 21. mars og eventuelt andre runde 4. april. Her kjemp oppsettet i slutten av januar. Les helsing frå den nye fotballeiaren under: Add a comment

Les meir…
 
130.000 kroner frå Grasrotandelen i 2017!
søndag 07. januar 2018 14:43

Takk til alle 239 som gav grasrotandelen sin til Vestnes Varfjell. Det gav oss 133.029 kr i 2017 som er desidert mest av alle mottakarar i Vestnes. Husk å registrere deg om du ikkje alt har gjort det! SMS: Send "Grasrotandelen 970946705" til 2020 Her kan du sjå kor mange som tippar for oss og kor mykje pengar det gir.

Add a comment
 
Påmelding til fotballsesongen 2018
tysdag 02. januar 2018 11:42

Påmelding fotball 2018 for barn mellom 6-17 år. Påmeldingsskjema her:

https://goo.gl/forms/ynlmLaIv3qFlxo2I3

Add a comment
 
Jubileum i dag: 50 år med Varfjell
fredag 29. desember 2017 00:00

Varfjell-logoI dag er det 50 år sidan fotballen i sentrale og austre delar av Vestnes kommune vart samla i ein klubb. Fotballklubben Varfjell såg dagens lys på eit møte på Solvang kafé på Helland 29. desember 1967.

Det var fotballgruppene i Tresfjord IL og Vestnes Turn- og IL som formelt slo seg saman. IL Samhald hadde ikkje eige fotballag då, men også Vikebukt var ein del av nedslagsfeltet til den nye klubben.

Den nye organinseringa vart ein suksess. Det er ikkje tvil om at det som vart gjort i 1967 var framtidsretta og viktig med tanke på å heve kvaliteten og gjere det mogleg å stille stabilt gode lag over tid. Jubileet blir ikkje markert. Etter at Varfjell slo seg saman med Vestnes Turn- og IL att i 1994, er 29. september 1900 skipingsdato for klubben.

Her kan du lese meir om Varfjells første år:

Add a comment
Les meir…
 
KRJT: Seier til Eirik Hestad & co.
tysdag 26. desember 2017 17:10

Kråpet Ultras med mellom andre MFK-spelar Eirik Hestad og tidlegare Marseilles-proff Erik Haugan (no Hødd) på laget vann jubileumsutgåva av Kjetil Rekdals juleturnering. Laget frå Molde slo Vestnes-baserte Laktat 6-2 i finalen. Los Galacticos tok bronsen etter straffekonk mot Fortnitw. Toni Kvam vart kåra til beste spelar og Tommy Kanishi vart Toppskårar, begge spelte på Laktat. Fullsett Vestneshall som vanleg 2. juledag. Sjekk VarfjellTV for video frå bronsefinale og finale.

VIDEO I VARFJELL-TV | BILDEGALLERI | RBNETT OM CUPEN (+)

Add a comment
 
« StartFørre12345678910NesteSiste »

Side 5 av 249

Generalsponsor

3_sbm_logo.jpg

Hovedsponsor

salmarlogo.jpg

Ny sponsor:

vikelektro-logo.png

Våre sponsorar

Nyeste kommentarer