Banner

Sesongmeny

Forrige kamp
laur., 14. mar. 2020 00:00
Herd
Herd
--- Forhånds
Vestnes Varfjell
Varfjell

tor., 27. feb. 2020 19:00
Emblem
Embl
3-2 Vestnes Varfjell
Varfjell

Tabellen

# Team K Mål P
1 KBK 2 22 56 46
2 Eide 22 19 43
3 Surnad. 22 14 42
4 Dahle 22 22 40
5 KFK 22 9 32
6 Malmefj. 22 7 31
7 Tomref 22 -11 30
8 Midsund 22 -21 26
9 Varfjell 22 -22 23
10 ÅIF 22 -14 22
11 AK 22 -16 22
12 Elnesv. 22 -43 20

varfjell.no spør

Korleis går det i sesongen?
 
Nedrykksdrama til siste slutt
søndag 13. oktober 2019 17:57

Vestnes Varfjell fekk all den hjelpe dei kunne håpe på i botnstriden i 4. divisjon, men greide ikkje å gjere jobben sjlølv. Etter 1-2-tapet mot Elnesvågen må laget unngå tap også i siste kamp. Heime mot nedrykkskonkurrent Åndalsnes greier laget seg med uavgjort for å ikkje bli blant dei tre laga som risikerer å rykke ned om alt går galt for laga frå kretsen med tanke på opprykk frå 4. og nedrykk frå 3. divisjon. Blir det tap risikerer Vestnes Varfjell  å ende nest sist, noko som gir nedrykk dersom vinnaren av avdelinga (KBK 2) ikkje vinn kvalifiseringa eller to lag frå kretsen rykker ned frå 3. divisjon (her krabba Træff opp på sikker plass att etter seier 2-0 mot Sarpsborg 08 2, medan Sunndal er defintivt klar for nedrykk etter søndagens kampar). Nedrykk for både Træff og Sunndal og ikkje opprykk for KBK 2, betyr tre lag ned frå 4. divisjon.

– Jeg hadde ikke trodd at vi skulle bli innblandet i nedrykksstriden, men vi har dessverre hatt for mange «off-kamper». Og når vi ikke er «på», er vi veldig «av». Men vi har matchball mot ÅIF, og den må vi ta vare på, sa trenar Alexander Connor til Romsdals Budstikke etter kampen (krev abonnement).

Om kampen i Elnesvågen søndag er å seie at heimelaget vann fortent, sjølv om det var Vestnes Varfjell som tok leiinga. Ein innlegg frå Tommy Kanishi vart sendt vidare mot mål  av Amund Stavem, keeper sendte ballen i retur til innbyttar Juan Rikard Larsen som sette ballen i mål. Då var det spelt 20 minutt av andre omgang ein rotete fotballkamp prega av mange innkast og feilpasningar. Elnesvågen hadde vore klart best før pause og skapt flest sjansar, men Vestnes Varfjell var på høgde etter kvilen og hadde mellom anna ein stor sjanse før skåringa då Amund Stavem skaut på innsida av stolperota og Kanishi sette returen utanfor.

Elnesvågen utlikna på eit flott skot ute i hjørnet og tok leiinga på straffespark trass i høglydte protestar frå Svein Erik Lange Male som meinte det ikkje var nok kontakt til å blåse. Elnesvågen trengte poenga mest, kjempa best og rei til slutt inn seieren. Dei møter Averøykameratene borte i siste runde, ein rein nedrykksfinale.

KAMPFAKTA:

Elnesvågen og omegn - Vestnes Varfjell 2-1 (0-0)

4. divisjon Nordmøre/Romsdal

Elnesvågen stadion (gras), 45 tilskuarar, 9 Vestnes)

Mål:

0-1 (67) Juan Rikard Larsen

1-1 (69) Stefan Viken

2-1 (76) Magnus Nygård, straffespark

Dommar: Eirik Hyldbakk Furu, Clausenengen

Gult kort:

Vestnes Varfjell (4-3-3): Fredrik Bergslid; Ørjan Tangen, Svein Erik Lange Male, Liam Connor (Vegard Ellingseter 70., Lars Helge Lien 83.), Håkon Kjørvik (Elling Olafsen 83.)- Vegard Ellingseter (Karl Arne Stokkeland 46.), Vegar Skare, Sivert Nerheim - Tommy Kanishi Andreassen (Erik Crispim Tomren 88.), Knut Stian Eik (Juan Rikard Larsen 46.), Amund Stavem

 

 

 

Add a comment
 
Sjå ny video frå dramaet. Connor: – Blir frarøva poeng
laurdag 05. oktober 2019 18:35

Asle Klock i Vestnesavisa filma overtridsdramaet i Vestnes idrettspark frå posisjon rett bak mål. Her kan du sjå situasjonen alle snakka om etter kampen mot KBK 2.

Til avisa seier Vestnes Varfjell-trenar dette etter kampen:

– Vi fortente mykje betre. Eg synest vi var kjempegode defensivt. Vi skapar ikkje så mykje, men det gjer eigentleg ikkje dei heller. Vi blir frarøva eit poeng. Det er kjempetrist. Vi organiserer oss bra og speler med god struktur. Det er sterkt av gutta å kome tilbake når vi ligg under. Det viser kva som bur i oss. Vi gjer ein kjempejobb. Så fortener vi meir, seier Alexander Connor, trenaren til VVIL.

Add a comment
 
Snytt for poeng etter keeperdrama på overtid
fredag 04. oktober 2019 20:06

Nesten fire minutt på overtid og i kampens siste sekund såg Vestnes Varfjell ut til å ha sikra seg eit viktig poeng heime mot tetlaget Kristiansund BK 2. Målvakt Fredrik Bergslid var sist på ballen etter at han hadde gått fram på den andre av to cornerar Vestnes Varfjell fekk på rappen. Bergslid sette ballen i mål etter at keeper hadde boksa ballen ut i duell med Svein Erik Lange Male. Dommar meinte Male hindra keeper og annulerte til store protestar. Heller ikkje ein prat med linjemannen fekk dommaren til å endre mening, og i neste selkund vart kampen blåst av. Bittert, sidan bilde frå hendinga viser at den kan diskuterast. Male meiner han ikkje gjorde noko gale, keeper til KBK meinte det var klart firspark, og dommar konkluderte med at Male rygga inn i målvakta. SJÅ SITUASJONEN HER (video frå kameraet til Bygdebladet-fotograf Edmund Melkild)

SJÅ HEILE KAMPEN I OPPTAK (foto: Asbjørn Vik)

BILDEGALLERI HER (av litt varierenade resultat :)

Dermed vart det altså null poeng i ein dramatisk kamp i flomlyset heime i Vestnes idrettspark. Det beste laget vann, la det vere sagt, men Vestnes Varfjell kjempa heroisk og nekta å gje opp sjølv om laget kom undet tre gongar.

0-1 kom på eit frispark frå 20 meter ved Sander Lille-Løvø, Bergslid var etter ballen som gjekk over muren og opp i hjørnet etter 20 minutt. Så snudde Vestnes Varfjell kampen til leiing 2-1 ved pause. Først heada Ørjan Tangen i mål etter 29 minutt etter eit perfekt slått frispark frå Amund Stavem før Liam Connor var først på ein retur etter eit Stavem-frispark inn i feltet like  før kvilen.

KBK 2 gjekk hardt ut etter pause, men måtte ha hjelp for å utlikne. Noah Solskjær, son av Ole Gunnar, sendte i veg eit langskot som ein uheldig Bergslid sleppte forbi seg ni minutt ut i omgangen. Synd for Bergslid som eller sto ein praktkamp og varta opp med mange store redningar. 22 minutt ut i andre omgang kom KBK 2 raskt på ei kontring langs kanten og innbyttar Jonas Nordli sendte kristiansunderane i leiinga. Tre minutt etter var det Varfjell sin tur til å ha flaks med ei keepertabbe. Vegard Ellingseters langskot vart somla over streken av KBK 2-målvakt Johannes Grimelid.

Men kampen var ikkje over med dette og ti minutt før slutt var KBK 2 igjen framom med eitt mål. Bergslid redda to gongar, men på det tredje forsøket fekk Lille-Løve sett returen i mål. Varfjell måtte no fram for å få noko ut av kampen anna enn eit hederleg tap. KBK 2 sette innpå trenar Anders Særvold, med erfaring frå MFK, medan ein annan eks-MFK-ar, Magne Hoseth tok over frå sidelinja. Juan Larsen hadde eit godt forsøk aleine med keeper med skot utanfor, men den store sjansen til å sikre poeng kom altså først langt inn i overtida.

To kampar står att av årets 4. divisjon: Borte mot Elnesvågen neste søndag og heime mot Åndalsnes laurdagen etter. Truleg må laget vinne minst ein av desse kampane for å unngå nedrykk.

PS: Elling "8 mål" Olafsen kom innpå mot slutten. Spissen har vore ute med skade sidan første serierunde. Laget måtte greie seg utan kaptein Tommy Kanishi som er på haustferie.

KAMPFAKTA:

Vestnes Varfjell - Kristiansund BK 2 3-4 (2-1)

4. divisjon Nordmøre/Romsdal

Fredag 4. oktober 2019 kl 19

Vestnes idrettspark, 50 tilskuarar

Mål:
0-1 (21) Sander Lille-Løvø

1-1 (28) Ørjan Tangen

2-1 (44) Liam Connor

2-2 (54) Noah Solskjær

2-3 (69) Jonas Nordli

3-3 (70) Vegard Ellingseter

3-4 (80) Sander Lille-Løvø

Gult kort: Karl Arne Sokkeland (8), Vegard Ellingseter (60), Vestnes Varfjell; Sander Lille-Løvø (65) og Vegard Gjul (66), KBK 2

Dommar: Arnt Ivar Dale, Elnesvågen

Vestnes Varfjell (4-5-1): Fredrik Bergslid; Ørjan Tangen (k), Svein Erik Lange Male, Liam Connor (Knut Stian Eik 72), Håkon Kjørvik - Juan Rikard Larsen, Sivert Nerheim, Karl Arne Stokkeland (Eirik Tomren 62.), Vegar Skare, Vegard Ellingseter - Amund Stavem (Elling Olafsen 79.)

 

 

Add a comment
 
Møter serieleiaren heime fredag klokka 19
torsdag 03. oktober 2019 18:19

Nest siste heimekamp blir spelt fredag kveld i Vestnes idrettspark. KBK 2 er serieleiar og kjem fr 12-0-seier mot Tomrefjord i siste kamp. Med andre ord ei formidabel oppgåve mot eit KBK 2-lag som også må vinne for å halde unna i tetstriden. Ein uavgjort frå 2007 er beste resultat mot reservene til KBK. Oversikt over tidlegare kampar her. Møt opp og støtt laget i kampen om viktige poeng. Sjekk vestnesvideo på Youtube for direktesending. Kampen blir også oppdatert på Twitter.

Add a comment
 
VGTV: Sjå superduellen mellom Hulsker og Rekdal
torsdag 03. oktober 2019 17:46

Alle fire episodene av Bernt mot Reka ligg no ute på VGTV. Her kan du følge dei to største sønene i Vestnes-fotballen på veg heim for å spele 6.-divisjonskamp for sine barndomsklubbar. Bernt blir møtt med bursdagskake med Vestnes Varfjell-logo på si første trening med Vestnes Varfjell 2. I tillegg til høgdepunkta frå den dramatiske kampen på Rekdal stadion, blir det mange glimt frå Vestnes med kjente og ukjente.

SJÅ HEILE SERIEN HER

Add a comment
 
Gavmilde Varfjell tapte klart
fredag 27. september 2019 20:42

Vestnes Varfjell gjorde det vanskeleg for seg sjølv med altfor mange personlege feil og måtte reise heim med 1-5-tap då laget gjesta topplaget Dahle på bortebane fredag. Etter ein svak førsteomgang, der laget heller ikkje hang med då kjappe Dahle-unggutar sette opp tempoet, vart det betring etter pause. Då var laget fullt på høgde med vertane og reduserte ved Tommy Kanishi kvarteret før slutt. Kapteinen snappa ballen frå Conny Monsson (svensken best kjent som målvalt for mellom andre KBK), og gjorde ingen feil aleine med keeper. Dessverre øydela Dahl all spenning ved å kvittere i neste angrep. Etterpå la dei også på til 5-1 då dei igjen utnytta at Svein Erik Lange Male mista ballen på midtbana.

NOKRE BILDE FRÅ KAMPEN

1-0 kom også etter ein glipp. Varfjell-målvakt Fredrik Bergslid skulle kontrollere ballen uten til utspark, då Jøran Sandøy såg sitt snitt til å snappe ballen og sette den i det tomme målet. Protestar og krav om frispark møtte døve øyrer hos dommarane.  Sandøy, som er kjent som ein gammal måltjuv, hadde sette seg sjølv opp frå start i denne kampen. Mellom superveteranen Monsson og Sandøy har Dahle ein gjeng talentfulle unggutar som i sommar har blitt ytterlegare forsterka med fleire frå KBK 2. Det Varfjell merke særlegi første omgang, då kom Dahle veldig lett til sjansar. Varfjell hadde nokr spede forsøk der Tommy Kanishi var igjennom med keeper ein gong, medan Amund Stavem hadde eit par skumle skotforsøk.

I andre omgang vart Tommy Kanishi flytta fram som midtspiss og truga eit Dahle-forsvar som la seg lavt for å trygge leiinga. Innbyttar Juan Larsen Reduseringa kom altså til slutt, men det var aldri snakk om noko meir enn å pynte på resultatet. Bergslid hadde også eit par gode redningar som hindra Dahle i skåre fleire mål, mellom anna redda han to gongar frå Sandøy i første omgang. Bergslid fekke for øvrig gult kort etter ein rar situasjon på overtid. Han trudde tydelegvis at dommar hadde blåst av for full tid og sparka vekk ballen i frustrasjon over nok ei tap. Men dommar hadde blåst offside. Så snart den var tatt, blåste han av ...

– Det er tungt for tida. Mest irriterande er måten me gir vekk mål på, sa Varfjell-trenar Alexander Connor etter kampen. No ventar serieleiar KBK 2 heime neste fredag før kampane mot Elnesvågen (b) og Åndalsnes (h) kan bli heilt avgerande i botnstriden.

KAMPFAKTA:

Dahle - Vestnes Varfjell 5-1 (3-0)

4. divisjon Nordmøre/Romsdal

Fredag 27. september 2019 kl 19

Dahle kunstgresspark, 70 tilskuarar (6 Vestnes)

Mål:

1-0 (8) Jøran Sandøy

2-0 (20) Tobias Dahle

3-0 (34) Tobias Dahle

3-1 (75) Tommy Kanishi Andreassen

4-1 (77) Espen Jakobsen

5-1 (82) Mats Tolcsiner

Dommar: Martin Sørensen Kristiansen, Nordlandet

Gult kort: Sivert Nerheim (46), Cédrik Andressen (58), Fredrik Bergslid (90 +1), Vestnes Varfjell. Mats Lindskog, Dahle (82)

Vestnes Varfjell (4-3-3): Fredrik Bergslid; Cédrik Andreassen (Lars Helge Lien 63.), Svein Erik Lange Male, Liam Connor (Jonas Lervik 63.), Håkon Kjørvik - Sivert Nerheim, Ørjan Tangen, Tommy Kanishi Andreassen - Amund Stavem, Knut Stian Eik (Juan Rikard Larsen 56.), Vegar Skare

 

 

Add a comment
 
Sleit med å skape sjansar, då greip AK sjansen
fredag 20. september 2019 20:31

Vestnes Varfjell sleit med å skape sjansar mot Averøykameratene i fredagens 4. divisjonskamp i Vestnes idrettspark.  Gjestane skapte fleire, særleg i andre omgang, og vann dermed fortent etter ein flott soloprestasjon og skot til side for keeper ved Sondre Smenes i det 83. minutt.

VARFJELL-TV: SJÅ HEILE KAMPEN I OPPTAK

SJÅ BILDEGALLERI FRÅ KAMPEN

Vestnes Varfjell har hatt ein tendens til å vere "de hjelpeløses hjelper", som dei heiter i salmen. Tidlegare i år var det Elnesvågen som kom som botnlag til Vestnes og reiste heim med tre poeng. I kveld var det Averøykameratene, som kom på desperat poengjakt. Gjestane var akkurat så hardtkjempande og godt organiserte at det vart vanskeleg for heimelaget å skape nok.

Det er sjeldan notatblokka er så tom etter ein kamp som etter denne. I første omgang noterte me ein dobbeltsjanse til ein småsjuk kaptein Tommy Kanishi som avslutta både med hovud og bein etter eit innlegg rå Amund Stavem utan at ballen ville i mål. Resten av forsøka endte ut i ei rekke avvinkingar for offside. I andre enden måtte keeper Bergslid i aksjon ein gong heilt mot slutten. Elles hadde Varfjell ballen mykje, men altså utan å spele seg til dei store sjansane.

Kampbildet endra seg noko i andre omgang, då satsa gjestane litt meir framover og kom til eit par innlegg og skot utanfor. Då dei sette ballen over frå fem meter etter ein halvtime, såg det ut til å bli ein mållaus kveld heilt til Smenes dukka opp.  Vestnes Varfjell prøvde ein sluttspurt, men det vart med forsøka. AK hadde i staden sjansen til 2-0 på ei kontring, men Bergslid fekk rydda opp.

Vestnes Varfjell trengte seier etter to strake tap for å henge med i kampen om ei plassering på øvre halvdel av tabellen. Med vanskelege kampar mot topplaga Dahle (b) og KBK 2 (h) i vente, må laget i staden sjå seg bakover. KFK gjekk forbi fredag kveld og laurdag kan ÅIF gjere det same. AK ligg med kveldens seier berre seks poeng bak på nest sisteplass. Kor mange lag som rykker ned er uvisst, anna enn at det heilt sikkert blir eitt. Dersom vinnaren av avdelinga ikkje slår vinnaren på Sunnmøre i kvalifiseringa, blir det to lag som rykker ned med mindre ingen lag frå vår krets rykker ned frå 3. divisjon (Sunndal ligg for tida under streken). Skulle i tillegg Træff, som er i fritt fall på tabellen, eller Molde 2 rykke ned frå 3. divisjon, blir det tre lag som rykker ned. Og eit"i verste fall-scenario": Alle tre rykker ned og vinnaren av 4. divisjon ikkje rykker opp, då går fire lag (!) ned frå 4. divisjon. Oversikt over alle eventualitetar finn du her. Det er med andre ord alt å spele om i dei fire kampane som står att av årets serie.

KAMPFAKTA

Vestnes Varfjell - Averøykameratene 0-1 (0-0)

4.divisjon Nordmøre/Romsdal, fredag 20. september kl 19

Vestnes idrettspark, 70 tilskuarar

Mål: 0-1 (83) Sondre Smenes

Dommar: Eirik Hyldbakk Furu, Clausenengen

Gult kort: Amund Stavem (77) og Knut Stian Eik (90 + 2), Vestnes Varfjell

Vestnes Varfjell (4-3-3): Fredrik Bergslid; Cederik Andreassen, Sviert Nerheim, Svein Erik Lange Male (Knut Stian Eik 75.), Håkon Kjørvik - Ørjan Tangen, Karl Arne Stokkeland (Vegard Ellingseter 62.), Vegar Skare - Amund Stavem, Tommy Kanishi Andreassen (k), Juan Rikard Larsen (Eirik Crispim Tomren 81.)

 

Add a comment
 
Møter AK heime fredag
fredag 20. september 2019 08:15

Averøykameratene er gjestar i Vestnes idrettspark fredag når heimelaget skal forsøke å reise seg etter to stygge tap.  AK ligg sist på tabellen, men har forsterka laget i haust med fleire nye spelarar, mellom dei den gamle måltjuven Stig Roar Søbstad frå Eide. Vestnes Varfjell vann 3-0 på Bruhagen i vår. Tilsvarande oppgjer i fjor endte med bortseier. Oversikt over tidlegare oppgjer her.  Møt fram til ein fin fotballkveld i flomlyset i Parken!

Sjekk vestnesvideo på Youtube for direktesending. Kampen blir også oppdatert på Twitter.

Add a comment
 
Skåra først, men tapte stort
laurdag 14. september 2019 16:05

Tommy Kanishi Andreassen sendte Vestnes Varfjell i føringa etter ti minutt, men Surnadal slo kraftig tilbake og vann heile 8-1 i 4.-divisjonsoppgjeret laurdag. Målet til Kanishi kom etter at eit frispark kom i retur frå muren. Varfjell-kapteinen sette inn sitt 12. mål for sesongen med eit velplassert skot frå 17-18 meter. Surnadal slo kraftig tilbake og spelte ut Varfjell fleire gongar slik at det sto 4-1 ved halv tid i ein kamp som vart flytta frå gras til kunstgras grunna det kraftige regnvêret dei siste dagane. Varfjell hang ikkje med i andre omgang heller og særleg ein periode midtvegs trilla måla inn. Surnadal var flinke til å ta vare på sine kontringar. Etter ein fin start på haustsesongen har det no blitt to stygge tap på rad, og laget må skjerpe seg for å ikkje hamne i nedrykksstriden. Neste kamp er heime mot AK.

Amund Stavem med karantene  og ei rekke andre forfall gav plass til mange unggutar i troppen. Lucas Pedersen Våge fekk sin debut på a-laget.

Kampfakta

Surnadal – Vestnes Varfjell, 8-1 (4-1)

4. divisjon Nordmøre/Romsdal

Amfi Park, kunstgras

Dommar: Arnt Ivar Dake, Elnesvågen

Mål: 0-1 Kanishi (10), 1-1 A. Sæter (20), 2-1 B. Sæter (23), 3-1 Andersen (35), 4-1 A. Sæter (44), 5-1 Andersen (51), 6-1 B. Sæter (58), 7-1 Smevoll (65), 8-1 Talgø/sjølmål (67)

Laget:  Fredrik Bergslid, Håkon Kjørvik, Sivert Nerheim, Liam Connor (Cedrik Andreassen 46), Male - Ørjan Tangen, Vegar Skare, Tommy Kanishi Andreassen, Eirik Crispim Tomren (Lars Helge Lien 59), Knut Stian Eik (Lucas Pedersen Våge 64, debut), Juan Rikard Larsen (Audun Løkke 75)

Fleire bilde frå kampen under. Klikk for større bilde: (Foto: Christian Nakken)

 

Add a comment
 
Møter Surnadal borte laurdag
laurdag 14. september 2019 11:25

Vestnes Varfjell møter Surnadal borte i #4divNR no klokka 14. Følg med her for oppdateringar: https://nb-no.facebook.com/silfotball

Add a comment
 
Smertefullt comeback for Hulsker på Rekdal
onsdag 11. september 2019 20:51

Det var duka for historisk duell mellom dei Vestnes-fotballens store søner då Kjetil Rekdal og Bernt Hulsker stilte frå start i lokaloppgjeret mellom Fiksdal/Rekdal/Tomrefjord 2 og Vestnes Varfjell 2 i 6. divisjon onsdag. Kampen på Rekdal grasbane trakk 300-400 tilskuarar og blir program på VGTV, der både Rekdal og Hulsker har engasjement saman med vikarierande Fiks/Rek/TIL2-målvakt Jamel Rake. Til slutt kunne Rekdal og Rake juble for seier 5-3.

VARFJELLTV: SJÅ HEILE KAMPEN I OPPTAK (foto: Asbjørn Vik)

SJÅ EIT LITE BILDEGALLERI HER

Rekdal skåra på straffespark i første omgang, medan Hulsker kunne bitt den store helten då han på slutten kom aleine med Rake. Vestesingen vart meid ned og ropte på straffe. "Evig eies kun et dårlig rykte", heiter det, og den godaste Hulsker fekk ikkje noko gratis frå dommar Atle Oterhals.  I staden for straffe og mogleg utlikning måtte han rusle mot garderoben med ei vond skulder. Etterpå fastsette heimelaget sluttresultatet til 5-3.

Kampen var elles prega av to lag som ville angripe og der heimelaget var mest effektive. Det eine målet skulle truleg også vore annulert for angrep på keeper. Jamel Rake sto ein pralktkamp i målet til dei lyseblå og hindra fleire skåringar.

Eit tilsvarande oppgjer var på trappene også i 2011, men då kunne ikkje Hulsker spele. Han nøyde seg med eit anna lokaloppgjer då, nemleg 1-0-seieren for Vestnes Varfjell 2 mot A-laget til Tomrefjord. Mange av dei tapande tomrefjordingane frå den den gong skulle få sin revansje i kveld. Kjetil Rekdal hadde nemleg kalt ut heile førstrekka til 4.-divisjonslaget. Det er lov å stille med 5 a-lagsspelarar i desse andrelagskampane, og heimelaget stilte like mange frå laget som slo Vestnes Varfjell 3-0 i lokaloppgjeret i 4. divisjon fredag (Søberg, Djupvik, Sundet og Pedersen starta fredag, samt Brastad som er tilbake frå skade og kom innpå). VVIL 2-trenar Cato Andreassen henta sine forsterkingar i familien, i form av sønene Tommy og gutelagsspelar Cederik, som nettopp har debutert på A-laget. I tillegg fekk fiksdalingen Vegard Ellingseter lov til å briljere på si gamle heimebane.

Styreforholdet i talet på a-lagsspelarar vart dessverre litt for synleg i kampen, sjølv om Tommy Kanishi viste at han er ein klasse over alle dei andre og skåra tre gongar for dei mørkeblå.

 

Add a comment
 
Husk Rekdal vs. Hulsker i kveld
onsdag 11. september 2019 10:10

Bernt Hulsker har vore på trening med Vestnes Varfjell 2 og er klar for kveldens lokaloppgjer i 6. divisjon mot Kjetil Rejdal og Fiksdal/Rekdal/Tomrefjord 2. VGTV er med. Sjå promo her: På facebook

Kjem du deg ikkje til Rekdal i kveld, kan du sjå kampen direkte her:

https://www.youtube.com/c/VestnesVideo/live

Add a comment
 
Sissoko skåra for Norge
laurdag 07. september 2019 19:19

David Sissoko starta og skåra det første målet i kampen då Norge G17 spelte 1-1 mot Østerrike i ei turnering i Sverige. Vestnesingen, som no spelar for Molde, kom inn som innbyttar i 1-3-tapet mot Sverige tidlegare i veka.

Les meir her

Add a comment
 
Tamt Varfjell tapte lokalderby
fredag 06. september 2019 20:20

Vestnes Varfjell lot Tomrefjord styre kampen i første omgang og låg under 0-2 ved pause. Andre omgang starta med fleire gigantiske sjansar til å redusere, men det skulle ikkje lukkast i kveld. På overtid auka Tomrefjord til 3-0.

Varfjell har hatt ein god haustsesongen og ville gå forbi med seier mot Tomrefjord som hadde tapt tre kampar på rad. Det var tydeleg at Tomrefjord ville «reise kjerringa» i denne kampen. Vertane starta kampen med nokre skremmeskot før 1-0 sat etter avslutning frå Ken Robin Hildre etter 12 minutt. Hildre kom seg fri i feltet etter innlegg frå tidlegare Varfjell-spelar Christer Enger. Simen Djupvik auka fem minutt før pause då han fekk stå aleine og prikke inn 2-0. Varfjell sleit med å spele seg til sjansar i første omgang, der næraste var nokre skotforsøk frå langt hald.

Andre omgang starta med ein Varfjell-offensiv, anført av kaptein Tommy Kanishi som no var flytta ut på venstrekanten. Han kom på farleg skothald, men keeper redda. Så kom ein utruleg trippelsjanse, der Amund Stavem, Knut Stian Eik og til slutt Vegard Skare dundra ballen mot mål. Ei utruleg redning frå ein Tomrefjord-forsvarar og keeper hindra redusering. Så heada Cédrik Andreassen like utanfor på corner før Jan Tore Eik sendte i veg eit langskot som gjekk i tverrliggar og ned på streken. Seinare skaut Stavem i stolpen og ut, men det ville seg ikkje.

Resten av omgangen vart prega av få sjansar, mange bytter og eit heimelag som ville trygge leiinga. Eit skot i stolpen og ut for Tomrefjord etter 83 minutt. På overtid utnytta dei eit balltap og skaut i stolpen før Daniel Sundet var først på returen. Det var også det siste som skjedde i kampen.

Opptak av kampen i VarfjellTV via lenker til høgre.

Gult kort: Stavem og Ellingseter, fem til Tomrefjord

Dommar: Bendik Haarberg, Kvass/Ulvungen

Laget: Bergslid, Kjørvik (M Nerheim 83.), S Nerheim,  Tangen (Lervik 79.), Male - Ellingseter ( C Andreassen 53.) Skare, Stavem - Larsen (Tomren 65.), Kanishi, Eik

Add a comment
 
« StartFørre12345678910NesteSiste »

Side 3 av 257

Generalsponsor

sbmoreny.jpg

Hovedsponsor

salmarlogo.jpg

Ny sponsor:

vikelektro-logo.png

Våre sponsorar

Nyeste kommentarer