Banner

Sesongmeny

Forrige kamp
Bane: Vestnes Idrettspark laur., 19. okt. 2019 15:00
Vestnes Varfjell
Varfjell
3-3 Åndalsnes
ÅIF

søn., 13. okt. 2019 15:00
Elnesvågen
Elnesv.
2-1 Vestnes Varfjell
Varfjell

Tabellen

# Team K Mål P
1 KBK 2 22 56 46
2 Eide 22 19 43
3 Surnad. 22 14 42
4 Dahle 22 22 40
5 KFK 22 9 32
6 Malmefj. 22 7 31
7 Tomref 22 -11 30
8 Midsund 22 -21 26
9 Varfjell 22 -22 23
10 ÅIF 22 -14 22
11 AK 22 -16 22
12 Elnesv. 22 -43 20

varfjell.no spør

Korleis går det i sesongen?
 
Møter AK heime fredag
fredag 20. september 2019 08:15

Averøykameratene er gjestar i Vestnes idrettspark fredag når heimelaget skal forsøke å reise seg etter to stygge tap.  AK ligg sist på tabellen, men har forsterka laget i haust med fleire nye spelarar, mellom dei den gamle måltjuven Stig Roar Søbstad frå Eide. Vestnes Varfjell vann 3-0 på Bruhagen i vår. Tilsvarande oppgjer i fjor endte med bortseier. Oversikt over tidlegare oppgjer her.  Møt fram til ein fin fotballkveld i flomlyset i Parken!

Sjekk vestnesvideo på Youtube for direktesending. Kampen blir også oppdatert på Twitter.

Add a comment
 
Skåra først, men tapte stort
laurdag 14. september 2019 16:05

Tommy Kanishi Andreassen sendte Vestnes Varfjell i føringa etter ti minutt, men Surnadal slo kraftig tilbake og vann heile 8-1 i 4.-divisjonsoppgjeret laurdag. Målet til Kanishi kom etter at eit frispark kom i retur frå muren. Varfjell-kapteinen sette inn sitt 12. mål for sesongen med eit velplassert skot frå 17-18 meter. Surnadal slo kraftig tilbake og spelte ut Varfjell fleire gongar slik at det sto 4-1 ved halv tid i ein kamp som vart flytta frå gras til kunstgras grunna det kraftige regnvêret dei siste dagane. Varfjell hang ikkje med i andre omgang heller og særleg ein periode midtvegs trilla måla inn. Surnadal var flinke til å ta vare på sine kontringar. Etter ein fin start på haustsesongen har det no blitt to stygge tap på rad, og laget må skjerpe seg for å ikkje hamne i nedrykksstriden. Neste kamp er heime mot AK.

Amund Stavem med karantene  og ei rekke andre forfall gav plass til mange unggutar i troppen. Lucas Pedersen Våge fekk sin debut på a-laget.

Kampfakta

Surnadal – Vestnes Varfjell, 8-1 (4-1)

4. divisjon Nordmøre/Romsdal

Amfi Park, kunstgras

Dommar: Arnt Ivar Dake, Elnesvågen

Mål: 0-1 Kanishi (10), 1-1 A. Sæter (20), 2-1 B. Sæter (23), 3-1 Andersen (35), 4-1 A. Sæter (44), 5-1 Andersen (51), 6-1 B. Sæter (58), 7-1 Smevoll (65), 8-1 Talgø/sjølmål (67)

Laget:  Fredrik Bergslid, Håkon Kjørvik, Sivert Nerheim, Liam Connor (Cedrik Andreassen 46), Male - Ørjan Tangen, Vegar Skare, Tommy Kanishi Andreassen, Eirik Crispim Tomren (Lars Helge Lien 59), Knut Stian Eik (Lucas Pedersen Våge 64, debut), Juan Rikard Larsen (Audun Løkke 75)

Fleire bilde frå kampen under. Klikk for større bilde: (Foto: Christian Nakken)

 

Add a comment
 
Møter Surnadal borte laurdag
laurdag 14. september 2019 11:25

Vestnes Varfjell møter Surnadal borte i #4divNR no klokka 14. Følg med her for oppdateringar: https://nb-no.facebook.com/silfotball

Add a comment
 
Smertefullt comeback for Hulsker på Rekdal
onsdag 11. september 2019 20:51

Det var duka for historisk duell mellom dei Vestnes-fotballens store søner då Kjetil Rekdal og Bernt Hulsker stilte frå start i lokaloppgjeret mellom Fiksdal/Rekdal/Tomrefjord 2 og Vestnes Varfjell 2 i 6. divisjon onsdag. Kampen på Rekdal grasbane trakk 300-400 tilskuarar og blir program på VGTV, der både Rekdal og Hulsker har engasjement saman med vikarierande Fiks/Rek/TIL2-målvakt Jamel Rake. Til slutt kunne Rekdal og Rake juble for seier 5-3.

VARFJELLTV: SJÅ HEILE KAMPEN I OPPTAK (foto: Asbjørn Vik)

SJÅ EIT LITE BILDEGALLERI HER

Rekdal skåra på straffespark i første omgang, medan Hulsker kunne bitt den store helten då han på slutten kom aleine med Rake. Vestesingen vart meid ned og ropte på straffe. "Evig eies kun et dårlig rykte", heiter det, og den godaste Hulsker fekk ikkje noko gratis frå dommar Atle Oterhals.  I staden for straffe og mogleg utlikning måtte han rusle mot garderoben med ei vond skulder. Etterpå fastsette heimelaget sluttresultatet til 5-3.

Kampen var elles prega av to lag som ville angripe og der heimelaget var mest effektive. Det eine målet skulle truleg også vore annulert for angrep på keeper. Jamel Rake sto ein pralktkamp i målet til dei lyseblå og hindra fleire skåringar.

Eit tilsvarande oppgjer var på trappene også i 2011, men då kunne ikkje Hulsker spele. Han nøyde seg med eit anna lokaloppgjer då, nemleg 1-0-seieren for Vestnes Varfjell 2 mot A-laget til Tomrefjord. Mange av dei tapande tomrefjordingane frå den den gong skulle få sin revansje i kveld. Kjetil Rekdal hadde nemleg kalt ut heile førstrekka til 4.-divisjonslaget. Det er lov å stille med 5 a-lagsspelarar i desse andrelagskampane, og heimelaget stilte like mange frå laget som slo Vestnes Varfjell 3-0 i lokaloppgjeret i 4. divisjon fredag (Søberg, Djupvik, Sundet og Pedersen starta fredag, samt Brastad som er tilbake frå skade og kom innpå). VVIL 2-trenar Cato Andreassen henta sine forsterkingar i familien, i form av sønene Tommy og gutelagsspelar Cederik, som nettopp har debutert på A-laget. I tillegg fekk fiksdalingen Vegard Ellingseter lov til å briljere på si gamle heimebane.

Styreforholdet i talet på a-lagsspelarar vart dessverre litt for synleg i kampen, sjølv om Tommy Kanishi viste at han er ein klasse over alle dei andre og skåra tre gongar for dei mørkeblå.

 

Add a comment
 
Husk Rekdal vs. Hulsker i kveld
onsdag 11. september 2019 10:10

Bernt Hulsker har vore på trening med Vestnes Varfjell 2 og er klar for kveldens lokaloppgjer i 6. divisjon mot Kjetil Rejdal og Fiksdal/Rekdal/Tomrefjord 2. VGTV er med. Sjå promo her: På facebook

Kjem du deg ikkje til Rekdal i kveld, kan du sjå kampen direkte her:

https://www.youtube.com/c/VestnesVideo/live

Add a comment
 
Sissoko skåra for Norge
laurdag 07. september 2019 19:19

David Sissoko starta og skåra det første målet i kampen då Norge G17 spelte 1-1 mot Østerrike i ei turnering i Sverige. Vestnesingen, som no spelar for Molde, kom inn som innbyttar i 1-3-tapet mot Sverige tidlegare i veka.

Les meir her

Add a comment
 
Tamt Varfjell tapte lokalderby
fredag 06. september 2019 20:20

Vestnes Varfjell lot Tomrefjord styre kampen i første omgang og låg under 0-2 ved pause. Andre omgang starta med fleire gigantiske sjansar til å redusere, men det skulle ikkje lukkast i kveld. På overtid auka Tomrefjord til 3-0.

Varfjell har hatt ein god haustsesongen og ville gå forbi med seier mot Tomrefjord som hadde tapt tre kampar på rad. Det var tydeleg at Tomrefjord ville «reise kjerringa» i denne kampen. Vertane starta kampen med nokre skremmeskot før 1-0 sat etter avslutning frå Ken Robin Hildre etter 12 minutt. Hildre kom seg fri i feltet etter innlegg frå tidlegare Varfjell-spelar Christer Enger. Simen Djupvik auka fem minutt før pause då han fekk stå aleine og prikke inn 2-0. Varfjell sleit med å spele seg til sjansar i første omgang, der næraste var nokre skotforsøk frå langt hald.

Andre omgang starta med ein Varfjell-offensiv, anført av kaptein Tommy Kanishi som no var flytta ut på venstrekanten. Han kom på farleg skothald, men keeper redda. Så kom ein utruleg trippelsjanse, der Amund Stavem, Knut Stian Eik og til slutt Vegard Skare dundra ballen mot mål. Ei utruleg redning frå ein Tomrefjord-forsvarar og keeper hindra redusering. Så heada Cédrik Andreassen like utanfor på corner før Jan Tore Eik sendte i veg eit langskot som gjekk i tverrliggar og ned på streken. Seinare skaut Stavem i stolpen og ut, men det ville seg ikkje.

Resten av omgangen vart prega av få sjansar, mange bytter og eit heimelag som ville trygge leiinga. Eit skot i stolpen og ut for Tomrefjord etter 83 minutt. På overtid utnytta dei eit balltap og skaut i stolpen før Daniel Sundet var først på returen. Det var også det siste som skjedde i kampen.

Opptak av kampen i VarfjellTV via lenker til høgre.

Gult kort: Stavem og Ellingseter, fem til Tomrefjord

Dommar: Bendik Haarberg, Kvass/Ulvungen

Laget: Bergslid, Kjørvik (M Nerheim 83.), S Nerheim,  Tangen (Lervik 79.), Male - Ellingseter ( C Andreassen 53.) Skare, Stavem - Larsen (Tomren 65.), Kanishi, Eik

Add a comment
 
Slo topplaget i dramatisk kamp
fredag 30. august 2019 20:06

Vestnes Varfjell vann 3-2 mot Eide i ein spennande og tll tider dramatisk kamp mot Eide og Omegn fredag kveld. Eide kom til Vestnes á poeng med serieleiar KBK 2 og viste kvifor dei har vunne sju kampar på rad i 4. divisjon. Varfjell var rett nok farleg frampå i starten, men så tok gjestane over mykje av banespelet anført av Peter Berg Hestad, bror av Daniel Berg Hestad og nevø av trenarlegenda Odd Berg på Eide-benken.

VARFJELL-TV: SJÅ HEILE KAMPEN I OPPTAK HER

SJÅ BILDEGALLERI FRÅ KAMPE HER

Det var likevel Vestnes Varfjell som skulle ta leiinga. Amund Stavem gjekk på eit raid frå eigen banehalvdel og var forbi keeper som tok både mann og ball. Stavem sette sjølv inn 1-0 frå straffemerket. Eide utlikna ti minutt etter då Arnt Olav Brakstad heada inn ein corner. No skjedde ting raskt i Vestnes idrettspark.  Tommy Kanishi Andreassen sendte heimelaget i føringa igjen i neste angrep med eit hardt og velplassert skot etter fint forarbeid ved Knut Stian Eik. Jubelen hadde knapt stilna før Eide var ajour. Igjen var Brakstad framme med pannebrasken, denne gongen etter eit frispark som vart slått inn i feltet. Kanshi var nærme ny skåring like etter, men lobben gjekk over etter fint framspel frå Stavem. 2-2 ved pause.

Eide tok etter kvart over mot eit slitent Varfjell-lag etter pause og kom nærme skåring fleire gongar. Fedrik Bergslid varta opp med fleire kjemperedningar og nordmøringane traff både tverrliggar og stolpekrysset. Vertane måtte sette sin lit til kontringsstyrken og etter 28 minutt sto det 3-2. Vegard Ellingseter spelte fram Knut Stian Eik som sette ballen forbi keeper.

Resten av omgangen vart ein kamp med ryggen mot veggen for heimelaget, som kjempa som løver og rydda opp anført av Svein Erik Lange Male i forsvaret. Ti minutt før slutt fekk Eide indirekte firspark frå fem meter at Varfjell-målvakt Fredrik Bergslid var uheldig og tok opp ballen etter at han hadde sluppe den på bakken. Berg Hestad sto klar til å dundre ballen i mål, men Varfjell-muren på streken fekk rydda unna. Eide pressa på, men Varfjell heldt unna i sluttminutta og der dommaren la til fem minutt før jubelen kunne sleppast laus.

Nirut Mjøs var tilbake og spelte ein god kamp å midtbana heilt til han igjen måtte ut med skaden som har plaga han heile sesongen. Liam Cionnor førsøkte seg frå start, men måtte igjen gje seg tidleg. Frå før var Magnus Nerheim (strekk) og Ørjan Tangen (hovudskade) ute, i tilegg til Vegar Skare (jobb) og Karl Arne Stokkeland (jobbreise). Dermed måtte trenar Alexander Connor igjen grave djupt i sin eigen G16-stall for å fylle opp benken.

Ein av dei som fekk sjansen var Cédrik Ronnie Hellström Andreassen. 15-åringen, som denne veka vart tatt ut på kretslaget, har fotballgenene i behald. Han er barnebarn av den svenske keeperlegenda som han er oppkalt etter, Ronnie Hellström, og son av tidlegare Tomrefjord- og Varfjell-kjempe Cato Andreassen. Debuten betydde også  spel saman med storebror Tommy Kanishi Andreassen for første gong. Cedrik gjorde sine saker bra på høgrebacken og var bidrog sterkt til å stå i mot Eide-presset i andre omgang.

Seiere var faktisk den første mot Eide sidan dei kom opp på same nivå som oss att i 2015. To uavgjorte, eit par knepne tap har vore behaldninga i tillegg til seier i en treningskamp. Oversikt  over tidlegare oppgjer her.

Neste kamp er lokaloppgjeret borte mot Tomrefjord fredag.

KAMPFAKA

Vestnes Varfjell - Eide og omegn 3-2 (2-2)

4. divisjon Nordmøre/Romsdal, fredag 30. august 2019 kl 19

Vestnes idrettspark, 70 tilskuarar (ca 10 Eide)

Mål:

1-0 (13) Amund Stavem, straffespark

1-1 (25)  Arnt Olav Brakstad

2-1 (27) Tommy Kanishi Andreassen

2-2 (28) Brakstad

3-2 (73) Knut Stian Eik

Dommar: Martin Sørensen Kristiansen, Nordlandet

Gult kort: Sivert Nerheim (35), Tommy Kanishi Andreassen (55), Fredrik Bergslid (81), Eirik Crispim Tomren (89), Vestnes Varfjell; Nikolay Bruseth (50) og Peter Berg Hestad (89), Eide.

Vestnes Varfjell (4-3-3): Fredrik Bergslid; Håkon Kjørvik, Liam Connor (Cédrik Andressen 34.), Sivert Nerheim, Svein Erik Lange Male - Amund Stavem, Vegard Ellingseter, Nirut Mjøs (Jonas Lervik 70.) - Juan Rikard Larsen, Tommy Kanishi Andreassen, Knut Stian Eik (Eirik Crispim Tomren 79.)

 

Add a comment
 
Hulsker mot Rekdal i lokaloppgjer i 6. divisjon!
søndag 25. august 2019 21:21

Vestnes kommunes største fotballprofilar gjennom tidene skal spele mot kvarandre når Vestnes Varfjell 2 møter Fiksdal/Rekdal/Tomrefjord 2 på bortebane i 6. divisjon. Både Bernt Hulsker og Kjetil Rekdal gjer comeback for sine moderklubbar. Hulsker spelte sist for Varfjell 2 i ein kamp i 2011-sesongen, medan Kjetil Rekdal har ikledd seg den lyseblå Fiks/Rek-trøya ved fleire høve dei siste åra. Ny keeper for Fiks/Rek er Jamel Rake. Stryningen er kjent som progamleiar i Foppal, der både Hulsker og Rekdal er sentrale, og då skjønnar ein at VGTV har ein finger med i spelet. Kampen blir spelt onsdag 11. september klokka 18.30.

Les også: Over 200 såg Hulsker-comeback

Les også: Hulsker meldte forfall til duell med Rekdal

 

 

Add a comment
 
Perle frå Larsen heldt berre nesten til poeng
fredag 23. august 2019 20:32

Vestnes Varfjell tapte fortent 1-2 borte mot KFK i 4. divisjon fredag kveld, men kunne ha røva med seg eit poeng. Heimelaget tok føringa frå start, men Varfjell heldt unna til eit straffespark ti minutt ut i andre omgang. Håkon Kjørvik var for seint ute med ei takling på Jan Roger Angvik. Synd, sidan ballen uansett var på veg over dødlinja.

Varfjell, utan offensiv slagkraft i Kanishi og Stavem, kom litt meir med utover i andre omgang og utlikninga kom på vakkert vis etter ein drøy time. Knut Stian Eik gjorde forarbeidet før Juan Rikard Larsen curla ballen i krysset. Dessverre tok heimelaget føringa att på ei heading som var på veg utanfor før ballen traff en KFK-spelar og gjekk i mål. Det vart ropt på offside, men det er muleg Male var innanfor. Offside vart det seinare i kampen då Angvik snappa ballen frå Svein Erik Lange Male og sette ballen i mål. KFK hadde klart flest sjansar og vann fortent.

Debut for unge Eirik Chrispim Tomren og Mustafa Ibrahim Chaaban. Begge bidrog til å sette fart på eit Varfjell- angrep som etter kvart greide å utfordre det rutinerte KFK-forsvaret. Chaaban vart matchvinnar for andrelaget som slo Bjørset 1-0 borte torsdag.

Neste kamp er mot topplaget Eide heime fredag.

Kampfakta:
Kristiansuind FK - Vestnes Varfjell 2-1 (0-0)

1-0 Espen Gjerde (53), straffespark

1-1 Juan Rikard Larsen (68)

2-1 Ali Hamondi (77)

Laget: Bergslid; Kjørvik, Male, S Nerheim, M Nerheim (Chaaban 70.)- Larsen, Lervik (Tomren 54.) Stokkeland, Skare, Ellingseter - Eik

50 tilskuarar på Kristiansund stadion (Gressbanen), 8 frå Vestnes

Dommar: Hans Georg Snevik, Bøfjord

Gult kort: Jan Roger Angvik  Angvik, KFK (85), Vegarad Ellingseter (90) og Håkon Kjørvik (90), Vestnes Varfjell

Sjå bilde på Twitter: http://twitter.com/vestnesvarfjell

Add a comment
 
Avgjorde etter nytt overtidsdrama
fredag 16. august 2019 20:11

Vestnes Varfjell såg ut til å gå på eit surt poengtap heime mot Midsund fredag kveld, men igjen vart eit frispark på overtid avgjerande. På stillinga 1-1 dømte dommaren indirekte frispark innanfor 16-meteren etter at Mdsund-målvakta heldt ballen i hendene altfor lenge. Med i vurderinga var nok også at keeperen hadde drøyd tid i mange situasjonar på rad like før, han vart også belønna med gult kort. Amund Stavem steppa opp og prikka inn 2-1. Like etter sendte Midsuind alle - inkludert keeper - fram for å prøve å få til ei utlikning. Knut Stian Eik oppfatta dette og sendte i veg eit langskot frå 70 meter som trilla inn i det tomme buret. Midsund tok leiinga 1-0 etter to minutt etter eit skot i nettaket frå kloss hald. Det var det ikkje mange som fekk med seg då kampen vart sett i gang ti minutt for tidleg. Ein uting me har opplevd litt for ofte. Kanskje var det Jugendfest Midsund skulle rekke, nokre spelarar var alt dratt dit. Ferja 21.10 rekk alle bortelag med kampstart 19.  Uansett var ikkje Varfjell med frå start, men kampbildet snudde raskt.  Knut Stian Eik utlikna åtte minutt før pause då han fekk stå aleine framom mål etter forarbeid av Tommy Kanishi. Det var litt tvil om ballen var inne, men ein årvaken assistentdommar markerte for skåring. Varfjell hadde presset i store delar av kampen, men måtte altså vente til overtida før seieren vart sikra også denne gongen.

Midsund, som har imponert ikkje minst på bortebane i år under trenar Erik Brakstad, la seg bakpå og satsa på kontringar. Dei tetta godt att, men Varfjell hadde mange sjansar også før dei avgjerande skåringane. På stillinga 0-1 var kaptein Tommy Kanishi eit stadig uromoment. Han serverte først til Eik som skaut utanfor via eit Midsund-bein, så skaut han sjlølv over frå god posisjon. Ein kombinasjon frå Eik og Kanishi endte hos Magnus Nerheim etter 20 minutt, men det vart berre nesten. Kanishi ufordra igjen Midsund-keeperen med eit skot. Håkon Kjørvik var nære 2-1 då han heada i tverrliggaren og Eik var nærme på returen. Så kom utlikninga ved same Eik. Omgangen vart avslutta med eit susande skot like over frå Stavem.

Presset heldt fram i andre omgang, men det gjekk lenge før dei store sjansane vart skapt. Rett nok hadde Eik ballen i mål to gongar, men då var det alt vinka for offside. Vegard Ellingseter lokka fram ei feberredning med sitt skot etter halvtimen før Vegar Skare heada over frå kloss hald. Så vart Magnus Nerheim lagt ned på veg igjennom. Det som såg ut som ei klar straffe med Varfjell-briller vart vinka vidare.

Karl Arne Stokkeland sesongdebuterte for ein skadd Kanishi rett etter pause og viste at han blir ei solid forsterking i haust. Neste kamp er borte mot Kristiansund FK som fredag slo Tomrefjord 4-1 på bortebane.

Kampfakta

0-1 (2) Ronald Tangen

1-1 (37) Knut Stian Eik

2-1 (90) Amund Stavem

3-1 (90 + 2) Knut Stian Eik

Dommar: Kurt Einar Ansnes, Kvass/ Ulvungen 
Gult kort: Midsund: Henning Arnestad (75), Gunnar Hofstad (90). Varfjell: Knut Stian Eik 91)

Laget: Bergslid; Kjørvik, Tangen, S Nerheim, Labø (Larse 88.) - Stavem, Elliingseter (Male 90.), Skare - M Nerheim, Kanishi (Stokkeland 55.), Eik

55 tilskuarar

Sjå video av det avgjerande frisparket i VarfjellTV

Sjå bildegalleri frå kampen her,

Add a comment
 
Avgjorde med siste spark på ballen!
fredag 09. august 2019 19:55

For ein start på haustsesongen! Det såg mørkt ut lenge, men ein ny solid sluttspurt sikra seieren borte mot Malmefjorden. Tommy Kanishi sendte Varfjell i føringa i en sjansefattig førsteomgang etter framspel frå Magnus Nerheim, men Malmefjorden utlikna på direkten. Målet var kontroversielt fordi Varfjell-stoppa opp på grunn av ein skade og signal frå dommaren om å spele ballen ut.

Heimelaget starta best i andre omgang og såg ut til å sikre seieren då dei gjekk opp i 2-1 etter at dei først hadde hatt ei avslutning like utanfor og var hindra av ei god redning Bergslid. Men Varfjell ville det annleis, og snudde alt på slutten då Malmefjorden var sluttkøyrd og låg strødd med krampe. Lekkert framspel frå Kanishi til Magnus Nerheim som lobba 2-2, før Kanishi vart felt på 16-meterstreken på overtid. Frisparket sette han sjølv forbi muren og i hjørnet til seier 3-2. Det vart også det siste som skjedde då dommaren bles av etter avsparket.

Magnus Nerheim og Kanishi var framtredande på eit bortelag som også har fått Sivert Nerheim som forsterking i midtforsvaret. Han er heime etter studiar i Bø. Derimot har Ole-Gunnar Kjærstad returnet til studiar i Trondheim. Amund Stavem var ikkje med fredag grunna jobb.

Sjå video av det avgerande målet i VarfjellTV her.

Kampfakta:

Malmefjorden – Vestnes Varfjell 2-3 (1-1)

4. divisjon Nordmøre/Romsdal, fredag 9. august 2019 kl 18.55

Malmefjorden stadion – 50 tilskuarar

Mål:

0-1 Tommy Kanishi Andreassen (12)

1-1 Thomas B. Røsok (13)

2-1 Thomas B. Røsok (69)

2-2 Magnus Nerheim (84)

2-3 Tommy Kanishi Andreassen (90+2)

Dommar: Hans Georg Snekvik, Bøfjord

Gult kort:

Laget: Fredrik Bergslid, Håkon Kjørvik, Svein Erik Lange Male, Sivert Nerheim, Adrian Liabø - Vegard Ellingseter (Knut Stian Eik 66.), Jonas Lervik (Vegar Skare 55.), Ørjan Tangen - Juan Larsen, Tommy Kanishi Andreassen, Magnus Nerheim

Add a comment
 
Vestnes Varfjell-jenter til Norway cup
fredag 12. juli 2019 16:13

Med 67 plussmål og full pott i den lokale serien er jentelaget 13 år til Vestnes Varfjell klare for Norway Cup. Forventningene er store. Les saka på Rbnett (+)

 

Add a comment
 
Nå blir det bedre lys i Parken
fredag 12. juli 2019 16:11

Les saka på Facebook:

Add a comment
 
« StartFørre12345678910NesteSiste »

Side 2 av 256

Generalsponsor

3_sbm_logo.jpg

Hovedsponsor

salmarlogo.jpg

Ny sponsor:

vikelektro-logo.png

Våre sponsorar

Nyeste kommentarer