Banner

Sesongmeny

Neste kamp
Bane: Vestnes Idrettspark tor., 10. feb. 2022 19:00
Vestnes Varfjell
Varfjell
--- Forhånds
Åndalsnes
ÅIF

Tabellen

4. divisjon Nordmøre/Romsdal 2022

# Team K Mål P
1 Dahle
1 Eide
1 KBK 2
1 KFK
1 Malmefj.
1 Midsund
1 Sunndal
1 Surnad.
1 Tomref
1 Træff2
1 Varfjell
1 ÅIF

varfjell.no spør

Korleis går det i sesongen?
 
Oppkøyring med treningshelg og mange treningskampar
onsdag 26. januar 2022 12:56

Vestnes Varfjell skal etter plana spele åtte treningskampar før alvoret startar i årets 4. divisjon. Laget skal på treningshelg til Trondheim 11.-13. mars, der det er avtalt treningskamp på vegen nordover mot KIL/Hemne i den nye Sodvinhallen. Hallen på Kyrksæterøra er den største i Norge i sitt slag. I tillegg er det meininga å spele ein kamp i Trondheim i løpet av helga, men her er ikkje motstandar klar enno, opplyser oppmann Frode Lien til varfjell.no. Første treningskamp blir heime mot Åndalsnes 10. februar, generalprøven blir borte mot SIF/Hessa 8. april. KIL/Hemne, som har fostra stjerner som Vegard Forren og Pål André Helland, blir eit heilt nytt bekjentskap. SIF/Hessa har me heller aldri møtt før, i alle fall ikkje i noverande form som ei samanslåing av Skarbøvik og Hessa. Elles blir det mykje treningsmotstand frå Sunnmøre som vanleg. Alle laga me skal møte i oppkøyringa spelar i 4. divisjon med unntak av Elnesvågen, som er mellom opprykksfavorittane i 5. divisjon. Det blir jobba med å få til ein kamp 4. mars på heimebane, men her er ikkje motstandar spikra enno. Slik ser oversikten over avtalte treningskampar ut:

10. februar: Åndalsnes (h)

24. februar: Elnesvågen (h)

4. mars: Motstandar ikkje klar (h)

11.-13. mars, treningshelg i Trondheim:

11. mars: KIL/Hemne (b)

12./13. mars: Motstandar ikkje klar (b)

24. mars: Blindheim (b)

30. mars: Norborg/Brattvåg 2 (h)

8. april: SIF/Hessa (b)

 

Add a comment
 
Treningsstart ute og nysignering på plass
måndag 17. januar 2022 20:39

Vestnes Varfjell starta treningane utandørs måndag kveld - endeleg utan koronarestriksjonar. 18 mann deltok under gode forhold i Vestnes idrettspark.  Frå frå før har laget mellom anna hatt ei styrketrening som du kan sjå film frå på Instagram.

 

I kveld kunne me også ønskje velkommen til ein nykommar i Adrian Kosinski, ein kantspelar på 21 år som starta karriera i Gossen IL. Han står med 30 A-kampar og to mål for Træff, i tilegg til mange kampar for 2.-laget i 5. divisjon der han rakk å skåre 12 mål på den halve sesongen som vart gjennomført i fjor.

 

Dessverre er det også to talentfulle, unge spelarar som har valt å halde fram karriera i andre klubbar. Midstoppar Cédrik Andreassen følgjer etter bror sin til Tomrefjord og dit går også den raske spissen Eirik Tomren. Dei to Connor-elevane starta karriera i gult, men har spelt heile ungdomstida si i mørkeblått. På adelskalenderen står dei med høvesvis 12 og 16 kampar. Me ønskjer lukke til og velkommen tilbake om det skulle bli aktuelt. Frå før har Daniel Gravdehaug (1 seriekamp), Tommy Kanishi Andreassen (249 kampar) og Knut Stian Eik (50 kampar) tatt turen over Furland.

 

Nedanfor kan du sjå fleire bilde frå treninga i kveld der som kjent Alexander Connor er tilbake som hovudtrenar. Alle foto: Frode Lien

Add a comment
 
Lokaloppgjer i serieopninga
laurdag 15. januar 2022 17:09

Fotballkretsen har sendt ut forslag til terminliste for 4. divisjon. Serien startar helga 22.-24. april. Slik ser seriestarten ut for Vestnes Varfjell:

Tomrefjord (b)

Åndalsnes (h)

KBK 2 (h)

KFK/CFK (b)

Træff 2 (h)

Siste serierunde er det bortekamp mot Midsund. Det blir terminlistemøte 9. februar der det kan komme endringar.

Add a comment
 
Connor: – Varfjell-mann av heile mitt hjarte
torsdag 13. januar 2022 12:32

Både Vestnesavisa og Bygdebladet har snakka med Alexander Connor etter at det no er klart at han er tilbake som hovedtrenar for Vestnes Varfjell i 4. divisjon.

Til begge aviser legg Connor vekt på at klubben skal halde fram det gode arbeidet med å utvikle unge spelarar. Om ambisjonar seier han til Bygdebladet at målet er at Vestnes Varfjell skal halde fram som eit etablert lag i 4. divisjon, og då gjerne på øvre halvdel av tabellen,

Connor har vore trenar for A-laget siden 2006 med unntak av sesongane 2015 og 2021. Til Vestnesavisa utelukkar han ikkje at det kan bli fleire sesongar: – Eg er Varfjell-mann av heile mitt hjarte, slår han fast. (Om nokon skulle vere i tvil :)

Romsdals Budstikke har også omtalt trenartilsetjinga, i ein oversikt over alle lokale klubbar i 4. divisjon i avisa sitt dekningsområde. Her går det fram at også Åndalsnes får ny trenar i Gintaras Budrikas, medan dei andre held fram med same hovudtrenar.

(NB: Alle artiklane krev abonnement)

Add a comment
 
Eks-trenar i ny jobb
torsdag 13. januar 2022 12:16

Ole Håkon Heen Lien vart ikkje arbeidsledig lenge. No er fjorårets trenar for A-laget og G16-laget i Vestnes Varfjell klar som ny juniortrenar i Træff. Træff har vunne G19-serien i kretsen dei siste to åra. Ifølgje Træff sine nettsider skal Heen Lien også vere assistenttrenar for nyopprykka Træff 2 i 4. divisjon. Me takkar for innsatsen i denne omgang, og ønskjer lukke til med nye utfordringar!

Add a comment
 
Alexander Connor tilbake som hovudtrenar!
torsdag 06. januar 2022 21:40

Vestnes Varfjell har fått ny trenar for A-laget til 2022-sesongen. Alexander Kenneth Connor tek over etter Ole Håkon Heen Lien som hadde ansvaret i fjor. 44-åringen hadde ei litt tilbaketrukke rolle sist sesong, men har aldri vore heilt borte frå A-laget til Vestnes Varfjell. Med Connor tilbake ved roret har Vestnes Varfjell den desidert mest erfarne trenaren i lokalfotballen på plass. Han har vore hovudtrenar for A-laget til Vestnes Varfjell alle sesongar sidan 2006, berre med ei litt anna rolle i 2015 då Knut Øyvind Hoem var hovuedtrenar og alstå i 2021. I tillegg har han samtidig vore trenar for aldersbestemte lag og for kretslag og Akerakademiet. Ein skade stoppa eit comeback på bana i fjor, men han har likevel rukke å spele 300 kampar for klubben i sitt hjerte.  (Foto: Frode Lien)

Add a comment
 
Her er årets spelarar
torsdag 06. januar 2022 21:25

Elling Olafsen gjorde reint bord då prisane for 2021-sesongen omsider vart delt ut torsdag. Heideren skjer normalt på årsfesten, men den vart som kjent korona-avlyst. Olafsen var frå før sikra toppskårartittelen etter sine åtte mål dei ni kampane han spelte. Prisen som årets spelar vart også hans etter at lagkamertatane stemte han fram.

 

Prisen til årets unge spelar gjekk til Owen Connor. Den unge keeperen gjorde sine saker godt i sin første sesong på A-laget. Denne prisen er det trenar og støtteapparat som står for.

 

Svein Erik Lange Male (204) og Magnus Nerheim (200) fekk statuettar etter at de passert 200 obligatoriske kampar i løpet av sesongen.

 

Varfjell.no gratulerer til alle!

Add a comment
 
Mange spelarar har signert nye kontrakter
torsdag 06. januar 2022 21:03

Koronarestriksjonane skaper framleis problem, men førebuingane for 2022-sesongen er godt i gang i Vestnes Varfjell. Torsdag var det klart for kontraktsignering, og her er nokre bilde av spelarar som har satt penn til papiret. Alle foto: Frode Lien

Add a comment
 
God jul til alle!
fredag 24. desember 2021 14:02

Vestnes Varfjell IL ønsker alle god jul! Les årets julebrev fra lederen her:

https://vvil.no/post/88

Add a comment
 
Oppdatert adelskalender: To mann over 200 i år
onsdag 22. desember 2021 16:13

Omsider er også adelskalenderen for Vestnes Varfjell ajourført med kampane for den halve 2021-sesongen. Mange spelarar rakk å notere både ti og elleve kampar i år, og det gir utslag på lista. Både Svein Erik Lange Male (204) og Magnus Nerheim (200) har no passert 200 kampar. For Magnus er det no berre seks sesongar og nokre cupkampar til han tar att faren Bjarne med sine 333 kampar på andreplass. Heilt i toppen tronar Ronny Leikarnes som har både flest kampar og mål med 385/325.

Spelarar som har valgt å spele for andre klubbar, lever naturlegvis farleg på lista. Elling Olafsen er no berre tre kampar unna å tangere Tommy Kanishi Andreassen som inntil vidare har 7.-plassen. Olafsen er med sine 246 kampar og 135 mål øverst på adelskalenderen av spelarar som er aktive for klubben i dag.

Vestnes Varfjel tel berre obligatoriske kampar. Treningskampar er altså ikkje med i denne oversikten

Takk til oppmann Frode Lien som har ført statistikken for i år og Geir Åge Sylte som har lagt tala inn i Excel.

 

HER KAN DU SJÅ HEILE ADELSKALENDEREN

 

Add a comment
Les meir…
 
Avlyst, avlyst, avlyst
onsdag 22. desember 2021 15:57

Dei nye koronarestriksjonane rammar igjen den organiserte idretten hardt. Alt før dei siste tiltaka bestemte styret i Vestnes Varfjell å avlyse julebordet/årsfesten. Her skulle også årets spelarar kårast og årets toppskårar få sin pris. Kjetil Rekdals juleturnering andre juledag blir det heller ikkje noko av, for andre år på rad. Me får håpe at tiltaka verkar og at 2022 blir eit betre år.

Add a comment
 
KRJT: Ferske skadinaviske mestere
tysdag 07. desember 2021 18:45
«Kent Fanclub» består av de ferske skandinaviske mesterne i MFK, og kommer med stor selvtillit 2. juledag. De stiller med følgende tropp:
Niklas Ødegård
Mathias Løvik
Leon Hovland
Filip Kristoffersen
Jesper Skuseth
Sivert Sandersen
Peder Hoel Lervik
Add a comment
 
KRJT: Dette er troppen til 5 idiota
måndag 06. desember 2021 20:53

2.juledag nærmer seg og vi vil begynne å presentere foreløpige kamptropper. Først ut er Raumalaget "5idiota++". De stiller følgende "idioter": Markus Moen Brudeseth, David Søvik Hovde, Rudi Talberg Samseth, Sander Nymo, Jonas Dahle Voldseth, Benjamin Sørli, Erlend Bale og Mats Våge. Et spennende lag som fort kan bite fra seg.

Add a comment
 
KRJT: Bare fire plasser ledig
fredag 26. november 2021 18:45

Brazil er lag nr 12 som er påmeldt. Det er kun fire ledige plasser igjen. Her er lagene samlet:

Brazil

Kent fanclub

Tottenham hotsperm

Long Beach

Bench boost

Ozonlaget

Scott-ish

Bestevennene IL

Tørst

5 idiota++

Toni Kvam

Lokomotiv Manilla

Add a comment
 
« StartFørre12345678910NesteSiste »

Side 1 av 262