Banner

Sesongmeny

Neste kamp
Bane: Vestnes Idrettspark fre., 07. okt. 2022 19:00
Vestnes Varfjell
Varfjell
--- Forhånds
Dahle
Dahle

Forrige kamp
Bane: Vestnes Idrettspark fre., 30. sep. 2022 19:00
Vestnes Varfjell
Varfjell
0-3 Referat
Sunndal
Sunndal

Tabellen

4. divisjon Nordmøre/Romsdal 2022

# Team K Mål P
1 KBK 2 19 62 47
2 Surnad. 19 19 42
3 Tomref 19 7 35
4 Dahle 19 19 32
5 Sunndal 18 15 32
6 Eide 19 -3 30
7 Træff2 19 8 26
8 Varfjell 19 -3 20
9 Malmefj. 19 -38 18
10 ÅIF 19 -8 17
11 Midsund 19 -35 14
12 KFK 18 -43 8

varfjell.no spør

Korleis går det i sesongen?
 
Hoppande glade for tre poeng i regnværet PDF Skriv ut E-post
fredag 16. september 2022 19:15

 

(Vestnes Varfjell - Malmefjorden 2-1)  Mål av Adrian Kosinski og Oliver Connor Søreng sikra tre viktige poeng då Malmefjorden gjesta Vestnes idrettspark fredag kveld.

 

SJÅ BILDEGALLERI FRÅ KAMPEN HER

 

VARFJELLTV: SJÅ HEILE KAMPEN I OPPTAK

 

Kampen i Vestnes blir huska for eit forrykkande regnvær og dei to flotte skåringane av heimelaget. Det var ein kamp heimelaget burde ha avgjort med fleire skåringar før pause, men der det var spenning heilt til overtidsminutta var unnagjort.

 

Ni minutt var spelt då Adrian Kosinski var spelt igjennom av Knut Stian Eik.  Han sette fart og avslutta med eit skot i lengste hjørne. Ei varemerkeskåring av kantspelaren som vart tiljubla med eit "kung fu-spark" frå Håvard Haugli Nybråten som minte om det Erlign Braut Haaland varta opp med nyleg.

Heimelaget skapte fleire store sjansar no. Magnus Nerheim heada over frå god posisjon, medan både Elling Olafsen og Tor-Bjarne Løvik Salte var farleg frampå, men vart nekta skåring av gjestanes gode målvakt.

 

I staden for 2-0 fekk gjestane servert ei gavepakke etter 24 minutt. Varfjell-forsvaret nølte med å klarere og ein kvitkledd takka for tilbodet og sette inn 1-1 frå kloss hald.

 

Halvtimen var spelt då Vestnes Varfjell fekk frispark frå 25 meter. Lagets eigen frisparkspesialist Oliver Connor Søreng tok det og sette ballen like godt rett opp i kysset. Heimelaget var igjen i føringa, og det kunne blitt meir då keeper først redda forsøket frå Adrian Kosinski før Elling Olafsen heada returen i tverrliggaren.

 

Gjestane kom sterkare i starten av andre omgang, men etter kvart la dei seg lavt igjen og satsa på å utnytte feil frå heimelaget. Det var fare på ferde eit par gongar, men avslutningane gjekk utanfor eller over.

 

I andre enden prøvde Vestnes Varfjell å tråkle seg igjennom. Knut Stian Eik var på skothald etter 12 minutt, men traff berre nettveggen etter at Konski fekk sitt forsøk blokkert først.  Ikkje lenge etter: Adrian Kosinski vart stoppa av ei god redning, medan Håvard Haugli Nybråten skaut utanfor.

 

Fem minutt før slutt avslutta Elling Olafsen eit fint angrep med skot over. Toppskåraren trudde så at han hadde skåra etter 89 minutt etter innlegg frå Lars-Helge Lien, men vart avvinka for ein hårfin offside.

 

Kampen hardna litt til mot slutten, og det vart delt ut fleire gule kort. Det vart lagt til 5-6 minutt, men frustrerte malmefjordingar greide ikkje å skape fleire sjansar. Dermed kunne heimelaget juble for tre velfortente poeng og luke til botnstriden.

Neste kamp er borte mot Eide.

 

KAMPFAKTA

Vestnes Varfjell - Malmefjorden 2-1 (2-1)

4. divisjon Nordmøre/Romsdal, fredag 16. september 2022 kl 19

Vestnes idrettspark, 60 tilskuarar

Mål:

1-0 (9) Adrian Kosinski

1-1 (23)

2-1 (29) Oliver Connor Søreng

Dommar: Terje Sorthe, Hjelset-Kleive,

Gult kort: Larsen og Kosinski, 1 til MIL

Vestnes Varfjell (4-3-3): Owen Connor: Juan Richard Larsen, Ørjan Tangen (k), Svein Erik Lange Male, Magnus Nerheim (Lars-Helge Lien 77) - Tor-Bjarne Løvik Salte, Elling Olafsen, Oliver Connor Søreng - Håvard Haugli Nybråten, Knut Stian Eik (Vegar Skare 59), Adrian Kosinski

Sist oppdatert fredag 16. september 2022 23:23