Banner

Sesongmeny

Neste kamp
Bane: Vestnes Idrettspark fre., 07. okt. 2022 19:00
Vestnes Varfjell
Varfjell
--- Forhånds
Dahle
Dahle

Forrige kamp
Bane: Vestnes Idrettspark fre., 30. sep. 2022 19:00
Vestnes Varfjell
Varfjell
0-3 Referat
Sunndal
Sunndal

Tabellen

4. divisjon Nordmøre/Romsdal 2022

# Team K Mål P
1 KBK 2 19 62 47
2 Surnad. 19 19 42
3 Tomref 19 7 35
4 Dahle 19 19 32
5 Sunndal 18 15 32
6 Eide 19 -3 30
7 Træff2 19 8 26
8 Varfjell 19 -3 20
9 Malmefj. 19 -38 18
10 ÅIF 19 -8 17
11 Midsund 19 -35 14
12 KFK 18 -43 8

varfjell.no spør

Korleis går det i sesongen?
 
Lyset gjekk då Forren & Co tok alle poenga PDF Skriv ut E-post
tysdag 13. september 2022 18:54

 

(Træff 2 - Vestnes Varfjell 2-1) Vestnes Varfjell vart utan poeng då laget møtte Træff 2 borte tirsdag i ein kamp som blir huska for at lyset gjekk femi minutt før slutt. Då leia Træff 2 alt 2-1.  Langt inn i overtida hadde Ellin Olafsen ein kjempesjanse til å utlikne, men ballen trilla like utanfor. Håvard Haugli Nybråten utlikna til 1-1 tidlegare i omgangen. Owen Connor redda i tillegg eit straffespark.

 

VARFJELLTV: SJÅ KAMPEN I OPPTAK

 

Vestnes Varfjell møtte Træff 2 på bortebane regnværet seint tirsdag kveld. Berre målforskjellen skilte laga før kampen. Træff, med Vegard Forren på stopparplass, var best før pause. Dei store sjansane var likevel ikkje skapt på Reknesbanen. Vestnes Varfjell hadde eit par skotforsøk ved Oliver Connor Søreng og Amund Stavem tidleg. Laget viste også litt tendensar inn mot pause, men dei siste trekka sat ikkje heilt. Mållaust ved halv tid.

 

Andre omgang var berre tre minutt gammal då Træff 2 gjekk opp i leiinga. Laget rulla opp eit angrep langs høgresida som vart avslutta med innlegg framom mål der 1-0 vart sett inn fra kloss hald av Nikolai Viken Tornes. Like etter hadde Varfjell sjansen på ein corner, men avslutininga frå Håvard Haugli Nybråten gjekk langt over mål. Kvarteret av omgangen var spelt då Adrian Kosinski var på farta, men skotet gjekk like utanfor.

 

I staden for utlikning fekk Træff 2 straffespark, til store protestar. Ørjan Tangen meinte han tok ballen, men dommar var ikkje til å rokke sjølv etter ein prat med sin assistent. Owen Connor slengte seg til rett side og redda sparket frå Dino Okanovic, den bonsiaren med landskampar som nyleg kom til Træff frå Molde 2.

 

No gjekk ballen endeleg vegen for gjestane og like etter fann Lars-Helge Lien den tidlegare Træff-spelaren Håvard Haugli Nybråten framom mål. Vestfoldingen runda keeper og sette inn 1-1.

 

Kampen opna seg meir opp no, med to lag som våga meir.  69 minutt var spelt då Træffs Martin Olimb kom fri på venstresida, og igjen var ein kvitkledd først på ballen framom mål og Okanovic gjorde opp for straffemissen då han sette inn 2-1.

 

Så nøyaktig klokka 22 gjekk lyset på Reknesbanen, truleg fordi det blir slått av automatisk då. Då var det enno fem minutt att å spele og laga fekk seg ein ufrivillig pause på fem minutt. Kampstart var også utsett i ti minutt fordi ein annan kamp måtte bli ferdig først.

 

Då kampen var igang att var innbyttar Elling Olafsen på farten, men skotet gjekk like utanfor stolpen. Der var laget nærme å få med seg eit poeng. Varfjell pressa på i dei overtidsminutta, men Træff-reservene rodde inn seieren. Vertane hadde også ein stor sjanse ved Olimb som skaut utanfor.

 

Neste kamp er fredag klokka 19 heime mot Malmefjorden

KAMPFAKTA

Træff 2 - Vestnes Varfjell (0-0)

4. divisjon Nordmøre/Romsdal

Tirsdag 13. september 2022 kl 20.20

Reknesbanen, 75 tilskuarar

Mål:

1-0 (49) Nikolai Viken Tornes

1-1 (65) Håvard Haugli Nybråten

2-1 (70) Dino Okanovic

Dommar: Adrian Bratli, Molde FK

Gult kort: 1 til Træff 2

Vestnes Varfjell (4-3-3): Owen Connor: Juan Richard Larsen (Elling Olafsen 75.), Svein Erik Lange Male, Ørjan Tangen (k), Lars-Helge Lien - Amund Stavem, Oliver Connor Søreng, Tor-Bjarne Løvik Salte - Håvard Haugli Nybråten, Knut Stian Eik , Adrian Kosinski

Sist oppdatert onsdag 14. september 2022 13:31