Banner

Sesongmeny

Neste kamp
Bane: Vestnes Idrettspark fre., 07. okt. 2022 19:00
Vestnes Varfjell
Varfjell
--- Forhånds
Dahle
Dahle

Forrige kamp
Bane: Vestnes Idrettspark fre., 30. sep. 2022 19:00
Vestnes Varfjell
Varfjell
0-3 Referat
Sunndal
Sunndal

Tabellen

4. divisjon Nordmøre/Romsdal 2022

# Team K Mål P
1 KBK 2 19 62 47
2 Surnad. 19 19 42
3 Tomref 19 7 35
4 Dahle 19 19 32
5 Sunndal 18 15 32
6 Eide 19 -3 30
7 Træff2 19 8 26
8 Varfjell 19 -3 20
9 Malmefj. 19 -38 18
10 ÅIF 19 -8 17
11 Midsund 19 -35 14
12 KFK 18 -43 8

varfjell.no spør

Korleis går det i sesongen?
 
Snudde etter rekordtidlig baklengs PDF Skriv ut E-post
fredag 02. september 2022 19:20

Gjestane KFK/CFK skåra med eit skot i krysset alt etter åtte sekund, men Vestnes Varfjell kom tilbake og sikra tre viktige poeng på heimebane fredag kveld. Håvard Haugli Nybråten utlikna like før pause. I andre omgang skåra Elling Olafsen to gongar, i tillegg til eit sjølmål frå gjestane. Heimelaget hadde i tillegg fire avslutningar i stengene.

 

SJÅ BILDEGALLERI HER

 

KAMPEN VART SENDT DIREKTE PÅ RBNETT/TK OG KAN SJÅAST I OPPTAK HER (KREV ABONNEMENT)

 

Heimelaget, som starta i ein uvant formasjon med tre mann bak, verka litt sjokka av opninga. Likevel tok laget gradvis over og sjansane kom. Knut Stian Eik skaut like utanfor etter fire minutt, før gjestane frå Kristiansund berre var ei tå unna 2-0. Så var Elling Olafsen igjennom, men hårfint offside - skotet gjekk uansett over. Så kom Eik så nærme som det er råd då ballen trefte innsida av stolperota etter eit kvarter. Så runda Tor-Bjarne Løvik Salte keeper etter ein halvtime, men fekk ikkje avslutta skikkeleg. Eik hadde sin tredje store sjanse då han vart spelt igjennom, men vart hindra og ballen fauk over. Utlikinga kom likevel rett før halv tid då Elling Olafsen flikka ballen igjennom Håvard Haugli Nybråten som sette ballen forbi keeper.

 

Etter pause la Vestnes Varfjell om til sin meir vante 4-3-3. Omgangen starta med at Håvard Haugli Nybråten fekk sjansen til å sende heimelaget i føringa då han strekte fram foten og fekk avslutta mot ope mål forbi ein utrusande keeper, men ballen trilla i stolpen. Så var det Magnus Nerheim sin tur til å treffe aluminiumen då han brente til i tverrliggaren etter ein corner.

 

Timen var spelt då målkongen Elling Olafsen syntes det fekk vere nok brente sjansar. Frå langt hald mottok han ballen frå Tor-Bjarne Løvik Salte og curla den i lengste kryss til 2-1. Då var det spelt ein time den nydelege seinsommarkvelden i Vestnes idrettspark. Olafsen auka like godt til 3-1 fem minutt seinare då han krangla inn eit innlegg frå Nybråten.

 

Så var Adrian Kosinski på farta, men også han trefte stolpen, via eit keeper-bein. Det same beinet hindra skåring for Oliver Connor Søreng då han kom aleine med keeper. 4-1 kom kvarteret før slutt på ein corner som ein KFK-forsvarar beina mot mål og der keeper ikkje greide å få ballen unna.

 

Dermed var tre poeng sikra og laget avanserte ein plass på tabellen. Neste kamp er borte mot Træff 2 som no ligg likt før dei spelar seinare i helga.

 

KAMPFAKTA

Vestnes Varfjell  KFK/CFK 4-1 (1-1)

4. divisjin Nordmøre/Romsdal, fredag 2. september 2022 kl 19

Vestnes idrettspark, 105 tilskuarar

Mål:

0-1 (1) Teodor Lien

1-1 (42) Håvard Haugli Nybråten

2-1 (60) Elling Olafsen

3-1 (66) Elling Olafsen

4-1 (76) sjølmål (Teodor Kazis Stene)

Dommar: Henning Sunde, Molde FK

Gult kort: Magnus Nerheim, tre til KFK/CFK

Vestnes Varfjell (3-4-3) Owen Connor: Vegar Skare, Svein Erik Lange Male, Mangnus Nerheiim (Håkon Kjørvik 72.)- Tor-Bjarne Løvik Salte (Dag Christian Maier 82.), Amund Stavem, Oliver Connor Søreng (Arjan Sylte 85.), Elling Olafsen - Håvard Haugli Nybråten, Knut Stian Eik (Juan Richard Larsen 46.), Adrian Kosinski

Sist oppdatert søndag 04. september 2022 16:48