Banner

Sesongmeny

Neste kamp
Bane: Vestnes Idrettspark fre., 07. okt. 2022 19:00
Vestnes Varfjell
Varfjell
--- Forhånds
Dahle
Dahle

Forrige kamp
Bane: Vestnes Idrettspark fre., 30. sep. 2022 19:00
Vestnes Varfjell
Varfjell
0-3 Referat
Sunndal
Sunndal

Tabellen

4. divisjon Nordmøre/Romsdal 2022

# Team K Mål P
1 KBK 2 19 62 47
2 Surnad. 19 19 42
3 Tomref 19 7 35
4 Dahle 19 19 32
5 Sunndal 18 15 32
6 Eide 19 -3 30
7 Træff2 19 8 26
8 Varfjell 19 -3 20
9 Malmefj. 19 -38 18
10 ÅIF 19 -8 17
11 Midsund 19 -35 14
12 KFK 18 -43 8

varfjell.no spør

Korleis går det i sesongen?
 
Forsvarte seg godt, men tapte mot topplaget PDF Skriv ut E-post
fredag 26. august 2022 20:18

(Kristiansund BK 2 - Vestnes Varfjell 3-0) Vestnes Varfjell gjennomførte ein god bortekamp mot topplaget i divisjonen, men måtte returnere tomhendt frå Kristiansund stadion.

 

Lenge såg det ut til at ei kontroversielt skåring tidleg i kampen skulle bli det einaste. Fire minutt var spelt då KBK-reservene fekk corner. I tumultane vart Vestnes Varfjell-målvakt Owen Connor liggande nede med skade. Dommaren let vere å blåse, og ein KBK-seplar hadde gløymt det han hadde lært om fair play og sette ballen i det tommet målet frå om lag 20 meter. Store protestar frå Varfjell-benken møtte berre døve øyre. Vestnes Varfjell ropte også på det andre gule kortet til ein KBK-spelar då Tor Bjarne Løvik Salte vart meid ned midtvegs i omgangen, men det vart ikkje eingong belønna med frispark.

Gjestane hadde nok med å henge med i starten, men etter kvart roa det seg og laget kom på nokre sporadiske motangrep. Nærast utliking var Amund Stavem med eit langskot like over krysset. I andre enden hadde KBK fleire store sjansar, men ein god Owen Connor varta opp med fleire gode redningar. Ein god small ballen i tverrliggaren og like etter hamna ei avslutning via den same stolpen og ut. 1-0 ved halv tid.

 

KBK 2 stilte med fleire som aspirerer til ein plass på A-laget, og med trenar Christian Michelsen på tribuna var det nok fleire som ville vise seg fram. Om dette gjekk ut over det kollektive er ikkje godt å seie, men i alle fall sleit heimelaget meir og meir med  å få spelet til å gli. Eit og anne skremmeskot kom det rett nok, men verkeleg farleg var det sjeldan i første del av andre omgang. Så lenge det berre sto 1-0 steig håpet om at det skulle vere mogleg å rane med seg noko frå denne kampen.

 

Ein stor sjanse kom på eit frispark inn  i feltet frå Amund Sravem. Svein Erik Lange Male heada ned mot keeper som gav retur, men Knut Stian Eik (?) fekk akkurat ikkje tåa på ballen før keeper fekk kontroll.

 

Owen Connor slengte seg så lang han var og hindra mål etter 65 minutt, men kvarteret før slutt sto det 2-0. Ballen vart lobba inn i feltet og ein KBK-spelar kunne sette ballen i mål forbi ei utrusande keeper.

Vestnes Varfjell gav ikkje heilt opp og anført av ein kreativ og drivande god Amund Stavem kom laget på stadig fleire besøk på KBKs banehalvdel. Elling Olafsen og Knut Stian Eik hadde kvart sitt skot utanfor dei to stolpane.

 

Tre minutt overtd greide KBK 2 å krangle ballen i mål etter ein corner slik at tapet vart eit mål større enn nødvendig.

 

KBK 2 har no uttalt at målet er opprykk til 3. divisjon med andrelaget. Det har resultert i styrka lagoppstilling og nokre store seierar i det siste. I kveld stilte laget ifølge Tidens Krav (krev abonnement) med David Agbo, Henrik Gjesdal, Isaac Annan og Oskar Siira Sivertsen fra A-stallen i tillegg til Heine Gikling Bruseth som har returnert frå utlån til Levanger.

 

Neste kamp for Vestnes Varfjell er heime mot KFK/CFK.

 

KAMPFAKTA:

Kristiansund BK 2. lag - Vestnes Varfjell 3-0 (1-0)

Seriekamp, 4. divisjon Nordmøre/Romsdal, fredag 26. august 2022 kl 18.45

Kristiansund stadion, 75 tilskuarar

Mål:

1-0 (5) Brede Børset Andersen

2-0 (77) Leander Næss Alvheim

3-0 (90 + 2) Andreas Bakeng-Rogne

Dommar: Oliver Bjørsnøs Bakke, Elnesvågen. Assistentdommarar: Henning Sunde, MFK og Trym Haugen Enaasen, Dahle

Gult kort: David Agbo (37), Isak Hagen Aalberg (92), KBK 2

Vestnes Varfjell (4-3-3): Owen Connonr: Juan Richard Larsen (Dag Christian Maier 84.), Håkon Kjørvik, Ørjan Tangen (k) (Vegar Skare 90.), Svein Erik Lange Male - Tor-Bjarne Løvik Salte (Elling Olafsen 54.), Vegar Skare (Magnus Nerheim 54.), Amund Stavem (Arjan Sylte 88.) - Håvard Haugli Nybråten, Knut Stian Eik (Ole Ragnar Forsland 84.)

Sist oppdatert fredag 26. august 2022 21:46