Banner

Sesongmeny

Neste kamp
Bane: Vestnes Idrettspark fre., 07. okt. 2022 19:00
Vestnes Varfjell
Varfjell
--- Forhånds
Dahle
Dahle

Forrige kamp
Bane: Vestnes Idrettspark fre., 30. sep. 2022 19:00
Vestnes Varfjell
Varfjell
0-3 Referat
Sunndal
Sunndal

Tabellen

4. divisjon Nordmøre/Romsdal 2022

# Team K Mål P
1 KBK 2 19 62 47
2 Surnad. 19 19 42
3 Tomref 19 7 35
4 Dahle 19 19 32
5 Sunndal 18 15 32
6 Eide 19 -3 30
7 Træff2 19 8 26
8 Varfjell 19 -3 20
9 Malmefj. 19 -38 18
10 ÅIF 19 -8 17
11 Midsund 19 -35 14
12 KFK 18 -43 8

varfjell.no spør

Korleis går det i sesongen?
 
Sterk borteseier for effektive Varfjell PDF Skriv ut E-post
fredag 19. august 2022 20:37

(Åndalsnes - Vestnes Varfjell 0-3) Vestnes Varfjell tok tre sterke og viktige bortepoeng då laget slo tabellnabo Åndalsnes 3-0 i lokalderbyet fredag kveld. Svein Erik Lange Male sendte i leiing på ein presis corner frå Oliver Connor Søreng tidleg i kampen. Midtstopparkollega Ørjan Tangen stussheada ballen ned til Male som flikka ballen over streken. Heimelaget hadde då hatt eit tidleg forsøk som keeper Owen Connor redda til corner. Kampen bølga fram og tilbake, men vertane hadde eit lite overtak i sjansestatistikken. Ein god Owen Connor i Varfjell-målet varta opp med fleire praktredningar, først eit skot like ved stolpen rett etter 0-1 og såein beinparade då ein ÅIF-spelar kom aleine like før pause. I andre enden var Lange Male nærme si andre skåring for kvelden, men hodestøtet gjekk like utanfor. 0-1 ved halv tid.

KAMPEN VART SENDT DIREKTE PÅ ÅNDALSNES AVIS OG ROMSDALS BUDSTIKKE OG KAN SJÅAST I OPPTAK HER (må ha abonnement)

Kampbildet var litt det same etter pause. Heimelaget prøvde febrilsk å komme à jour, men Varfjell-forsvaret spelte klokt og godt og det vart sjeldan veldig farleg. Der vertane sleit med å finne opningar, var gjestane flinkare. Innbyttar Elling Olafsen sette an tonen med ein gong han entra bana, og ein stikkar til Adrian Kosinski kunne gitt 0-2, men avslutninga gjekk like utanfor. Like etterpå var Håvard Nybråten på skothald etter nytt presist framspel frå Olafsen, men ballen fauk over.

 

Det var likevel eit skremmeskot for kva som skulle komme. Nybråten spelte fram Olafsen som skaut kontant i mål til 0-2 kvarteret før slutt. Sju minutt etter var rollene bytta om, men avslutninga frå Nybråten trilla utanfor. 0-3 skulle likevel komme fem minutt før slutt. Amund Stavem gjekk på eit raid, fann Nybråten som sendte ballen inn framom mål der keeper måtte gje retur. Dermed kunne innbyttar Magnus Nerheim sette ballen i ope mål til høglytt jubel frå Varfjell-benken.

 

Dette var ein skikkeleg lagseier som smakte og som var viktig for å halde laget unna den verste botnstriden.

 

-- Det var ein seier som smakte veldig godt og som var utruleg viktig. Det er ikkje ofte eg har vore med å vunne på Øran, korkje som trenar eller spelar, seier Vestnes Varfjell-trenar Alexander Connor.

Han trur dette skal vere starten på ein god haustsesong.

-- Eg synes me har fått dårleg betalt poengmessig til no i sesongen. I dag er første gong me er skikkeleg effektive. Når me får til overgangane, er det få lag som greier å henge med. Det var ingen stor kamp, men den viste også at toppnivået vårt er høgt. Me har matchvinnarar i alle ledd, frå keeper til spissane, seier Connor.

 

Dette var første borteseier mot Åndalsnes sidan 2-1-seieren i 2013, ein kamp som blir huska for Tore Akselsen si seine avgjerande skåring, men der han dessverre også skada seg så alvorleg at resten av karriera vart øydelagt.

Neste kamp er borte mot KBK 2 som laurdag vann heile 10-0 borte mot Tomrefjord.

Fleire bilde på Twitter.

 

KAMPFAKTA:

Åndalsnes - Vestnes Varfjell 0-3 (0-1)

4. divisjon Nordmøre/Romsdal, fredag 19. august 2022 kl 19

Øran stadion, 100 tilskuarar (ca 10 bortesupporterar)

Mål:

0-1 (11) Svein Erik Lange Male

0-2 (74) Elling Olafsen

0-3 (85) Magnus Nerheim

Dommar: Martin Sørensen Kristiansen, Nordlandet

Gult kort: Amund Stavem (50), Vestnes Varfjell; Emil Nyheim (44), Ronalds Dutra Paiva (78), Magnus Østigård (90), ÅIF

Vestnes Varfjell (4-3-3): Owen Connor: Juan Richard Larsen (Dag Christian Maier 87.), Ørjan Tangen (k), Svein Erik Lange Male (Håkon Kjørvik 87.), Lars-Helge Lien - Amund Stavem, Oliver Connor Søreng (Vegar Skare 62.), Tor-Bjarne Løvik Salte - Håvard Haugli Nybråten, Knut Stian Eik (Elling Olafsen 62.), Adrian Kosinski (Magnus Nerheim 80.)

Sist oppdatert søndag 21. august 2022 13:11