Møter Dahle borte torsdag - sjå den her |
![]() |
![]() |
![]() |
Skrive av administrator | |||
onsdag 15. juni 2022 19:21 | |||
Vestnes Varfjell tjuvstartar serierunde 9 i 4. divisjon med bortekamp mot Dahle torsdag klokka 19.45. Dette er ein kamp som eigentleg skulle vore spelt på Vestnes fredag, men som Vestnes Varfjell ville flytte til torsdag fordi Connor reiser til Skottland på gravferd. For å få til torsdagskamp vart klubbane samde om at kampen skulle spelast i Kristiansund. Dermed blir det i staden heimekamp mot Dahle til hausten.  Flyttinga gjer at det heller ikkje blir noko av den planlagte sendinga frå Rbnett/TK, men fortvil ikkje: Asbjørn Vik er på plass og sender kampen direkte her.
|
|||
Sist oppdatert torsdag 16. juni 2022 19:20 |